Kulturhistorisk leksikon

Tekstil (14)

  • Underbuksehistorie

    Kva brukte folk inst mot kroppen her i Nordfjordbygdene på 1800-talet og tidlegare? Kva var skikk og vanleg bruk? På bilete, teikningar og i beskrivingar frå 1800-talet, er det oftast dei ytste kleda vi får vite noko om. Det er også dei synlege kleda det er forska og skrive mest om.

  • Bruk av mjøl- og sukkersekker til klede, sengetøy m.m.

    Frå 1880-åra byrja dei store kornmøllene med store bomulls- og jutesekker som dei leverte mjøl i til kjøpmennene, vanlegvis 100kg.-sekker, men også 200 kg.-sekker. Litt seinare, rett over hundreårsskiftet, vart det også distribuert mjøl og sukker i 5kg.-sekker, truleg rett til forbrukar. Denne emballasjen vart ei ettertrakta vare.

  • Baldisholteppet i Det Kvite Hus

    Tysdag 8. juni 1926 tok fru president Calvin Coolidge imot ein delegasjon kvinner. Ærendet deira var å overlevere ei gåve: - ein kopi av det godt kjende Baldisholteppet og ei presentasjonsbok.

  • Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane - Flagget

    I åra 2002-2009 segla fartøya til Fjord1 Fylkesbaatane med to flagg: Fjord1 Nordvestlandske sitt og Fylkesbaatane sitt. Laurdag 10. oktober 2009 vart Fylkesbaatane-flagget firt for alltid. Rederiflagget til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) var i sitt slag eit av dei eldste i heile landet.

  • Mønster på strikka mannstrøyer frå Nordfjord frå 1800-talet

    I 2007 kan du ikkje sjå på kleda til folk at dei er i frå ein bestemt plass i bygdenoreg. For 150 år sidan, derimot, kunne du gjerne det. Mønsteret i strikka mannstrøyer frå 1800-talet finst i mange lokale variantar som kan stadfestast geografisk. På ein del trøyer frå Nordfjord er det eit mønster som er unikt, det finst truleg ikkje andre stadar i Noreg.

  • Bukseselar i Nordfjord på 1800-talet

    Bukseselar i friske fargar er ikkje noko mannfolk vanlegvis brukar i Nordfjord i dag. På 1800-talet, derimot, må fargerike bukseselar ha vore ein vanleg draktdel, noko som Nordfjord Folkemuseum si samling tyder på.

  • Bringeduken - gamalt smykke til høgtidsbruk i Sogn

    Kvinnebunadane på Vestlandet, grovt rekna frå Rogaland til og med Sognefjorden, samt deler av dei nære dalføra, Hallingdal og Valdres, har hatt og har bringeduk som sitt vakraste tekstile smykke. På det vesle tøystykket som ligg over bringa i opningen på ålivet, har oppfinnsame kvinner i alle aldrar, gjennom hundreåra fått utløp for kreativitet og blomstrande skapartrong, ein rikdom av idear ut frå kva dei hadde å hjelpa seg med.

  • Hovudplagg og pynt for brur i Sogn

    Opp gjennom hundreåra har hovudpynten meir enn klea synt kven som var brur. Ho var "dronning for ein dag". Medan klea skifte med motane, bar brura hovudpynt og det som eventuelt høyrde med, anten det var krans og slør, eller krune og sølv. Det var ekstra stas å vera krunebrur. Jomfru Maria var føredømet.

  • Hovudplagg for gifte kvinner i Sogn.

    I fleire hundre år var hovudbunaden sjølve grunnstamma i kledrakta til kvinna. Den har sitt opphav i middelalderen og har fylgt klea gjennom skiftande tider, frå folkedrakter til bykjolar, fram til dagens bunadbrukarar. Hovudbunaden var meir normbunden og konservativ enn resten av klea.

  • Lausmansjettar og pulsvantar frå Nordfjord

    Nokre plagg endrar seg gjennom historia mens andre går ut av bruk. Eit plagg som ikkje lenger er i vanleg bruk, er lausmansjettar eller pulsvantar til å setje utanpå ermliningane på skjorta. I Nordfjord Folkemuseum si samling er det fleire slike plagg. Korleis og når vart dei brukt, kva vert dei kalla, korleis er dei laga, kva er dei laga av og når tid er dei i frå?

  • Dåpsklede i Nordfjord før 1900

    Når vi i 2007 tenkjer på eit dåpsbarn i dåpsklede frå Nordfjord, er det ein fleire veker gamal beibi i lang, kvit kjole med kvit hue vi ser for oss. For 100-200 år sidan ville folk sett for seg ei heilt anna påkledning på ein nærast nyfødd unge. Korleis ungen vart kledd på, pakka inn og kor gamal han var, fortel om ei heilt anna tid, både når det gjeld tru og overtru og når det gjeld spedbarnsstell.

  • Frå saueull til ulltråd

    Ull frå sau var råmateriale for det aller meste av tekstilar folk trengde i Nordfjord frå uminnelege tider fram til om lag slutten av 1800-talet. Arbeidet med ulla, frå klypping av sauen til ferdig spunnen ulltråd, var eit arbeid som folk stort sett gjorde sjølve og som gjekk føre seg kvart år på om lag same vis. Det var eit tidkrevjande arbeid som var kvinnfolka sitt ansvar. Slik hadde det vore i lang, lang tid med overraskande få endringar, også når det gjeld reiskapen dei brukte.

  • Sengkleda før 1900 i Nordfjord

    Du veit gjerne kva eit åkle, ei napparye eller ein kvetel er? Men veit du at dette var tidlegare tiders sengklede? Før sto sengene til folk i same rom som gjestar vart bedd inn i og folk åt og arbeidde i. Senga, ialle høve det synlege av ho, sto til skue for alle og ein kvar.