Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 15. august 2017

Sist oppdatert 18. februar 2021

Kommune

Rå-data

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik



«Heidra dei reisande» står som overskrift i Sogn Avis på oppslag om avduking av ein minnestein på Vikøyri, laurdag 20. august 2016. «dei reisande» eller taterane, høyrer til romanifolket. I mange år vart dei omtala som omstreifarar, fantar, splint, - og lenge offisielt sett på som samfunnsplage og «uvesen».

Minnesmerket står ved naustrekkja ikkje langt frå Kristianhus båtmotormuseum. Det vart avduka laurdag 20. august 2016.

Minnesmerket står ved naustrekkja ikkje langt frå Kristianhus båtmotormuseum. Det vart avduka laurdag 20. august 2016.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

Står på Vikøyri

Minnesmerket «over dei Reisande som budde i Vik» står på Vikøyri, attmed rekkja av gamle naust, ikkje langt frå båtmotormuseet Kristianhus. Minnesmerket er ein ståande stein og plate i støypt metall med båtfigur og tekst. Steinen er av ein skifrig bergart delvis «hoggen» ved hjelp av kiling, langt på veg prismeforma; kring 53 cm x 15 cm ved rota, og kring 160 cm høg. Steinen er fundamentert under bakkenivå, og har ved foten eit kvadratisk forma hellefelt med sider ca 150 cm.

Figur og tekst

Minneplata har ein båtfigur og ein etter måten lang tekst. Båten symboliserer truleg reisemåten, til sjøs i liten farkost. Teksten fortel om kva slags minnesmerke dette er; eit «minnesmerke over dei Reisande som budde i Vik.» Vidare står det:

På 1800-talet var det fleire Reisande familiar av Romanifolket som budde i Vik. På Vikøyri vart dei godt mottekne og dei fant seg fort til rette blant dei fastbuande. Den største familien var «Børane» med opphav i Martha og Lars Børresen; «Gamle Byren» og «Byro». Martha Marie Akselsdatter Vikøren var fødd på Vikøyri 1834. Lars Børresen «Børe Lars» var fødd i Romsdalen 1830. Den eine sonen, Ole Larsen Limmesand var fødd i Vik i 1869. «Bør-Ola» var seinare Børe-fylgjet sin leiar. Hans ord var lov. «Børane» var respekterte og beundra for fagleg dugleik og grei framferd. Dei var hovedsakleg smedar: Kniv-, ljå-, klave-, lås-, og hjulsmedar. Mange var blikken- og koparslagarar, gyllenlærkunstnarar, hestaskjærerar, felebyggjarar m.m. Dei reiste heile Sognefjorden og sørover til Stavanger. På si ferd selde dei sine varer og tilbaud sine tjenester til dei fastbuande.

Børe-fylgjet har i dag mange hundre etterkommarar i heile Noreg og utlandet. Det budde etterkommarar i Vik til langt inn på 1930-talet.

Minnesmerket er oppsett av etterkommarar av Martha og Lars, med hjelp frå Vik kommune.

Memorial of the Romani people who lived in Vik in the 19th century. 

Raised by descendants of Martha and Lars and Vik municipality.

Minnesmerke over dei reisande som budde i Vik

Mannen bak minnesmerket

Johnny Nilsen, busett i Vaksdal, høyrer til Børe-slekta. Det var han som tok opp arbeidet med å reisa minnesmerket. I 2012 sende han «søknad» til Vik kommune, og på slutten av år 2014 fekk han positivt svar. Han tok straks turen til Vik og var med på synfaring for å fastsetja plassering, m.m. Johnny Nilsen laga sjølv til steinen, ved å kila og slipa litt, og laurdag 20. august vart minnesmerket avduka med mange tilstades; mellom dei, kring 60 tilreisande av Børe-slekta.

Kvifor så viktig?

Sogn Avis spurde Johnny Nilsen kvifor det var så viktig å reisa eit minnesmerke som dette, over «dei Reisande som budde i Vik».

«Det er på grunn av at me er ein minoritet som held på å gå i gløymeboka, rett og slett. Snakkar du med ungdom i dag om kva ein tater er, så anar dei ikkje. Me vil synleggjera at me var og er eit folk. Sjølv om me har forandra oss me også. Me er jo fastbuande, og [har] vore [bufaste] i sikkert 100 år, og har vanlege tradsjonelle yrke.

«symbol på respekt for andre folkegrupper»

Minnesmerket i Vik blei reist «med hjelp frå Vik kommune». Bjarnhild Samland, oppvekstsjef i Vik, sa følgjande til NRK-Sogn og Fjordane:

– Dette kan vera eit fint symbol på respekt for andre folkegrupper. Vik kommune er med på å følgja opp den orsakinga [m.a. år 2000] som regjeringa og kyrkja gav romanifolket for overgrepa dei blei utsette for (…). Me kjenner til tvangssteriliseringa og tvangsbusetjinga som pågjekk fram til 1970-talet. Dessutan kan me sjå minnesmerket i samanheng med den situasjonen Vik og mange andre kommunar er i, der me tek i mot mange flyktningar.

«Fristad på Øyri»

Johnny Nilsen fortalde til NRK at «Vikøyri var som ein fristad. Her fekk dei vera seg sjølv og fall fint inn i samfunnet. Det er tydeleg at dei treivst sidan dei blei verande så lenge». Slik var det ikkje i alle bygder, «dei blei jaga både her og der. Folk var skeptiske. Dei reisande hadde eit heilt anna levesett enn bøndene, og det ukjende er det ofte redsel for.»

Skepsis til dei reisande, romanifolk, fanst nok og i Vik, tilliks med andre bygder. Ei sak i Vik kommunestyre ved århundreskiftet 1800/1900 er i så måte interessant.

Sak: «Fantevæsenet» i kommunestyret i Vik år 1900

Vinteren 1900 sende Sjur Bø brev til kommunestyret i Vik. Det handla om «fantevæsenet». Kommunestyret hadde saka føre i møte 20. februar. I møteboka står «Fantevæsenet» som stikkord til saka. Og spørsmålet er om det kan gjerast noko for «for at fjerne den mængde fant, som i vinterens løb har opholdt sig til ubehagelighed for befolkningen.»

Samrøystes vart vedteke:

«Ordføreren paalægges at henstille til alle og enhver ikke at hyse [gje husrom til] omstreifere længer end en nat. Dette gjelder særlig Vikøren og Lilløren. Plakat herom bør opslaaes paa et bekvemt sted og indrykkes i «Sogningen». Herredstyret missbilliger i høi grad dette tilhold af omstreifere som for tiden finner sted.»

Eitt tiltak i sak «Fantevæsenet» var å oppmoda kvar og ein om ikkje å gje omreisande husrom meir enn ei natt, eit anna å setja opp «plakat» om dette på «et bekvemt sted», og dessutan ordna med ei slags kunngjering i avisa Sogningen, (som kom ut i Vik). Ei veke etter møtet, 27. februar, stod følgjande stykke i Sogningen:

Fantevæsenet i Vik
I følge paalæg av heredstyret i møde den 20 sidstl. [20.02.1900] henstilles til alle og enhver aa gjøre sit til hemmelse [motarbeiding] af denne omstreiferplage, som i usedvanlig grad har gjestet os i løbet af vinteren.

Man tenkte sig, at modarbeidelsen af dette uvæsen kunde ske paa to maader. Først derved, at enhver husmor ikke indlod sig i handel eller bytte med dem. Og hvis der forelaa direkte tiggeri, at anmelde dette for politiet. Dernest, at ingen gav dem hus mere en en nat, eller høist mellem hver dampskibstur. Dette gjelder især Vikøren og Lilleøren.

Heredstyret gav enstemmig sit mishag til kjende over dette, at man huser store fantefølger i månedsvis.

Her er mange, som kan trænge en haandserækning af vore egne folk, men som ofte maa staa tilbage fordi dette frække, både direkte og indirekte tiggeri har ranet til sig, hvad der var overkommeligt.

Det er derfor heredstyrets enstemmige ønske, at enhver med velvilje vil gjøre hvad de kan for, at vi her – ligesom i andre bygder – kan holde lit fra os disse ublue gjester.

Vik 21de februar 1900. Paa heredstyrets vegne Svein Aase [ordførar].

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn Avis, 20.08.2016


Avisa Sogningen, 27.02.1900


NRK-Sogn og Fjordane, 19.08.2016


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Møtebokregisteret (kommunestyre/formannskap), Vik kommune.


Regjeringa ber om orsaking for fornorskningspolitikken

PERMANENT IDENTIFIKATOR