Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Klyngetun i Vik



I Vik som andre stader låg husi i klyngetun før utskiftingane i siste halvdel av 1800-talet. Det er att restar av klyngetun nokre stader i Vik, det gjeld fyrst og fremst Hopperstad, Åse i Vik og Holane i Arnafjorden.

Holane før utskiftinga i 1937. Husa låg svært tett, berre med smale gangar mellom. I slike klyngetun var brannfaren stor.

Holane før utskiftinga i 1937. Husa låg svært tett, berre med smale gangar mellom. I slike klyngetun var brannfaren stor.

Eigar: Norsk Folkemuseum.

Datering: 1937.

Fotograf: Gisle Midttun.

Kvifor klyngetun?

Klygetuna stammar frå den tida det var sterk teigblanding. Kvart bruk hadde mange småteigar som ikkje låg samla, men spreidde innimellom teigar til andre brukarar. Ofte hadde bruka utmarka og beita i lag.
For å spara hardt tiltrengd jord, vart alle husa sette i eitt tun. Andre årsaker var tilgangen på vatn, frykt for ras og det at folk likte å bu nær kvarandre for lettare å kunna vitja kvarandre. Når gardane vart delte i fleire bruk, kom det stadig fleire hus i tunet. Utskiftingane førte til at kvar brukar fekk jorda si samla. Brukarane flytta då ut frå det gamle tunet og bygde nye hus.

Holane

Det mest særmerkte og typiske klyngetunet var på Holane i Arnafjorden. Her låg husa frå tre bruk i ei klyngje. Nær på 30 bygningar var der med turke og smie som låg eit stykke frå dei andre husa. Dette skuldast brannfaren. Kvart bruk hadde altså ca. 10 bygningar kvar.
Husa låg svært tett, berre med smale gangar mellom. Husa til same eigaren låg heller ikkje saman, stova var på ein stad og løa var ein annan stad. Midt i tunet var det ein liten open plass, eit slags torg. Her møttest vegar frå fleire kantar. Der husa stod var det tolleg flatt.

Stor forandring

Utflyttinga frå klyngetuna skapte ein revolusjon på så mange måtar. Sjølve jordbruksdrifta vart lagd om, men det skjedde og ei individualisering. Ein var ikkje lenger så avhengig av kva og når dei andre gjorde noko. Det vart lenger til naboane, og det sosiale livet vart annleis. Ei storstila husbygging fann stad i denne perioden då brukarane flytta ut frå gamletunet. Det gamle kultursamfunnet gjekk i oppløysing, fellesskapet, hjelpsemda, nærleiken minka. Men samtidig vart det betre plass for nytenking og nye driftsmåtar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Midttun, Gisle: Sognahus. I Norske Bygder - Sogn. Bergens Museums Skrifter Nr. 19. Bergen 1937.
Vold, Svein L: Gard og tun. I Årbok for Sogn. Historielaget for Sogn. Sogndal 1985.

PERMANENT IDENTIFIKATOR