Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. juni 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Hovudplagg for ugifte kvinner i Sogn



Jentebore frå Teigen i Kaupanger. Eigar: De Heibergske Samlinger  -Sogn Folkemuseum. Katalognummer DHS 792. Ei jentebore var eit rektangulert tøystykke, pryda med gull/sølvband og/eller perler i gilde fargar. Dette vart lagt rundt roggene/flettene og knytt bak med fine band, som eit diadem.

Jentebore frå Teigen i Kaupanger. Eigar: De Heibergske Samlinger -Sogn Folkemuseum. Katalognummer DHS 792. Ei jentebore var eit rektangulert tøystykke, pryda med gull/sølvband og/eller perler i gilde fargar. Dette vart lagt rundt roggene/flettene og knytt bak med fine band, som eit diadem.

Eigar: De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Fotograf: BFR- Tordis Gjevre

Kjelder
I Sogn, og serleg i indre område, er det svært god dokumentasjon på korleis folk var kledde, også på hovudet. Kunstnarane som var dei fyrste reisande tidleg på 1800-talet, laga teikningar og skreiv dagbøker. Dei sikraste er J. Flintoe, J, Frick, og A.Tidemand, der Flintoe sine akvarellar blir rekna som grunnstamma. I museum og samlingar finnst ein stor del originalplagg som samsvarar med dette, men også i privat eige er det registrert fleire eksemplar.

Ugift kvinne
Alt i gamalnorsk litteratur les me om skilnaden mellom den gifte og ugifte. Den ugifte hadde ope hår, dvs at det var synleg, laust, utslått, fletta eller i band på eit eller anna vis. Den gifte hadde alltid håret gøymt under hovudbunaden. Håret var kvinna sin pryd og det vart mest aldri klypt. Håret har vore viktig, antan det skulle syna med eller utan band, eller skulle stellast som underlag og feste for hovudbunaden.

I Luster vart det snakka med forferdelese om henne som fyrst våga å klyppa håret sitt. Ho var fødd i 1905. Endåtil midt på 1950-talet, vart ei jente nekta å klyppa flettene sine til konfirmasjonen.

Fletter, "rogger"
I Sogn var det vanleg at vaksne jenter fletta/rogga håret. Håret vart delt i to med reik etter midten. Kvar del vart delt i to deler att, slik at det ca 1 cm breie grindvovne bandet, ofte raudt og kvitt, vart lagt som 8-tal omkring dei to hårbuntane. Fast og jamnt, så mest ikkje noko hår synte i mellom. Var håret sers langt, vart det fyrst samla i nakken, midten av bandet surra eit par gonger rundt før "hestehalen" vart delt i to og vidare fletta som før sagt. Så la dei roggene/flettene i ein krans om hovudet og knytte bak under nakken. På denne måten vart flettene ståande meir ut på sidene. Bandet måtte vera langt, 8-10m., alt etter lengda på håret, og hadde ofte ei avslutning, t.d. duskar.

Stellte kvarandre
Søndagskveldane fletta dei håret sitt, slik var dei klar til arbeidet måndagsmorgonen. Var der fleire jenter og dei skulle vera effektive, sat dei etter einannan og stellte håret til kvarandre. Håret skulle ikkje vera ivegen i arbeidet, antan det var med mat, i fjøsen eller i marki. Då heldt det mest heile veka. Kanskje stundar det til helg på maleriet til I.C.Dahl :- Frå Fortundalen- 1842. Roggene til jenta som står på elvbredden med kyrne sine er i oppløysing nedover ryggen.

Konfirmasjon og høgtid
Til "masjon" (konfirmasjonen), var jenta vaksi, så og seia over natta. Den høgtidsdagen skulle ho stå på kyrkjegolvet trøyekledd, i nye klede slik skikken var, så langt folki hennar hadde råd til å utstyra henne. Hårbandet var finare enn det som vart brukt til kvardags, og utanpå flettene/roggene vart gjerne knytt ein samanbretta silkeklut i fine fargar, med sløyfe framme. Eller ho kunne ha ei jentebore, eit rektangulert tøystykke, pryda med gull/sølvband og/eller perler i gilde fargar. Dette vart lagt rundt roggene og knytt bak med fine band, som eit diadem.

Fram til midt på 1800-talet
Jenteborene i ytre Sogn er jamt over breiare enn dei frå dei indre bygdene, og har meir bandpryd enn perler. Mange er hekta saman i nakken. Frå indre og midtre Sogn er det registrert flest perleborer. Utanom høgtidene, hadde jentene i Brekke ei mørk blå vadmålshue, samansett av to stykke, kalla "kjølhue" eller "vindkløyva". Kanta med raudt band etter framkanten og snørd i nakken med band. Denne vart brukt til kyrkje og sundags når dei var nye, og som kvardagshuer når dei var slitne og medtekne. Kjølhua og jentebora gjekk ut av bruk midt på 1800-talet..

Tradisjonen lever
Hårbandet levde vidare, og jentene rogga håret sitt framleis, sjølv om pynten vart vekke. Slik kan me sjå det på foto frå 1860-åra. På 1900-talet, då bunadsarbeidet tok seg oppatt, har bandet vorte breiare og vove av tjukkare garn. I staden for å fletta det inn i håret, er sjølve bandet fletta eit stykke på midten, ligg over hovudet framme, og blir knytt i nakken under håret med lange endar og duskar.

kjelder:

Aagot Noss: Johannes Flintoes draktakvarellar. Det Norske Samlaget, Oslo 1970
Aagot Noss: Joachim Frichs draktakvarellar. Det Norske Samlaget, Oslo 1973
Aagot Noss: Statuane i Normandsdalen. Det Norske Samlaget, Oslo 1977
Aagot Noss: Lad og krone.:Frå jente til brur. Instituttet for sammenlignende kulturforskning, Serie B, Skrifter, nr 83. 1991 Aagot Noss: Krone og skaut: jente-, brure- og konehovudbunader i Hordaland. Aschehoug, Oslo 1996
Aagot Noss: Folkedraktene i Sogn og Fjordane. Særtrykk av Bygd og By i Norge Oslo 1980.
Sigurd Grieg: Strandebarmkronene, I By og Bygd . Årbok for Norsk Folkemuseum, XIV Oslo 1960,.
Anna Knutsen: Bunaden. Norske bygder,. IV, Sogn. John Grieg forlag, Bergen 1937
Åse Asheim Lange: Kvinnebunaden i Brekke. Magisteravhandling, Universiteet i Oslo 1974.
Brita Myren, Instefjord.
Rapport frå Nordisk hovudbunadseminar på Valdres Folkehøgskule 1989 Rapport frå hovudbunadseminar Valdres Folkehøgskule 1992 Bunad og Folkedraktrådet, Fagernes

PERMANENT IDENTIFIKATOR