Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 03. april 2019

Sist oppdatert 29. januar 2020

Kategori

Rå-data

Gald, Gadden, Galdane og Gold



Frå mange av støylane i Indre Nordfjord får vi ei uvanleg fin utsikt over fjord og fjell. På Nordsida er det ei storarta utsikt innover fjorden frå Gadden i nærleiken av Rosetstøylen, der det også er bygt ei hytte. Men kva betyr så dette namnet Gadden – og fleirtalsforma Gaddane? Desse namna finst mange stader i fylket, men berre i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. I Midtre og Indre Sogn heiter slike stader Galden og Galdane, uttala /galdadn/ – og det finst 500 av dei, om ein reknar med samansette namn.

Garden Gald på Nordsida i Stryn.

Garden Gald på Nordsida i Stryn.

Datering: 2015

Fotograf: Kristian Solvang

Namna er altså svært mykje brukte. I Stryn finst namneforma med -ld- berre ein gong, i gardsnamnet Gald, men uttala /'gall/ (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Gardsnamnet er svært gammalt, skrive «i Galde» og «i Gallde» i Bergens Kalvskinn (ca.1350). O.Rygh skriv i Norske Gaardsnavne, bind XII, at uttalen «gald» er den mest korrekte, men at han kring 1900 registrerte uttalen /'gallj/. Denne uttalen brukar vi i dag berre om personar, t.d. om ein mann med Gald som etternamn: /'Galljen/. 

Ordet betyr noko hardtrakka eller tørt

Går ein opp på Jostedalsbreen frå Fonn i Stardalen i Jølster, går ein forbi fjellpartiet Gallen (1386 moh). Det norrøne ordet er «galdr m» eller «gald n» med grunntydinga «haardt sammenpakket, sammentraadt Sne». Det er også tydinga på islandsk (gaddur). Nordfjordingane har brukt ordet «galdtrakka» om hardtrakka snø. I Indre Nordfjord har eg høyrt uttrykket «snøen var heilt gaddtrakka» - om hardtrakka snø. Gadd og gald har same tyding. Nemningane blir og brukt i tydinga «tyndt jordlag paa steengrund» (Torp) eller «smal vei».Grunnbetydninga i germansk var visst «tørr» (gazda-). Eg synest det stemmer bra med dei faktiske tilhøva der Gadden eller Gaddane ligg. Det er ofte namn på litt tørre knausar med svaberg og grunn jord. Reis til Lærdal og sjå på dei «tørre» fjellsidene der, /galdadn/.

Namn på gamle furutre og dårlege mjølkekyr

Mange av oss veit kva «gaddefore» eller «gjeddefore» er; gamle, litt forkrøpla furutre med mykje spik i, tyrived, særleg i røtene. Ei slik fure vart og kalla «ei gjedde». På Sunnmøre brukte dei også dette ordet om ei mager ku (Torp), og på Nordsida i Stryn kalla dei ei ku som mjølka dårleg, for ei «torregjedde». Aasen si forklaring på «gjeddefore» er: «Fortørret Fyrretre, som indeholder megen Harpix og derfor kan staae længe uden at raadne».I svenske dialektar heitte trea «tjärigadd». Det var desse trea/røtene dei brukte til tjærebrenning. Nede på Ulvedalsfjellet på Nordsida finst det rikeleg med slike furutre. Mellom gardane Roset og Ulvedal finn vi eit stort område, Gaddane, som går heilt ut til Gasshilleren /gass'illjeren/. Det siste namnet er truleg Gaddshilleren (-dds- > -ss-). Eit område der heiter Brennene. Der stod det mange gamle furutre med spik i - «gjeddeforer». I min barndom hadde vi alltid ei spikrot ståande der vi hogg spøner til kveikje i omnen. Dei brann godt. Vi trong ikkje opptenningsbrikettar frå Europris.

Sogna-namn som Styggegalden og Maragalden er namn på bratte vegar

Garden Gald ber namnet sitt med rette. Den ligg høgt oppe, og den som har prøvd å gå stigen opp frå Galdsnausta, har gått over mykje steingrunn. Det var nok her dei gjekk i vikingtida og heilt fram til for hundre år sidan. At garden heiter Gald og ikkje Gadd, viser til høg alder, for i Fjordane gjekk dei over til Gadd i nyare tid. Det er tydeleg at Gald-namna i Indre Sogn ofte har noko med vegar å gjere. Eit lite utdrag av namn: Våtegalden, Styggegalden, Persgalden, Nilsgalden, Nautagalden, Maragalden, Patrisgalden (her vart det hesja potetris). Kommentarane til namna er: «kløvjeveg, stølsveg, bratt kneik, bakke i veg, flate over brattlende, flatt oppå hammar». Søndagsgalden i Lærdal er ein veg som ligg på ein mur, den vart mura opp på ein søndag. Gardnamnet Gallefoss i Fjaler vart i 1563 skrive Galdefos og inneheld det same ordet.

Og så har vi i Galdhøpiggen, då, Noregs høgaste fjell. Den har visst tidlegare heitt Galdhøi, førsteleddet har den frå garden Galde i Galdbygdi. I nærleiken av dette fjellet ligg eit ulendt berg med ein gammal veg, som heiter Gaddi. Namnet Galdhøpiggen inneheld tre grunnord: gald + hø (rund fjelltopp) + pigg (spiss fjelltopp). Dei to siste orda er motsetningar. Kjært barn har mange namn – den har og blitt kalla Galdhøtinden. Kanskje vil fjellet om nokre år bli kalla Galdhøpiggtoppen?

Fleire tydingar av «gadd»

Men ordet «gadd» har endå fleire tydingar. Allereide i norrøn tid kunne det tyde «pigg, spiss, brodd». I norrønt tydde verbet «gadda» = stinga, stikka. Uttrykket «- var i gadda slegit» betydde «det var avgjort». I engelsk har dei lånt ordet «gad» = «fiskekrok» frå nordisk. På norsk kunne ordet og tyde «spit, fortræd, hånleg ironi». Og fisken gjedde har namn etter det spisse hovudet, avleia av «gadd».

Gold og Goldhammaren – det ufruktbare

Men det finst fleire interessante namn som slektar på ordet «gald». Alle kjenner vel det danske ordet «gold», som tyder «ufruktbar, steril, ubevokst, naken» Dette beslekta ordet dukkar opp i stadnamna Goll, uttala /'gåll/eller /'gOll/ og Gollhammaren på garden Lunde i Stryn. Hammaren ligg i eit større område, som er bratt og utilgjengeleg med mange svaberg. Heile området blir kalla /'gåll/ eller /gOll/, slik eg tolkar namnet, bør det skrivast Gold. «På svensk heitte det «gall» eller «galder», medan vi på norsk helst sa «geldr». Men «gold, gåll» finst i norsk og. Ein mann frå garden Mork i Stryn fortel at ei revetispe som ikkje fekk ungar, vart kalla ei /'gålltispe/'gåldtispe/. Ho var altså ufruktbar. I Sverige kalla dei ei ufruktbar ku for «gallko» eller «galdnaut». Verbet «å gjelde» = sterilisere hanndyr, kjem av same ordet, dvs. «få til å bli gold/gald».

Som å spekulere på børsen?

Vi kan ofte ikkje vere heilt sikre på tydinga av stadnamn. Språkprofessor Sylfest Lomheim sa ein gong: «Tolking av stadnamn kan samanliknast med å spekulere på børsen». Eg nemner derfor at det kan vere ei alternativ tolking av stadnamnet Goll. I norrønt brukte dei ordet «goll f» om «brak, sterk lyd». Men det er ukjent for dei som bur på Lunde at brak eller sterk lyd karakteriserer staden. Det måtte i såfall kome frå elva Eikgjola lenger ute.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardsnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania, Aschehoug


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, Femte Udgave. Oslo, Fonna forlag


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. Oslo, Det norske Samlaget


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo, Det norske Samlaget


Taule, Ragnvald (2001): Escolas ordbok, bokmål, Oslo, Escola forlag as

PERMANENT IDENTIFIKATOR