Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 27. november 2019

Sist oppdatert 04. februar 2020

Kategori

Rå-data

Yksnebjør, Yksnelvane og Uksen



Vi skal i denne artikkelen sjå nærare på bruken av «ukse», «okse» og «yksne» i stadnamna. Husdyret «ukse» vert i Sogn og Fjordane stort sett uttale med trong /u/ - /ukse/. Det ser ut til at folk ute ved kysten ofte har uttalen /okse/. Det norrøne namnet var «uxi» eller «oxi», og vart bøygt på fleire måtar i fleirtal: «yxn», «øxn», «uxar», «oxar». I moderne norsk skriv vi -ks- for -x-. I samansette namn som gardsnamnet Yksnebjør – også skrive Øksenberg – i Dale finn vi ordet i genitiv. Som vi skal sjå, er alle desse orda for «ukse» brukt i stadnamna våre, som det finst mange av i fylket vårt – ca. 200 namn.

Øksenelvane kraftstasjon

Øksenelvane kraftstasjon

Datering: 11.05.2016

Fotograf: PeltonMan [CC BY-SA 4.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0)]

Dei som er kjende med livet på ein gard, knyter nok adjektivet «yksne» til kyr som er i brunst. Aasen forklarar ordet som «uksegalen, parrelysten». Då kallar vi ho «yksnekyr». Dei kan vere vanskelege å ha med å gjere. Men her skal vi ikkje snakke om kyra, men uksen.

Namn på «Yksne-» er for nokre kanskje ikkje lette å forstå, men det er registrert 18-20 av dei i webarkivet. Dei er spreidde over heile fylket. I fjellet i Leikanger ligg Yksnavatnet/Øksnavatnet og Yksnahaug. Yksnebruna og Yksnemyrane finn vi i Stryn.

Bakgrunnen for namna er ofte usikker, men i mange tilfelle ser det ut som at uksar har hatt beite her. Yksnehaugane ved Lefdalssetra i Eid er forklart som beitemark. Det same gjeld Yksnevika på øya Selja. I Flora heitte eit gjel der dei dreiv dyra frå fjøsen til utmarksbeitet Yksnegjelet. I Gaupne i Luster heiter ei slåttemark Øksnavollen. I Flora ligg den vesle øya Yksnøya, det er vel grunn til å tru at dei sette uksar hit for å ha dei under kontroll. Dei skulle helst beite på avsidesliggjande stader. Ei dramatisk historie er knytta til Yksnevellene i Gjesdalsdalen i Jølster. Har skal ein bjørn ha drepe ein ukse.

Yksnelvane i Bremanger

Flest slike namn er det i Bremanger, men dei er alle knytta til Yksnelvane og Yksnelvane Kraftstasjon (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Denne kommunen har som kjent stor produksjon av el-kraft. Yksnelvane er namnet på fleire elvar som kastar seg utfor bratt terreng på sørsida av Nordfjorden. Kva som er bakgrunn for namnet, er usikkert. Det finst ingen naturformasjon med namnet Uksen her. Men i ordboka til Alf Torp har verbet «yksnast, yksne seg» tydinga: «hidse sig op til vrede som oksen». Det kan vel bety at desse elvane kjem med stor kraft og sterk lyd nedover. Fleire elvar i landet vårt heiter Yksna. I så fall kan namnet samanliknast med den store snøskreda Uksen eller Hjelleuksen i Oppstryn.

Gardsnamna Yksnebjør, Øksdal og Øksneland

I Dale i Fjaler har ein gard namnet Yksnebjør, på 1350-talet skrive «Yxnabiorghum», Seinare skrivemåtar: Oxebergh, Øxzneberrig, Øxenberg. Føreleddet kan vere eit elvenamn *Yksna + berg. Dei som brukar det som familienamn, skriv Øksenberg. Gardsnamna Øksdal på Vangsnes i Vik og Øksneland i Gaular kjem i same kategorien. Det siste namnet vert og skrive Yksland. Yksnøy i Volda på Sunnmøre er både øynamn og gardsnamn. Øya har i eldre tid vore brukt til hamne for uksar, men lokalt meinar dei at namnet kjem av tre store steinar som blir kalla Uksane. Vi tek også med gardsnamnet Øksnevad i Rogaland = vadestad for uksar. Same tydinga har det engelske bynamnet Oxford.

Uksen som namn på fjell, steinar og farlege skjer

Det finst berre 18-20 namn med det eldre føreleddet «Yksn-» i heile fylket, stort sett er skrivemåten det nyare ordet «Ukse-» eller «Okse-» brukt – i heile 180 stadnamn. Namneforskaren Kolbjørn Aune skriv i Norsk Stadnamleksikon:

«Oksen er vanleg fjellnamn overalt i landet. Ei samanlikning med dyret okse ligg til grunn for slike namn....Oksen er eit mykje brukt namn på farlege (ofte ikkje synlege) stader i sjøen, såleis som båar, fluer, skjer og steinar».

Ved Frislidstøylen i Eid kommune ligg eit smalt sund i vatnet, kalla Strupen. Her ligg det to steinar i vatnet, Uksen og Raudside – også kalla Uksen og Kyra. Uksen ligg nærast land og stikk opp av vatnet heilt tida, Raudside ligg midt i leia og stikk opp berre i tørkeperiodar. Eit godt døme på farlege steinar. Ein raudfarga stein i sjøen på Lote i same kommunen heiter Rauduksen. Svartoksen finst på 6 stader i fylket, Likkjeoksen på 3 stader og Kvitoksen på 2 stader. Langt ute i havet, ved Utvær i Solund, ligg øya Dyroksen. Stongaoksen ligg i Flora. Slike namn finst det mest av ute ved kysten.

Namn som viser til naturtilhøve eller ulukker

Ein ukse som rømde frå Fossen i Luster sat fast mellom to steinar. Staden heiter Uksabåsen. I same kommunen ligg gamle stølstufter med namnet Uksastøl. Uksafallet på Kråkenes i Vågsøy er eit bergstup, det viser nok til ei hending – at ein ukse skal ha falle utfor her. I Uksaskreda i Sogndal gjekk 3 uksar seg utføre på 1970-talet.

Det same skjedde kanskje i Uksalaupet i Hjelledalen i Stryn. Tilbake til Luster – ein uksekalv fall i elva og drukna i Uksahølen, og Uksholt har fått namnet sitt fordi ein ukse vart jaga utfor av ein bjørn. Uksarevi i Aurland er namn på eit klype i elva.

Hjelleuksen

Ved Hjelle i Oppstryn har eit årleg snøskred namnet Hjelleuksen – eller berre Uksen. Den kjem med dunder og brak ned frå Hjellehyrna frå 1300-1400 m høgde. Ein del av den glattslipte fjellsida heiter Uksesvodene. Skreda har vel fått namnet sitt både frå styrken og lyden. Bygdefolket her kan fortelje at Hjelleuksen har blitt selt – usett - 3-4 gonger til utabygdarar i lystig lag. Dei trudde dei kjøpte ein gild stut frå Hjelle.

Yksnekyr kan brukast til så mangt

Eg avsluttar med ei sann historie frå Indre Nordfjord om ei yksnekyr på tur. For 70-80 år sidan var det i bygdene i Nordfjord vanleg å ha ein lagsukse – dei brukte namnet «stamstut». Det var eit sværa beist som bøndene fora etter tur. Han vart rimeleg olm av å bli flytta frå fjøs til fjøs. Ein dag kom ein granne på besøk med ei yksnekyr. Han måtte først inn i stova. Mannen på garden hadde som vanleg bryggja godt øl. Praten og drikkinga varte og rakk, så til slutt sa verten: «Nei, det er vel på tide å løyse stuten». «Det er ikkje nødvendig», sa grannen, «kyra er ikkje yksne».

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo. Det norske Samlaget


Veka, Olav (2016): Norsk etternamnleksikon, 2.utg. Oslo. Det norske Samlaget


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo. Det norske Samlaget


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo. Fonna forlag


Rygh. Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania. Fabritius & Sønner A/S


Torp, Alf (1919): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania. Aschehoug

PERMANENT IDENTIFIKATOR