Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 27. juni 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Fallossteinar og kultsteinar i Stryn



Steinar finst det overalt i naturen, særleg der vi er omgitt av fjell og hamrar. I tusenvis av år har steinar ramla ned frå fjellsidene, til stor fare for folk og fe. Steinar har vore ein så viktig del av kulturen vår at vi har fått omgrepet «steinalderen». Stein fungerte som reiskap og våpen, og runene vart ofte rista på steinar – runesteinar. Vi set opp gravsteinar på kyrkjegardane med innskrift om den avdøde, og steinstøtter til minne om kjende personar. Steinar vart brukte som kultsteinar i eldgamle kulturar, bl.a. av keltarane, men og i Nordfjord. Dei hadde magisk funksjon. Tenk på Stonehenge i Wiltshire i England og statuane på Påskeøya.

Tunoldsteinen

Tunoldsteinen

Datering: 2015

Fotograf: Kristian Solvang

Tunoldsteinen

På garden Tunold står den kjende Tunoldsteinen, eit fornminne som vitnar om førhistorisk gudsdyrking (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Det er ein fallosstein. Ordet kjem frå gresk «phallos» = erigert penis. Steinen er søyleforma, av noko mørkare bergart enn dei karakteristiske, kvite fallossteinane. Han er om lag 80 cm høg over jorda, har avrunda topp, og ein fure innhogd under toppen. Jon Tunold (1908-1996), brukar på Tunold, skreiv i 1979 ein artikkel om det gamle tunet. Han skriv:

«På nedsida av tunet står den eldgamle Tunoldsteinen frå urtida. Guden dei ofra mjød til i gammal tid (...) Nedunder bakken, eller nedanfor tunet er ein plass som vi kallar Hovåkeren den dag i dag. Og segna seier at her stod eit gudehov, der dei ofra til gudane Odin, Tor og Frøy m.fl. (...) Lengst ute i tunet stod to steinar som hadde ei merkeleg form. Dei var ca. 1,30 m høge og hadde ei rund form. Ingen på garden visste då kva tyding dei hadde, og dei vart tekne i ein fjøsmur i 1890-åra.»

Jacob Aaland har skrive om Tunoldsteinen i tidsskriftet «Norsk Folkekultur».

Gardsnamnet Tunold har namnekonsulentane lenge visst var feilskrive. Opphavleg namn frå norrønt er Tunhvall - «hvall» = hol, rund høgde. Det offisielle namnet er no endra til Tunål. Det er same gardsnamnet som Tenål i Vik kommune.

Magisk funksjon?

På folkemunne vert det sagt steinen hadde magisk funksjon, men skulle den ha noko verknad, måtte kvinnene sette seg nakne oppå steinen ved midnatt. Det skulle vel hjelpe på fruktbarheita. Ein turist som nyleg besøkte denne steinen på Tunold, sa: «Men det er nok lenge sidan denne har vore i bruk, for det veks mose på han.» Men det handla nok ikkje berre om kvinnene si fruktbarheit. Truleg innebar denne religiøse kultusen eit ønskje om velstand, god avling og godt krøtterhald på garden.

Fleire fallossteinar i Stryn – kvar vart dei av?

Men ein kjenner til at det har vore fleire slike steinar i Stryn kommune. Den eine var av marmor og vart funnen i 1879 ved ein gravhaug i Loen. Den andre, som var av kvarts, vart funnen i 1886 under bortrydding av ei røys på garden Fosnes i Oppstryn. Ein reknar med at dei heilage, kvite steinane var brukte som symbol på «fruktbarhetens gud», som i den norrøne mytologien ber namnet Frøy, som var gud for god haust og velstand. Begge desse steinane hadde form som ein fallos. Kvar desse steinane er no, er ein ikkje sikker på.

Kanskje var Tindebusteinen ein fallosstein

Det står i dag ein stein i vegkanten ved bilvegen mellom Hotell Alexandra og Loen Kyrkje som heiter Tindebusteinen (=Tiendebu-). Han har namnet sitt etter Tiendebuda, som ein gong stod her. Det stod ei tiendebu ved dei fleste kyrkjer eller prestegardar, der dei lagra tienda frå folk i soknet. Steinen har visst tidlegare hatt namnet Klovsteinen. Jacob Aaland nemner dette i Bygdesoga for Innvik og Stryn og skriv: «Steinen er vel ein bautastein eller kultstein». Etter forma å dømme kan det godt hende at denne er ein av dei nemnde fallossteinane.

Kyssaren

I Innvik finn vi ein spesiell og interessant stein, som har namnet Kyssaren. Den står tett ved støylsvegen opp til Vikadalen, og har ei eigenarta form. Jacob Aaland kallar han Kyssesteinen, og skriv vidare i Bygdeboka Innvik-Stryn, bind II:

«Til den er det fest den trui, at fyrste gong ein for framum han paa veg til sætrane i Vikadala, skulde ein kyssa han, i fall det skulde gaa ein vel i marki. Steinen maa vel vere ein gammal kultstein».

Kyssaren står like ved støylsvegen opp i Vikadalen – både den gamle og den nye, berre ca. 100 m frå der to store elvar renn saman. Som fotoet viser, er steinen både høg og rund, avrunda på toppen, og liknar på ein fallosstein. Aaland har truleg rett når han meinar det er ein kultstein.

Men namnet Kyssaren har kanskje eit anna opphav. Folk i bygda meinar å ha høyrt forma Tyssaren. Om så er, opnar det for andre tydingar. Ein mogleg teori er at steinen er oppkalla etter elva, som kan ha heitt Tyssa. Ho heiter Storelva i dag, men som andre «Storelva» har ho ganske sikkert hatt eit anna namn. Elvenamnet Tyssa/Tussa finst fleire stader, og tyder «den todelte», dvs. der to elvar renn saman til ei. Steinen står like ved eit slikt «elvemot». Dette er likevel ei svært usikker tyding.

Kyssing av steinar var magisk skikk

Denne kyssinga kan vere ein urgammal, heidensk skikk med magisk funksjon. I Store Norske Leksikon kan vi lese: «Magi er ord eller handlinger av rituell art som tar sikte på overnaturlig påvirkning av naturfenomener, dyr eller mennesker.... Magi er kjent fra praktisk talt alle kulturer og fra de eldste tider.»

Kaba i Mekka

Søk på nettet etter andre døme på magisk kyssing gjev få treff. Det mest kjende dømet er den svarte steinen, som er murt inn i det eine hjørnet på heilagdomen Kaba i Mekka. Muslimske pilegrimar helsar og kysser denne steinen, som er symbol på æva og Guds einskap. Å kysse paven si hand eller ring eller andre høgtståande personar er teikn på at ein underkastar seg.

Blarney-steinen i Irland

I Dagbladet 29.mai 2010 kunne vi lese at Blarney-steinen i Irland har ein slik magisk funksjon. Han er murt inn i brystvernet i Blarney Castle, 35 m over bakken. Det er mange myter om denne steinen, og i dag møter dei turistane med slagordet: «Kyss Blarney-steinen og bli både veltalande og sjarmerande!» Kvar år kjem det 200 000 besøkande, og 90% kyssar steinen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Aaland, Jacob (1932): Bygdesoga Innvik-Stryn, Bind I-II. Sandane, utgj.av ei nemnd.


Aaland, Jacob (1916): «Levninger av gammel kultur i Nordfjord», artikkel i Norsk Folkekultur.


Tunold, Jon: (1979): «Segner, hendingar og tankar kring det gamle tunet», artikkel i Årbok for Nordfjord.


Dagbladet: Irsk attraksjon: Kyss steinen og bli en sjarmør! (lesedato 05.04.2019)


SNL: Magi (lesedato 05.04.2019)


Wikipedia: Kaba (Lesedato 24.06.2019)


Wikipedia: Blarney Stone (Lesedato 25.06.2019.)

PERMANENT IDENTIFIKATOR