Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 16. februar 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Rå-data

Om gravstaden i Botnane og grava til ein omstreifar



«… ein ukjend mann kom roande langs stranda våren 1899 og tok land i Sørbotten og fekk husly på ein av gardane der. Vi veit ikkje om han var sjuk då han kom, og tok land av den grunn, men han døydde i alle høve der av ein eller annan sjukdom. Han heitte Karl Johan Gustavson, men i bygda vart han kalla «svensken». …» (Ståle Sørbotten)

«ein ukjend mann kom roande langs stranda». Biletet er teke frå stranda i Sørbotten, Botnane. Vestover ligg Frøysjøen. med Frøyalandet på andre sida.

«ein ukjend mann kom roande langs stranda». Biletet er teke frå stranda i Sørbotten, Botnane. Vestover ligg Frøysjøen. med Frøyalandet på andre sida.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa


Botnane
Skipsleia nordover frå Florø går forbi Botnane, bygda på fastlandssida der sjøfarande møter Frøysjøen. Botnane høyrer til Bremanger kommune og Bremanger prestegjeld. Gardane og husa ligg rundt ein poll, ein liten fjord; Sørbotten, Øvrebotten og Nordbotten.  Det gamle skulehuset tener som bygdehus.  I åra 1978-1985 budde diktaren Jan Magnus Bruheim i Botnane, i skulehuset. Fleire gravrøyser vitnar om busetnad for fleire tusen år sidan. Botnane fekk eigen gravstad år 1900.

Den første grava - grava til «svensken»
Ståle Sørbotten fortel: «Fram til år 1900 nytta folket i Botnane kyrkjegarden ved Frøya kyrkje  - over Frøysjøen på Frøyalandet, ikkje langt frå Kalvåg.. Ein tur over Frøysjøen var ikkje alltid beinkløyvd (lett, enkel), så det er difor truleg at dei fekk dispensasjon til å gravleggje den ukjende mannen på den nye gravstaden i Botnane, sjølv om den ikkje var vigsla.. Han vart gravlagd i nordaustre hjørnet på gravstaden – hjørnet nærmast vegen.» 

Kven var han, «svensken» Karl Johan Gustavson?
«i bygda vart han kalla «svensken», fortel Ståle Sørbotten.  Soknepresten si ministerialbok (kyrkjebok) har fleire opplysningar. I registeret over døde og gravlagde går det fram at Karl Johan Gustavson døydde 11. april 1899 og vart gravlagd fire dagar seinare. Den 9. januar året etter var soknepresten i Botnane og ordna med jordfesting (jordpåkasting). Vidare står mellom anna notert: 
tittel: «Omstrejfer», fødselsår: «1849», fødestad: «Dalsland, Sverige», og at det er sendt melding til skifteretten. Dessutan står i parantes: «Gift ?». Spørsmålsteiknet kan bety at presten var usikker på om «den døde og begravede» Karl Johan Gustavson var gift mann eller ugift mann.  

«landeplage og smittekilde»
Men, «den dødes (…) borgerlige stilling (næringsveie)» må soknepresten ha vore sikker på: «Omstrejfer». Omstreifarar var år 1900 ei av fleire nemningar på folk som reiste omkring meir eller mindre utan fast bustad. Andre nemningar var fant, splint, tater. Samfunnet såg negativt på omstreifarane. Frå slutten av 1800-talet iverksette styresmaktene  omfattande tiltak mot «omstreifervesenet». Målet var å gjera dei reisande bufaste. Ei «beretning om arbeidet omstreiferes bosættelse ved staten» for åra 1910-1912 sluttar med desse orda:

«Vil alle hjælpe til, er det nu mulighet for, at omstreifervæsenet kan overvindes, og at omstreiferne fra at være en landeplage og en smittekilde kan bli gode og nyttige medlemmer av sumfunnet.».

Eit lite leiteprosjekt
I Botnane tok folk vel imot den «ukjende» mannen som kom roande. Han fekk husrom, og då livet var slutt, sin siste kvilestad i bygda, ei grav. Men kven var han eigentleg? Kvar kom han frå? Kvar skulle han? Kva hadde han med seg i båten sin? Kva hadde han på seg, av papir, attestar? Kva fortalde han? Var Karl Johan Gustavson ein einsleg omstreifar, eller hadde han familie?  Nokre av spørsmåla er det i ettertid uråd å finna svar på, andre let det seg gjera å finna svar på, eit stykke på veg, ved å gå på leiting, i fleire slag skriftlege kjelder.

Eit tips peika mot Askvoll, med tilvising til bygdeboka for Askvoll. Under garden Håvåg med Stråken står å lesa:
Ingeborg Isaksdotter (…), fødd 1866, (…). Gift med vegarbeidar Karl Johan Gustavson. Ingeborg og Karl Johan står oppførd med 4 born, a) det eldste fødd i «Bygland», 1891, b) nr. 2 i «Vanylven», 1892, c) nr. 3 fødestad ikkje oppførd, 1894, og d) det yngste, fødd i Askvoll 1898. Alle står oppførde med Karlsen som etternamn.

Viss dette er Karl Johan Gustavson som døydde og vart gravlagd i Botnane, ser det ut til at han var gift mann, med kone og fire born; det yngste berre eitt år gamalt. Me leitar i andre kjelder og finn fleire opplysningar, som for ein del korrigerer opplysningar i bygdeboka. Det vesle leiteprosjektet kan i korte trekk oppsummerast på denne måten:

Karl Johan Gustavson (1849/1850-1899), innvandrar frå Sverige, nemnd som «omstreifer» og «veiarbeider». Kring 1890 saman med Ingeborg Isaksdotter (1866-1936), fødd i Askvoll. Dei reiste («streifet») i lag. Ingeborg òg nemnd som omstreifar, «omstreiferske».Fire born, to søner og to døtre, fødde i åra 1890/1891 – 1898, i fleire prestegjeld. Med andre ord: Då Karl Johan Gustavson våren 1899 tok land med båten sin i Botnane, var han ugift familiemann. Han etterlet seg fire mindreårige born og mora deira. I folketeljinga 1900 står dei oppførde på bustad i Askvoll, men her med etternamn «Johansen/Johansdatter».

Grava
Ståle Sørbotten fortel meir om grava:

«Det kom aldri opp nokon gravstein på grava. Ho låg der for veir og vind og grodde til med tistel og gras. Det var likevel skikk i Botnane at bygdefolket samla seg og reiste på gravstaden og slo graset når dei var ferdige med heimeslåtten. Det var eg med på sjølv då eg var unge fordi eg tykte det var interessant. Då fortalde mor mi litt om kven som låg i dei forskjellege gravene. Om grava i nordaustre hjørne vart det berre fortalt at der ligg «svensken». Grava fekk ligge i fred fordi det var god plass på gravstaden og bygdefolket sjølve grov dei gravene som dødsfall i bygda kravde. Det var også ein frå bygda som førde gravprotokollen og bestemte kvar dei einskilde gravene skulle gravast.»


Kommunen tok over
Bygdefolket sitt nære forhold til gravstad og gravlegging tok etter kvart slutt. Ståle Sørbotten fortel om kva som skjedde: «Ut på 1990-talet overtok gravaren i kommunen gravearbeidet og litt etter kvart overtok  kommunen stell (slått m.m) av gravplassen. Då vart tonen den at gravstaden helst skulle sjå ut som plen og alle graver som ikkje var betalt festeavgift for skulle slettast - i alle høve dei som det ikkje var gravminne på.»  

Aksjon for graver det ikkje var gravminne på
«Det vekte motstand frå mange i bygda. Dei såg det slik at det no skulle settast strek over alt dugnadsarbeidet bygdefolket hadde utført sidan 1900. (…) Dei sette i gang ein aksjon for å markere dei gravene som det ikkje var gravminne på.» Det var Aslaug Nordbotten Samnøy (1933-2016) og farsyster hennar, Magna Øvrebotten 1900-1992), som var dei ivrigaste.

«Eg var med i denne aksjonen. Vi henta glattslipte steinar nord i fjøra i Nordbotten, steinar som var slipte etter rulling av sjøbårer frå Frøysjøen i hundredevis av år. Desse steinane køyrde vi heim og malte namn og dato på dei og plasserte dei på gravene.»

 

Gravstaden – eit «historisk bilete»
«Då vart det stilt ei stund, men ein og annan stein vart stundom vekke. Men i 2017, ein gong eg kom ut på gravstaden, såg eg at desse runde gravsteinane var fjerna. Då tok eg kontakt med kyrkjegards-arbeidaren som kunne opplyse at Bremanger kyrkjelege fellesråd hadde bestemt at desse steinane skulle fjernast. Dei var visst i strid med regelverket og kunne vere farlege for slåttemannskapet.»

Då skreiv eg eit brev til Bremanger kyrkjelege fellesråd der eg hevda at ein gravplass ikkje er ein plen, men eit historisk bilete av bygda gravplassen skulle tene. Dei steinane vi la ned skulle markere at her låg det personar som også hadde si soge i Botnane, men som kanskje ikkje hadde etterkomarar med økonomisk evne til å sette opp gravminne. Dette brevet fekk eg aldri svar på.»

«Tri grannar» - eit dikt om gravlegging i det gamle bygdesamfunnet
Gravstaden – «eit historisk bilete» frå bygda. Ein gravstad er eit kulturminne. Gravminna fortel historie. Det er og råd å leggja merke til endringar, alt etter kor gammal gravstaden er, og kor mykje ein har teke vare på av eldre graver og gravminne.

Andre kjelder nyanserer og utfyller gravstaden sitt «historiske bilete». Ståle Sørbotten minnest slåttedugnaden, og at folk visste om graver og gravlagde der det ikkje var gravminne. Han kan og fortelja at i mange år var det bygdefolket sjølv som sytte for å grava opp ei grav, og grava på. Naboar stod saman og kom kvarandre til hjelp når døden kom, uventa mange gonger, her ute ved havet. Fleire kom sikkert òg til hjelp våren 1899, då ein «ukjend» kom til bygda og døydde, «svensken» Karl Johan Gustavson.

Det er dette forfattaren Jan Magnus Bruheim set vare ord på i diktet Tri grannar – eit dikt som vart til då han budde i Botnane. Eit dikt som høyrer med til gravstaden i Botnane som historisk bilete.

TRI GRANNAR
Tri grannar står der
og grev ei grav.
Men teier med det dei tenkjer:
Så snøgt kan livstråden
slitna av.

Det kjennest som noko
av grendi er burte
med han som tok ut
på den siste ror.
Alt står her og talar
stille i togni
um han som fór.

Skodda heng låg over lendet.
Regn dryp og bårone vaskar.
Hausten er kringum, og vinden
susar i fallande lauv.
Alt er det same
i stilt og stridt.

No er dei ferdige – grannane.
Står der ei stund
ved den opne gravi. 
Teiande og med bøygde hovud.
Så går kvar heim til sitt –

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Digitalarkivet: Kyrkjebøker frå fleire sokneprestembete, Folketeljingar


Foreningen til motarbeidelse av omstreifervæsenet: Beretning om arbeidet med omstreifers bosættelse ved staten. 1910-1912.


Minnestein over romanifolk (reisande) i Vik

PERMANENT IDENTIFIKATOR