Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. oktober 2019

Sist oppdatert 04. februar 2020

Kategori

Rå-data

Store og små elvenamn i Sogn



Mange av elvenamna våre høyrer til dei aller eldste stadnamna vi har. I mange «store» namn, som namn på dalføre og gardar, finn vi eit elvenamn i føreleddet. Då bygdene våre vart busette, var tilgangen til vatn livsviktig. Elvane spela ei sentraliserande rolle. Dei var levande i naturen, elva batt folk saman, eller stengde. Dei kunne vere farlege, men var og til hjelp. I dei store elvane var det fisk. På Vestlandet var elvane svært ulike, fossande eller rolege. Difor fekk dei individuelle namn, alt etter lyden dei laga, straumtilhøva, fargen, korleis elvefaret såg ut, kor farleg elva var til ulike årstider. Breelvane var spesielt utfordrande.

Lærdalselvi. Nedste delen av elva. Lærdal kommune.

Lærdalselvi. Nedste delen av elva. Lærdal kommune.

Fotograf: Pechke [Public domain]

Mange elvenamn har endra seg eller blitt borte

Dei eldste elvenamna var usamansette, og neste alltid i hokjønn. Frå urgammal tid vart slike «levande» element i naturen rekna som feminine. Det er kanskje ei av årsakene til at vi i norsk språk har tre kjønn. Som de ser, endar dei fleste av elvenamna nedanfor på -a. Det var den vanlegaste avleiinga. Men dei kan og ende på -ing, -m, -n, -s, -str og -und. Det fører for langt å ta med her. Etter kvar fekk mange elvenamn eit forklarande tillegg: -elva eller -å(n)a. I mange tilfelle fall namnet bort i dagleg tale. Lærdalselvi har namn etter Lærdal, norrønt «Læradalr» (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Men ein reknar som truleg at elva har heitt *Lærr. Magnus Olsen meiner tydinga kan ha vore «elven som hører til en græsrig dal». Namnet er no bortkome. Bygdenamnet Sogndal, i 1314 skrive «Soknardall» kan og ha eit bortkome elvenamn «*Sokn > *Sokna» i føreleddet. Jf. Jostra nedanfor.

Jostedøla

renn gjennom bygda Jostedalen, lokalt uttala /jøste'da:len/. Dalen er i Bergens Kalvskinn, ca.1350, kalla «Iostrudall» og «Jostrudal». Det eigentlege elvenamnet er bortkome, men vi finn det som genitivsform i føreleddet. Det må ha vore *Jostra eller *Jastra, så Jostedøla er ei nyare form, avleidd av namnet på dalen. Tydinga av namnet er noko usikker. Ola Stemshaug siterer S. Bugge, som meiner det kan vere ei avleiing av norrønt «jolstr f» el «jostr f» = istervidje, vidjepil – eit treslag. Namnet er i så fall av same rot som elvenamnet Istra i Romsdalen. Stemshaug viser og til Albert Kjær, som meiner at *Jastra kan tyde «den gjærande, skummande», av norrønt «jostr m» = gjær, gjester. Elva er ei breelv med varierande vass-stand og straum, ho går mest i stryk utan fossar.

Jarva

renn ut i Sognefjorden mellom Feios og Fresvik i Vik kommune. Vi finn både Insta og Ytsta Jarva her. Uttalen er /jarvao/. Grunnorda «jarve m» eller «jerve m» er svært mykje brukte i indre Sogn, mest i stadnamn i Luster og Vik (i meir enn 100 namn). Det tyder «steinete og grusblanda grunn». Det er mest brukt som teigenamn, både på innmark og i utmark. Orda må ikkje forvekslast med rovdyret «jerv m». Elvenamnet Jarva kjem nok av at ho renn gjennom terreng med mykje stein og grus.

Nåbera/Nåberene

er to små elvar i Fjærlandsfjorden, i Balestrand kommune: Ytsta Nåbera og Insta Nåbera. Uttalen er /nao'beredn/. Dei renn ut i fjorden like ved kvarandre. Etterleddet er det vanlege elvenamnet Bera, som i dei fleste tilfelle har fått namn etter norrønt «bera f» = binne, hobjørn. Svært mange elvenamn er oppkalla etter dyrenamn av hokjønn. Frå urgammal tid vart «levande» element i naturen rekna som feminine. Per Hovda skriv om denne elva: «Det skal vera gått med folk som har ferdast på sjøen utfor Nåberene når skridene gjekk om våren.» Han meiner at føreleddet «Nå-» truleg har samanheng med norrønt «når m» = nåe, dauding. Jf. «nålys n» = lys på havet som varslar lik. I Sogn «naoaljos», i Nordfjord «nådeljos». Stader ved kysten der dei har funne lik, heiter både Likvika og Nåvika. Elvenamna Nåberene kan då tyde: «dei som bar/ber fare og død med seg».

Eitra

finst som elvenamn fleire stader i fylket vårt. I Sogn renn Eitra ned Eitregilet og ut i Sognefjorden like vest for Sogndal Lufthamn, Haukåsen. I utløpet av Arnafjorden i Vik renn Eitrelvi ut ved Eitreneset og har gitt namn til heile austsida av fjorden, Eitrestrondi. På grensa mellom Balestrand og Høyanger renn Eitra gjennom Eitredalen og forbi støylen med same namn. Ned mot fjorden kastar ho seg utfor Eitrefossen. I Aurland finst og elva Eitra, kanskje på to gardar – Fretland og Midje. I Sogn vert elvenamnet uttala /ai:trao/ eller /ei:trao/. Jørn Sandnes skriv: «Elvenamn på «Eiter-»må hange i hop med gno. «eitr» = eiter, gift, beisk drikk, etter Oluf Rygh da helst med tydinga «den kalde», jf. uttrykk som «eitrande kald». Men dei kunne og vere laga til ei eldre grunntyding av germ. «*aitra» = noko som svell opp. Elvenamnet Eitra kan altså tyde «den kalde elva» eller kanskje «elva som svell opp». I Eid kommune finn vi Eitråna, og garden Etterli/Etrelien i Førde har truleg Eitra som føreledd.

Drosingen

heiter ei ganske lita elv som renn ned i Lærdalselvi ved Fremste Øygarden. Elva renn bratt nedover fjellsida. Ifølgje informanten til Per Hovda kjem ho «drysjande» nedover. Namnet er ei -ing-avleiing til det sterke verbet «drjosa» eller «druse» = falle ned, styrte ned i små deler. Det er det same verbet vi brukar når vi «drysser» kanel og sukker på grauten. Avleiinga «ei druse» vert brukt om ei stor og kraftig kvinne, dugande i arbeid.

Svultingen

er namn på ei elv som renn frå Nordstrandsvatnet ned i Bogsvatnet i Lavik. I denne delen av elva er det bygt kraftverk, det første i 1941. Per Hovda reknar med at namnet Svultingen opprinneleg har vore namn på den største fossen i elva. Han nemner vidare: «Om vinteren var det før i tida ovlite vatn i elva, men elles førde ho rett mykje med seg. Den sterke minkinga av vassføringa om vinteren ligg til grunn for det avleidde namnet Svultingen, som høyrer saman med «svelta» og «svolt»». Det norrøne ordet var «sultr m» = svolt, hunger. Aasen skriv i ordboka si at den vanlegaste uttalen var «svult» og «svulten». Elva, eller fossen, «svelt» altså om vinteren. Namnet er ei -ing-avleiing, slik som elvenamnet Syringa (sjå nedanfor).

Syringa

Desse elvane finn vi på to stader, både i Fresvik i Vik, og i Fjærlandsfjorden. Namnet vert uttala /sy:rinjao/. I Fresvik renn dei to elvane Fremsta Syringa og Heimsta Syringa ned frå høgdedraget Syringene og ned i dalen ved Syringegrandane, ikkje langt frå kvarandre. Dei har gjeve namn til Syringefjellet (1543 moh). Vi er her like ved Fresvikbreen. I Fjærlandsfjorden ligg begge desse elvane på austsida av fjorden, den eine nær garden Lidal, den andre lenger ute i fjorden, ikkje langt frå Vetle Trodal. Elvane renn ned frå kvar sitt fjell med same namnet: Syringaholten. Namnet er ei -ing-avleiing til verbet «syra» = småsikle, små-renne. Dette er vel typisk i område med brear og snøfonner som smeltar om sommaren. Vatn som siklar fram, vert i mange stadnamn kalla «syre f». Det finst mange Syrdalen, bl.a. i Aurland og Vik, Syrebakken i Leikanger og Syrskreda i Jølster. I våre bygder seier vi at vi «syrer» når vi græt. Men vi må passe på å ikkje bruke ordet i bygder på Austlandet, der det tyder «tisse».

Kvemma

Elva med dette namnet finn vi på to stader i Lærdalen. Den eine elva renn frå nord gjennom Kvamsdalen og ut i Lærdalselvi ved Øvre Kvame, den andre renn sørfrå ned til Nedre Kvame, lenger nede i dalen. Namna er lette å tyde, dei er avleia frå Kvamme > Kvemme (i-omlyd).

Smola eller Smøla

er ei lita elv som renn ned i Fortunselvi ved garden Øyabotn. Den vert og nemnd som Indre Smola. Uttalen av namnet skal ha vore /smø:lao/. Gustav Indrebø meinte at namnet kjem av verbet «smola» = knuse, slå sund, smula, gjera larm». Per Hovda meiner at uttalen av namnet med -ø- ikkje støttar den tolkinga. Han meiner at namnet høyrer saman med smølegras, også kalla smølmegras, smele eller smyle. Den øvste delen av Fortunsdalen var nytta som fjellbeite, og smyle var eit godt beitegras. Om Indrebø eller Hovda har rett, er ikkje godt å seie. Lenger nede i dalen renn Smolsgrovi, den kjem frå Smolsvatnet. Desse to namna er ikkje registrerte i webarkivet, så eg kjenner ikkje uttalen, men Indre Smola er innlese som /indre smo:la/. Men at «smol» ikkje kan bli til «smøl» kan vi nok sette eit spørsmålsteikn ved. Øya Smøla på Nordmøre, tidlegare skrive Smyl og Smjol, er laga av «smol» = smule, noko som er knust. Det kan vere rimeleg at både Smolsvatnet og Indre Smola har fått namnet etter noko som er knust, småstein eller grus.

Tura og Kumra

Desse to elvane finn vi i Framfjorden i Vik. Uttalen er /tu:rao/ og /kumrao/. Dei renn mot kvarandre på kvar si side lengst inne i fjorden. Per Hovda meiner at desse to elvane synest å vere namngjevne i relasjon til kvarandre. Tura er ei stor elv som fossar og buldrar med sterk lyd, medan Kumra er ei lita elv, som renn stille og avdempa. Aasen skriv at verbet «tura» = «buldre, brage, larme med en vedvarende eensformig Lyd». Verbet «kumra» finn vi hos Alf Torp i tydinga «gi sakte, enstonig lyd med lukket mund». I vår tid seier vi helst «humre» eller «mumle», ein lyd som kjem frå både hestar og folk. Ordet er også i bruk på Island. Desse to elvenamna føyer seg då inn i ei rekkje elvar, som har fått namn etter lyden dei lagar, slik som Gaula, Songa, Belja, Skvaldra og Kvina.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Hovda, Per (1966): Norske elvenamn. Oslo-Bergen. Universitetsforlaget


Torp, Alf (1919): Nynorske etymologisk leksikon. Kristiania. Aschehoug forlag


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo. Det norske Samlaget


Aasen, Ivar (1873-1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag


Indrebø, Gustav (1941): Eit tillegg til Norske Elvenamn. Kristiania. Maal og Minne


Olsen, Magnus (1912): Stedsnavnestudier. Kristiania, ukjent forlag


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania. Fabritius & Sønner A/S

PERMANENT IDENTIFIKATOR