Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Finnabotnen



Finnabotnen, inst i Finnafjorden på sørsida av Sognefjorden, er ei fråflytta og veglaus grend. Finnabotnen er eit ynda mål for båtturistar og andre som søkjer ein mektig natur.

Finnabotnen var i mange år utan folk, men no bur her fem personar.

Finnabotnen var i mange år utan folk, men no bur her fem personar.

Eigar: Finnabotnen.no.

Datering: 2002.

Fotograf: Ingebrigt Røyrvik.

Namnetolking

Namnet har truleg samanheng med det gamalnorske ordet firn som tyder finne eller villmark. Når ein kjenner naturen innover mot Finnabotnen, må ein vedgå at denne tolkinga er rimeleg. For det er vill natur i Finnafjorden, ein trong fjordarm med høge fjell som stuper rett ned i fjorden. Ikkje rart at mange søkjer dit om sommaren.

To bruk og to husmannsplassar

Finnabotnen var lenge fråflytta, men i 2003 bur det fem personar her. I Finnabotnen var det to gardsbruk og to husmannsplassar. Folketeljinga i 1900 syner at det då budde 17 personar i Finnabotnen. Men på slutten av 1960-åra flytta dei siste frå garden. Nede ved fjorden står husa att etter dei to fråflytta gardsbruka og murane etter den eine husmannsplassen. Lenger oppe finn me grunnmurane til husa på den andre husmannsplassen. Inne i eine uthuset står det ein gamal bil, ein bil i ei veglaus grend!

Opphavleg heimestøl

Finnabotnen er ingen gamal gard. Fram til om lag 1650 vart staden nytta som heimestøl for garden Finnen, som ligg lenger ute i Finnafjorden. Heimestølen vart så eigen gard. Dette var ikkje uvanleg.
Den fyrste gardbrukaren i Finnabotnen heitte Sakse, og truleg kom han frå Geithus. Det var gardsdrift i Finnabotnen fram til om lag 1970. I vel 300 år var det såleis samanhengjande busetnad i grenda. Den eine husmannsplassen vart fråflytt omkring 1930, husa vart rivne og materialane vart brukte til ved.

Avsides

Dei klarte seg nok bra folka som budde i Finnabotnen. Dei hadde dyr og dreiv jakt og fiske, for Finnafjorden har gode fiskeplassar. Men det var strevsamt, og det var bratt og langt av leid der dei slo, særleg då for husmennene. Dei selde smør, ost, kjøt og skinn. Og ved, oftast ei jektelast for året.
Men Finnabotnen ligg avsides til, og om vintrane la det seg ofte meinis som gjorde det vanskeleg å koma seg fram. Om hausten vart sommarprodukta omsette, og det vart kjøpt inn det som skulle til for heile vinteren.

Farleg skuleveg

Borna i Finnabotnen hadde lang og farleg skuleveg til Finnen. Var det råd rodde dei til skulen. Om vinteren la det seg is, og då kunne dei gå til skulen på 10 minutt. Men når isen ikkje var trygg, måtte dei gå stranda til skulen. Det tok 1 ½ time kvar veg, og borna måtte gå med lykt både morgon og kveld. Stundom fraus det issvullar på dei verste plassane, og det måtte setjast opp wire og strenger til å halda seg i, elles bar det rett i fjorden. Ei tid vart det arbeidd for å få veg mellom Finnen og Finnabotnen, men det vart aldri veg, og det blir det nok aldri heller.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Brekke, Lars Olav: Finnabotnen. I Pridlao, nr. 2, 1985. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Findebotten, Johannes: Artiklar om Finnabotnen. I Pridlao, nr. 2, 1985; nr 1, 1989; nr 3, 1995. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Sæbø, Arne Inge: Veg Finnabotnen-Finden. I Pridlao, nr. 1, 1999. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR