Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Sorenskrivargarden i Leikanger



Leikanger har fleire eldre bygningar knytta til offentleg styre og stell. Bygningane ligg på rekkje og rad langs strondi, rekna frå Hanahaug og innover: Prestegarden, Klokkargarden (kyrkjelydshus), Tinghuset frå 1939, Sorenskrivargarden og Fylkesmannsgarden. Nyare hus er Tinghus I og II, Statens Hus (attmed Skrivareiki), Fylkeshuset, Vegvesenet sitt hus, og endå eit nytt statens hus. Dei tre siste ligg på Hermansverk. Dette stykket handlar om Sorenskrivargarden.

<p>Sorenskrivargarden p&aring; Leikanger, hovudbygning og to uthus. Hovudbygningen er oppf&oslash;rt i to steg, - midtbygningen i 1820-&aring;ra, dei to fl&oslash;yane og arken p&aring; oppsida i 1866. Alderen p&aring; dei to andre husa er ukjend.<br />
Fr&aring; 1974 har fleire &quot;kontor&quot; hatt tilhald i Sorenskrivargarden. Bygningen har vorte pussa opp, men romdelinga er uendra.</p>

Sorenskrivargarden på Leikanger, hovudbygning og to uthus. Hovudbygningen er oppført i to steg, - midtbygningen i 1820-åra, dei to fløyane og arken på oppsida i 1866. Alderen på dei to andre husa er ukjend.
Frå 1974 har fleire "kontor" hatt tilhald i Sorenskrivargarden. Bygningen har vorte pussa opp, men romdelinga er uendra.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002

Fotograf: Hermund Kleppa. Lisens: "Namngjeving-DelPåSameVilkår(CC BY-SA)": http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/

Hovudbygning og to småhus

Sorenskrivargarden ligg attmed tinghusa nett innom kyrkja. Her er tre kvitmåla hus, - hovudbygningen, eit stabbur og eit uthus.

Bruk dei seinare åra
Leikanger kommune overtok sorenskrivargarden frå Staten i 1974 då Sorenskrivaren for Ytre Sogn flytte til Høyanger.
I åra 1974 - 1977 hadde kyrkja og sosialetaten kortare opphald i bygningen. Nokre rom vart og ei tid nytta som bustad. I 1977 flytte det nyoppretta Statens kartverk, Sogn og Fjordane, inn, og hadde kontor til verksemda flytte inn i nabobygget, det nye Statens Hus, i 1991.
Etter ei omfattande oppussing flytte så Sogn revisjonsdistrikt med sine 8 tilsette inn i 1. etasje i mai 1994 og heldt til her i fleire år.

Bilete av tilsette i Ytre Sogn sorenskrivarembete.

I 2004 har Statens Utdanningskontor i Sogn og Fjordane kontora sine i Sorenskrivargarden. Det er ei avdeling under fylkesmannen.
Stabburet vert nytta som lager medan det er laga til øvingsrom for små musikkgrupper i uthuset.

Eigedomen

Eigedommen vart utskilt frå diverse bruk i tida 1833 - 1881, og hadde i 1963 matrikkelskyld 2.94. Sidan 1938 har det vore tre frådelingar: a) i 1938 eit stykke kalla Tufti til kommunen i samband med bygginga av Tinghus I, b) i 1970 Politimeisterbustaden (innom det nye statens hus) til staten, og c) i 1990 tomta til det nye statens hus.

Bilete av Sorenskrivargarden og Tinghuset.

Det som no er att av eigedommen er parsellen rundt bygningane på omlag sju mål (da), og ein skogteig på Kleppahaugen på omlag 27 mål. Den siste teigen vart utlagt i utskiftinga for Kleppaområdet tidleg på 1970-talet.

Garden og gardstunet
Sorenskrivargarden har heilt frå 1862 hatt preg av embetsmannsgard med hovudbygning og fleire småhus. Tunskipnaden var truleg rekkjetun på grunn av det bratte lendet. Hovudhuset og andre bustadhus låg samla for seg eit stykke frå diftsbygningane. I 1865 hadde garden fire kyr og var for ein stor del oppdyrka. Heile garden var eitt einaste stykke, og nesten alt var innplanta med frukttre.

Stil og form

Hovudbygningen har ein stil og plan som vart vanleg fyrst på 1800-talet.
Gode konjunkturar ga føresetnad for impulsar utanifrå. Den såkalla symmetriske planen fekk innpass. Denne planen har sitt utgangspunkt i renessansen. Stilmessig er den knytt til nyklassisismen. Det kjem til syne i romløysinga ved store rom framme og små rom bak, og ved enkle former med enkle detaljar i eksteriør og interiør, på inngangsdører, ved blomster- og sløyfelement og rikt listverk.

Bygningen er oppført i to steg. Den midtre delen skal vera bygd i 1820-åra. Dei to fløyane vart påbygde i 1866 sameleis arken opp mot vegen.

Fyrste sorenskrivaren på Leikanger

Georg Martin Hjort var sorenskrivar i Ytre Sogn i åra 1850-1864. Sorenskrivaren før han, Johan Henrik Cappelen, budde på Skau i Fresvik. I 1850 kjøpte Hjorth garden Nybø, som såleis vart den fyrste sorenskrivargarden i Leikanger. Tre år seinare selde han garden til Staten som frå 1862 tok han i bruk som fylkesmannsgard. I mellomtida kjøpte sorenskrivar Hjort ein del av garden Halland med påståande bygningar. I 1865 selde Hjort eigedomen sin, denne gongen også til Staten v/ Oplysningsvæsenets Fond som ville ha eigedomen til embetsgard for sorenskrivaren i Ytre Sogn. Ved Kongeleg resolusjon av 27. mai 1864 vart det gjeve samtykke til kjøp av eigedommen med dette føremålet.

Sorenskrivar - Leikanger

Ytre Sogn Sorenskrivarembete hadde sete på Leikanger i perioden 1850-1974. I 1974 vart kontoret flytta til Høyanger. Sorenskrivarar i Leikanger-tida var:
1850-1864 Georg Martin Hjorth
1864-1896 Carl Johan Fleischer
1897-1903 Alrich Døscher
1903-1912 Gunnerus Garmann Gløersen
1912-1921 Peter Nissen Arentz
1921-1927 Erik Toralf Solem
1927-1942 Han Cappelen Borchenius
1945-1945 Lars A. Danielsen (mellombels utnemnd 1945)
1945-1954 Finn Dahlin
1954-1964 Tage Petterson
1964-1974 Råmund Stuhaug

Portrettbilete av Finn Dahlin.

Bilete av rikstelefonkatalogen 1952.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Leikanger bygdebok. Band II. 1979.
Avisutklypp, udatert, avis ikkje oppgjeven.
Kommunearkivet i Leikanger:
Saksomslag Skrivargarden, kulturkontoret.
Opplysningar frå:
Per Holen, Leikanger kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR