Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gunnar S. Gundersen - verdskjent kunstnar



Kunstnaren Gunnar S. Gundersen (1922-1983) kom til Høyanger som 6-åring og voks opp her. Han vert rekna som ein av dei viktigaste av dei non-figurative kunstnarane i Noreg.

Eit typisk Gunnar S. Gundersen-bilete. Det er det non-figurative akrylmåleriet han i ettertid best vert hugsa for. Dette biletet er frå 1974, og har tittelen "Komposisjon". Kanskje er det fjella og fjorden i Høyanger som er motivet?

Eit typisk Gunnar S. Gundersen-bilete. Det er det non-figurative akrylmåleriet han i ettertid best vert hugsa for. Dette biletet er frå 1974, og har tittelen "Komposisjon". Kanskje er det fjella og fjorden i Høyanger som er motivet?

Eigar: I Johansen, Jahn Otto: Gunnar S. Oslo. 1982.

Datering: 1974.

Fin barndom

Gunnar S. Gundersen kom til Høyanger frå Førde i Sunnfjord der han var fødd i 1922. Barndomsåra i industristaden var, i følgje han sjølv, prega av glad leik, friluftsliv og rampestrekar av ulikt slag. Mellom anna hadde han ein annan kjend høyangring som førebilete, balansekunstnaren Tell Teigen. Det kunne visstnok gå hardt føre seg når Gunnar S. og kameratane skulle ta etter Teigen sine kunstar!

Jobb på NACO

Gunnar S. Gundersen si interesse for teikning og måling kom tidleg fram. Han melde seg inn på ein korrespondanseskule for teikning alt i 11-12-årsalderen. Etter middelskulen jobba han ei stund hos fargehandlaren i Høyanger, før han, som dei fleste andre på staden, fekk jobb på NACO. I desse ungdomsåra vart han mykje brukt som illustratør og teiknar til ulike arbeid i lokalmiljøet. Han var heller aldri i tvil om at det var kunstnar han ville bli.

Viktig kunstnar

I 1943 reiste Gunnar S. Gundersen til Oslo for å byrje på Kunst- og Handverksskulen. Han fortsette vidare på Statens Kunstakademi, og debuterte i 1947 på Statens Haustutstilling med måleri og grafikk. Alt tidleg på 50-talet markerte Gundersen seg som non-figurativ målar, ei kunstform som enno var ganske ny i Noreg. Han vart snart sett på som ein av dei viktigaste kunstnarane innafor denne sjangeren. Det var særleg måleriet, akrylfargen og silketrykket som vart materiala hans. I heile karriera held han seg dessutan konsekvent til den abstrakte kunsten. Han heldt ei rekke akvarellutstillingar. Her finn ein ofte uttrykt den gleda over naturen som han hadde hatt sidan barndomen i Høyanger.

Verdskjend

Gunnar S. Gundersen hadde ei rekkje separat-utstillingar i hovudstaden og deltok i ikkje mindre enn 25 kollektiv-utstillingar i Europa, Brasil og USA. Kunstnaren har også dekorert fleire bygningar kring i Noreg, og er representert mellom anna i Riksgalleriet, Henie Onstad-samlinga, Rolf Stenersens Samlinger og Nasjonalgalleriet. Han vart også førespurd om å lage ei utsmykking til Høyanger Samfunnshus. Han laga eit utkast, men fekk ikkje fullført på grunn av tiltakande sjukdom. Gunnar S. Gundersen døydde i Bærum 16. januar 1983, 61 år gamal.

kjelder:

Johansen, Jahn Otto: Gunnar S. Gundersen.Oslo, 1982.
Kopperud, Iris Helene: Katalog i samband med jubileumsutstilling i Høyanger kunstlag. Høyanger 1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR