Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Tingneset - eit sentrum i Ytre Førdefjorden



Ved Vevring på nordsida av Førdefjorden stikk eit særmerkt nes ut i fjorden. Det er Tingneset. Frå gammalt var garden Vevring med Tingneset eit sentrum i Ytre Førdefjorden. Der var kyrkje, skysskifte, handel og gjestgjeveri og i åra 1838-1963 stad for kommunalt styre og stell i dåverande Vevring kommune.

Husa på Tingneset ligg i dag om lag som dei alltid har lege. Våningshuset, med fasaden mot fjorden, vart i 1857/58 påbygt og ombygt og fekk den utsjånaden det har i dag. Her var det også gjestgjeveri. Det andre huset er eit eldre våningshus, kårhuset. Her var handel fram til 1925.

Husa på Tingneset ligg i dag om lag som dei alltid har lege. Våningshuset, med fasaden mot fjorden, vart i 1857/58 påbygt og ombygt og fekk den utsjånaden det har i dag. Her var det også gjestgjeveri. Det andre huset er eit eldre våningshus, kårhuset. Her var handel fram til 1925.

Eigar: Harald Jarl Runde.

Datering: 2000.

Fotograf: Harald Jarl Runde.

Sentral plassering

Den sentrale plasseringa gjorde at Tingneset, trass dårlege hamnetilhøve, vart ein viktig plass.

Det var ofte krangel om både handelsrettar og krohald mellom eigarane og brukarane av gardpartane på Vevring, som også Tingneset høyrde til. Såleis finn vi i 1681 at Lars Anfinnson Vevring gjekk til sak mot grannane sine. Dei hadde rive ned huset hans. Grannane forsvara seg med at både Lars og kona hadde ført eit usømeleg liv så der aldri var fred å få, "Och aller verst naar kierketiensten holtiss."
Truleg hadde Lars skjenka øl i samband med preika. Men på tinget i Naustdal nokre dagar seinare fekk Lars vederlag for skaden. Då lova naboane at kvar av dei skulle levere han to våger korn same hausten.

1742 heiter det om Tingneset at staden "er gaanske ufornøden og ikke til nogen nytte, har heller aldrig været privilegeret". Men i 1757, berre femten år seinare, heiter det at her "eer et lidet Kroehuus og Skydsskifte stæd og undertiden kand det behøves. Særlig Vinters Dag naar Fiskeriet indfalder og denne har beqvuemme Huuser."

Lars Jakobsson, bonde, gjestgjevar og stortingsmann

Den fyrste stortingsmannen frå noverande Naustdal, var gjestgjevaren og bonden på Tingneset, Lars Jakobsson, 1767-1828. Han var på Stortinget 1815-16 og i 1818. Som tingmann var Lars Jakobsson sterkt oppteken av bøndene sine vilkår. Han ville mellom anna hindre byborgarar i å kjøpe opp jord og tilsetje forpaktarar. Difor kom han på tinget i 1818 med eit forslag om at berre folk som hadde gode kunnskapar om jordbruksdrift, skulle få kjøpe jord. Byborgarar skulle ikkje få høve til å eige jord anna enn når det galdt fabrikkanlegg, føreslo han.

Saman med drengene sine omkom Lars på fisket ved Reksta. Liket vart gjenfunne på Sunnmøre. Signetringen identifiserte han.

Haugianarar

Lars Jakobsson var ven av Hans Nielsen Hauge. Enkja etter Lars selde garden til ein annan Hauge-ven, Erik Olsson Gjellaker frå Ål i Hallingdal.

Erik Olsson hadde vore dreng hjå Ole Svanøe på Bru og sat no med gard på Mjelva i Romsdalen. Han var gift med Guro, dotter til den kjende handelsmannen Vebjørn Svendsen i Ørstavik på Sunnmøre. Familien flytte til Tingneset som vart eit samlingspunkt for haugianarane i området.

I 1841 bygde Erich Thingnæs, som han kalla seg, nytt fjøs og 1856-57 vart hovudbygningen på garden påbygd og utvida og fekk den utsjånaden den no har.
I år 2000 er det framleis etterkomarar etter Erik Olsson og kona Guro som eig og brukar garden.

Kommunalt senter gjennom 126 år

Vevringsokna vart eigen kommune frå 1838. Fyrste kommunestyremøtet vart halde på Tingneset, og staden vart på ein måte den naturlege samlingsplassen for all kommunal verksemd. Hit kom også lensmann og prest, doktor og skrivar. Somme dagar kunne det vere fleire møte og då vart det trangt om plassen!

Her vart etter kvart også post og dampskipsstoppestad.

Det aller siste møtet i tidlegare Vevring kommune, 29. desember 1963, vart halde i same stova på Tingneset som fyrste møtet 30. april 1838.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet. Del 3. Sogn og Fjordane. Bergen 1980.
Kongshaug, Karl: Svendsen-slekten fra Ørsta. Ålesund 1977.
Kleiveland, Geir: Naustdal Bygdebok Band I. Naustdal 1995.
Kleiveland, Geir: Naustdal Bygdebok Band III. Naustdal 1999.
Longvastøl, Ivar: Haugianar-garden Thingnes. I: Firda 07.07.1990.
Vevring kommune gjennom 126 år. Ordførartalen ved avslutninga. I Sogeskrift for Naustdal 1993. Førde 1993.
Stendal, Olav: Vevring - kyrkjer og kyrkjelyd. Naustdal 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR