Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gloppen hotell



Gloppen Hotell ligg fint tilbaketrekt i botnen av Sandane-bukta. Det vart starta i 1829 som skysstasjon. I 1866 bygde Joachim E. Sivertsen den første delen av hotellet, slik vi kjenner det i dag. Bygningen skulle brukast til landhandel og gjestgiveri.

Gloppen Hotell på Sandane, tidlegare Sivertsens Hotell.

Gloppen Hotell på Sandane, tidlegare Sivertsens Hotell.

Eigar: Gloppen kommune.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Almenning, Sandane.

Lakselordar og emigrantar

På Sandane, som i mange andre bygder på Vestlandet, vart turistnæringa ei viktig inntektskjelde rundt århundreskiftet (1900). Særleg engelskmennene søkte seg til stader der dei kunne få gode jakt- og fiskeopplevingar. Gloppenelva, eller Storelva som ho vart kalla, var ei god lakseelv der dei engelske lordane fekk den spenninga og den opplevinga dei søkte.
Laksefiskarane levde sitt eige liv, med si eiga døgnrytme, tidleg oppe og seint i seng. Men midt på dagen, når fisken ikkje ville bite, hadde dei god tid. Då søkte dei "bordets gleder" i dei fine stovene på hotellet. Miljøet frå denne tida er teke vare på, mellom anna ved at både peisestova og dei andre stovene har møblar frå 1800-talet.
Ein periode var billettkontoret på hotellet nesten like viktig som sjølve hotelldrifta. Sivertsens hotell selde nemleg Amerika-billettar for Cunard Line og Den Norske Amerikalinje, og for mange emigrantar vart tidlegare Sivertsens Hotell den siste opphaldsstaden i gamlelandet.

Kurs- og konferansehotell i vinterhalvåret

Tidene endrar seg. I vinterhalvåret er gjestene for det meste deltakarar på kurs og konferansar. Men i perioden mai til september er det framleis laksefiskarane som dominerer gjestelista. I 1996 tok hotellet over fiskerettane i Gloppenelva.
Dei noverande eigarane, Irene og Dag Moen, har satsa mykje på å ta vare på det særpreget hotellet hadde før påbygginga på 1960-talet. Gloppen Hotell har i dag 40 rom, dei fleste med historisk stil, men likevel med moderne fasiliteter som eige bad og toalett, tv med tilgjenge til mange kanalar o.a.

Tilrettelegging for funksjonshemma brukarar

I åra 1999-2000 vart det gjennomført eit prosjekt i Gloppen der målsetjinga var å legge forholda betre til rette for funksjonshemma menneske i kommunen. Tiltaket fekk namnet Gloppenprosjektet. Ved hjelp av midlar frå prosjektet har Gloppen Hotell innreidd to av gjesteromma spesielt med tanke på rullestolbrukarar. Hotellet fekk også laga til eit handikaptoalett på grunnplanet, samt rullestoltilgjenge til underetasjen.
Hotellet er medlem av De Historiske Hotel, og vart tildelt Gloppen kommune sin kulturpris i 1998, samt kvalitetsmerket Olavsrosa i 1999.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Irene og Dag Moen, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR