Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Steingardane på Kvalheim



Kvalheimsbygda ligg nord i Kvalheimsvika på vestsida av Vågsøya. Her budde det 188 menneske i 1900. På Kvalheimsgardane er det kilometervis med steingardar som går på kryss og tvers i landskapet. I dag er desse steingardane freda.

Steingardane ligg vakkert til mot storhavet. I dag er steingardane freda og dei utgjer eit svært viktig og vakkert innslag i eit særprega kulturlandskap.

Steingardane ligg vakkert til mot storhavet. I dag er steingardane freda og dei utgjer eit svært viktig og vakkert innslag i eit særprega kulturlandskap.

Eigar: Fjordenes Tidende.

Datering: 2000.

Fotograf: Fjordenes Tidende.

Gammal busetnad

Kvalheimsbygda ligg nord i Kvalheimsvika på vestsida av Vågsøya. Vestanfor ligg storhavet. Det har vore busetnad her i lang tid. Garden er nemnd i Bergen Kalvskinn. Dette er ei jordebok frå 1300-talet som gir oversyn over jord og innkome som på den tid låg til presteomboda og kyrkjene i bispedømmet. I folketeljinga i 1900 budde det til saman 188 menneske på dei to gardane ytre og indre Kvalheim.

Bilete av Kvalheimsbygda sett frå vest.

Kvar generasjon gjorde sitt

På Kvalheimsgardane er det kilometervis med steingardar som går på kryss og tvers i den vakre Kvalheimsbygda. Først og fremst vitnar dei om mange generasjonar sin vilje til å gjera den dyrka jorda litt større og bustaden litt enklare å livberga seg på. Kvar generasjon gjorde sitt. Etter kvart som ein ny kvadratmeter vart lagt til den dyrka jorda, voks steingardane. Steinen som vart broten ut fekk ny funksjon som gjerde og grense mellom innmarka og utmarka. Dette var òg den einaste praktiske måten å verta kvitt enorme mengder stein på som dei braut opp av jorda då dei dyrka.

Mest haustarbeid

Arbeidet med å dyrka jord på denne måten tok slutt kring siste krig. Dette fell saman med så mange andre store omskifte i gardsdrifta. Erling Kvalheim, fødd i 1920-åra, hugsa godt at han som 12-15-åring måtte hjelpa bestefaren med å bryta steinrik jord til ny slåttemark og til betre beiteland. Det var helst om haustane at det vart tid til slikt arbeid. Kunnskapen om korleis desse murane skulle leggjast gjekk i arv frå generasjon til generasjon. I dag står murane som vakre skulpturar i landskapet, utforma av mange, mange generasjonar.

Bilete av Erling Kvalheim.

Freda

I dag er steingardane i Kvalheimsbygda freda. Framleis held dei dyra samla på beite og borte frå innmarka slik at graset får veksa i fred. Nokre stader har vind og vêr fare ille med dei og gjort skade på murane. Men det meste står slik det vart sett opp. På den andre sida av havet, på Færøyane, Shetland og i Skottland, gjorde folk det på same vis. Menneska der braut steinen or jorda for å få meir innmark, og ramma inn den nyvunne jorda med vakre gråsteinsmurar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende 28. juni 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR