Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Marifjøra bedehus



I Marifjøra står eit av dei eldste bedehusa i fylket. I over hundre år gjekk folk på bedehuset her, - på møte, misjonskveldar, basarar, juletrefestar og søndagsskule. I 2006 står huset ubrukt.

Bedehuset i Marifjøra 2006 sett frå nordvest. Det går ikkje folk på bedehuset i Marifjøra lenger, men kvart år bur bur det småfuglar i fugleburet oppe til høgre ved glaset.

Bedehuset i Marifjøra 2006 sett frå nordvest. Det går ikkje folk på bedehuset i Marifjøra lenger, men kvart år bur bur det småfuglar i fugleburet oppe til høgre ved glaset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Marifjøra - eit bygdesentrum

Marifjøra var i mange år knutepunkt for Indre Hafslo, Gaupne og Jostedal. Per Marheim, fødd 1934 og busett i Marifjøra, reknar opp båtstoppestad (5 kaier), post, telefon, pensjonat og hotell, sju kolonialbutikkar, to smedar, skomakar, skreddar, fargeri, dokter, jordmor, dyrlege, kraftstasjon, mølle og sagbruk.

Marifjøra var ein typisk strandstad der husa stod tett. Bedehuset vart bygd i øvste kanten, oppå Bakken, tett attmed den gamle hovudvegen som gjekk opp bakkane forbi garden Marheim og vidare utover til Sogndal. I 2006 er Marifjøra heilt annleis. Mange av dei gamle husa er rivne og nye komne opp. Den største skilnaden er likevel at Marifjøra som pulserande stad for produksjon, handel og samferdsel er heilt borte.

2006: Ikkje i bruk

Marifjøra bedehus, som vart vigsla 12. oktober 1888, var mykje brukt i nærare hundre år. Men frå 1970-åra minka aktiviteten. Det hadde fleire årsaker. Ein grunn var at folketalet gjekk ned, ein annan at det like etter krigen vart bygt nytt bedehus meir sentralt på Lambhaug. Bedehusfolket kom fram til at det var betre å samla seg om eitt hus, i staden for to i same bygda. Siste gongen dei brukte bedehuset i Marifjøra, var år 2000. Då vart den tradisjonsrike 3.dagspåske-basaren halden.

Gamalt og nytt

Bedehuset står på ein låg grunnmur av gråstein forsterka med støyp. Sprekker i støypen fleire stader og avskaling, skuldast grunnen, "- berre leire", fortel Per Marheim, næraste nabo. Huset er kring 11 meter langt, 7 meter breitt og 3,5 m opp til taket. Det har liggjande bordkledning. På eine sida er taket tekt med tjørepapp, på den andre med bylgjeplater. I søraustre hjørne er huset påbygt.

I eine enden er huset innreidd med eitt rom i heile breidda. Det er Stova (storsalen). Det er firdelte dører inn til Vetlestova i den andre enden. Vetlestova vart noko mindre då påbygget kom, i 1970-åra (?), med toalett, kjøken og større inngang. Loftet er stort og romsleg, men har aldri vore brukt.

Inventar

Inventaret er også samansett av gamalt og nytt. Den opphavlege talarstolen står midt framfor veggen mellom to vindauga. Han har ei sekskanta form og står på seks føter. "Dei har saga av føtene", fortel Per Marheim. "Dei var høgare før, - ja, omtrent slik" - han viser med hendene, ca 20 cm. Veggene er pryda med krusifiks av nyare dato over talarstolen, innramma bilete av Jesus som står framfor døra og bankar på, og eit bilete av ei kvinne frå Marifjøra (sjå lenger nede).

I eine hjørne står eit harmonium med Melodiboken på noteplassen, i det andre eit bord på stålføter med fleire eksemplar av Sangbokenog ei eldre, dreia treskål. Dei opphavlege trebenkane har vorte skifta ut med røyrstolar, og den gamle etasjeomnen er bytta ut med ein nyare vedomn, i tillegg til elektriske panelomnar.

Eitt av dei eldste i fylket

Bedehuset i Marifjøra er eit av dei eldste i fylket. Den eldste møteboka «fortel» at det var Ragnhild Marheim (biletet på veggen) som midt i 1880-åra målbar tanken om å byggja bedehus. Fleire slutta opp, både i Marifjøra og på andre stader på Indre Hafslo.

Dei valde ei nemnd til å stå føre byggjinga og til å samla inn pengar. Johs. E. Fet, Johannes E. Joranger, Erik E. Sviggum og Erik B. Lunde var med i nemnda. Ragnhild Marheim gav 1000 kroner til eit byggjefond.

Vigsla 1888

Johannes Marheim gav tomt. Bygslebrevet vart datert 18. februar 1887. Hausten same året sende byggjenemnda ut eit skriv til bygdefolket der dei bad om gåver. Nemnda slutta avtale med byggmeister Anders O. Korsvoll frå Gulen og murar Lars Haugen frå Gaupne. Huset stod ferdig i 1888 og vart vigsla 12. okotober same året av soknepresten i Hafslo, N. Chr. Brøgger.

Bedehuset var mykje brukt

Knut Rygg (90) frå Sogndal kom til Joranger i 1948. Han var i mange år mykje med i kyrkje og bedehus, såleis klokkar i Joranger kyrkje i 26 år. Knut fortel (oktober 2006) om verksemda på bedehuset. Det var møte med tilreisande emissærar, ofte to, ein eldre og ein yngre. Elles hadde dei bønemøte og det var søndagsskule.

Årviss basar

Tredjedags påske var som ein halv helgedag. Då hadde dei den årvisseTreadagsbasaren. Heile bygda møtte opp. Dampbåten var som regel oppom i 2-3 tida. Mange gjekk først på kaien, deretter på basaren. Det var kaffi å få kjøpt, og folk tok lodd. Dei hadde større gevinstar, ofte eit lam, - i eigne basarbøker -, elles var det åresal. Inntekta vart delt på fleire misjonsorganisasjonar.

Søndagsskule

I 1890 byrja Johannes Teigen og Olav Grindhaug å halda søndagsskule. Det er uvisst kor lenge dei heldt på, og det kan sjå ut til at søndagsskulen periodevis låg nede. Først på 1950-talet byrja Aslaug Marheim med søndagsskule. Ho fekk med seg Knut Rygg. Dei heldt søndagsskule i mange år. I 1973 tok Maria Rygg og Henny Marheim over. Det var godt frammøte i mange år, og dei heldt på til fram mot år 2000.

Bedehuskjelen fekk hard medfart

Det hende folk lånte utstyr frå bedehuset til gravferder og andre større samkomer i heimane. Torodd Joranger fortel om ei litt uvanleg hending:

"Kaffifkjelen vart også utlånt til gravferda etter hundreåringen Thomas Andersson Sviggum på Sviggjo i 1956. Eine sonen til Thomas, Trond (1909-1969), fekk i oppdrag å hente utstyret dagen før gravferdsdagen. Han sala hesten og spente føre hjulsleden og køyrde til Marifjøra. Der henta han tinga dei hadde bruk for, og kaffikjelen sette han fremst på sleden utan noko sikring. Men då han var komen eit godt stykke på heimveg, gjekk det ikkje likare enn at hesten vart skræmd av noko, og rykte til. Då ramla kaffikjelen av sleden og datt framom sleden. Hesten kom då til å spenne eller trakke på kaffikjelen, slik at han var uråd å bruke til det den var tiltenkt.

Men Trond visste råd. Han tok kjelen bort til den nevenyttige naboen, Kristian Teigen (1904-1994). Kristian sette i gang å spikke til eit høveleg avrunda trestykke som han nytta til å slå ut att veggene. Og då gravferdsdagen kom, var kaffikjelen på ny klar til å ta mot dei brune, heimemalne baunene - og det vart nykokt kaffi på gravferdsgjestene."

Tobakk og illegal radio

Per Marheim minnest eit par ting frå krigen (2. verdskrigen 1940-1945). Han viser ein stump av ein gamal leidning som stikk ut frå grunnmuren i nordvestre hjørne. Det er ein stubbe av ei radioantenne. "Dei gøymde ein radio inni kjellaren", fortel han. Antenna gjekk ut mellom treverket og muren og fylgde gjerdet bortover. Det hende og at tyskarar overnatta på bedehuset når dei var framom. Dei kom bort til huset Per Marheim budde og fekk seg vatn. Elles minnest han at det vart turka tobakk på bedehuslemmen. Det var god plass der oppe, og luftig. Det hang att tobakksstylkjer under taket i mange år etterpå.

Framtida

Kva kjem til å skje med bedehuset i Marifjøra i framtida? Knut Rygg har sut for bedehuset. I 1991 hadde Ivar Engan i Vik tankar om framtida for bedehuset på Vikøyri. Dei hadde fått seg moderne kyrkjelydshus og bedehuset vart ståande ubrukt. I eit stykke i sogeskriftetPridlaolurde han på om ikkje eit bedehus burde takast hand om av det offentlege kulturvernet tilliks med våningshus, løer, kvernhus og kyrkjer. Det enda med at huset vart selt, og rive.

I Vest Agder har kulturvernet i fylket gjennomført ei fylkesomfattande registrering av bedehus. Mellom anna har dei gjort det med tanke på å ta vare på minst eitt bedehus som kulturminne. I Marifjøra høyrer det gamle bedehuset med i bygningsmiljøet der. Det er eit vitnemål om ein del av "livet" i den gamle strandstaden.

kjelder:

Lustranytt. 2005.
Sognevarden. 31.01.1973.
Opplysningar frå:
Torodd Joranger, Luster.
Per Marheim, Luster.
Knut Rygg, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR