Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 27. januar 2020

Sist oppdatert 27. mai 2020

Kategori

Rå-data

Dakotabakkane, Gosen, Egypten og Sionsdalen ligg i Stryn! På ein gard i Luster kan du gå frå Jerusalem til Jeriko.



Det er faktisk ganske vanleg at stader som treng eit namn, får eit namn som har vore brukt før. Slike stadnamn vert kalla oppkallingsnamn, eit sekundært namn som er overført frå ein annan stad. I personnamn er dette det vanlege, t.d. når ein kallar barna opp etter besteforeldra. Nyare matrikkelnamn ber også preg av det, slik som når ei hytte vert kalla Lidarende.

Golanhøgda (Ramsdalsheia) på gamle-vegen mellom Flora og Naustdal kommunar (no Kinn og Sunnfjord).

Golanhøgda (Ramsdalsheia) på gamle-vegen mellom Flora og Naustdal kommunar (no Kinn og Sunnfjord).

Datering: ca. 1945-1950

Fotograf: Malvin Horne

Mange stader i fylket vårt har fått namn frå USA. Årsaka er sjølvsagt den store utvandringa frå fylket vårt på 1800-talet. Seinare kom mange tilbake til gamlelandet, og tok med seg namn frå «over there». Det ser ut til å vere flest slike namn i Sogn, særleg i Luster og Vik. Dessutan har vi fleire overførte namn frå jødiske område, som Jerusalem og Jeriko.

Golanhøgdene

Då sjukehusstriden var på det verste her i fylket, vart det importert eit namn frå krigsområda mellom Israel og Syria til Sunnfjord. Flora og Førde var bitre motstandarar, og fjellovergangen mellom Naustdal og Eikefjord vart kalla Golanhøgdene. Det seier vel sitt om konfliktnivået. Det eigentlege namnet er Ramsdalsheia (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Stadnamn kan nemleg flyttast på, overførast – frå teig til teig, frå bygd til bygd, eller rundt om i heile verda. Slike sekundære namn kallar vi oppkallingsnamn. Eg skal i denne artikkelen gje døme på at kjende namn frå den store verda er flytta til bygdene våre. Både frå kontinentet, USA og Midt-Austen. På grunn av den store utvandringa til Amerika, vrimlar det av amerikanske namn i Noreg.

Dakotabakkane, New York og Florida

Mange veit at Dakotabakkane ligg på Storesunde. Eg har ikkje fått nokon sikker bakgrunn for namnet, men her låg det ein åker der dei dyrka neper. Broren til bonden var reist til Amerika. I Høyanger kom ein mann heim frå «over there», han kalla jordstykket sitt New York.

Florida ligg i Balestrand. Det er namn på ein tomt som var ått av Synnøve Thue. Ho budde lenge i Florida i USA, men kom heim til Noreg og bygde seg hus her. Namnet Florida finst og i Bergen. Kjøpmann Johan Fredrik Fosswinkel bygde seg eit lysthus på dette neset i 1753. Gøril Grov Sørdal skriv at staden er forma som ei halvøy, som nok liknar på staten Florida.

Minnesotabakkane, Mississippi og California

I Vik i Sogn (Feios) vart ei heil grend heitande Oppi Minnesotabakkane, og ei gard i Nord-Dakota heiter Hove. Dit flytte mange frå garden Hove, men dei tok med seg namnet. Minnesotabakkane finn vi og i Luster. Mississippi er namn på ein skog i Stavanger. California skal vere ein ekstra grøderik teig i Surnadal på Nordmøre.

Nebraska og Klondyke

Nebraska ligg i Valdres. Stadnamngranskaren Tom Schmidt fortel historia bak namnet: Ein utvandrar kom tilbake og bygde seg eit digert hus, men huset kollapsa. Difor vart det kalla Nebraska, huset vart ned-braska. Klondyke er namnet på ei hyttetomt på Nese i Vik kommune. Namnet finn ein i Sunndal kommune og på Voss. På Voss er det eit skiferbrot som heiter Klondyke. Der var det aktivitet frå 1880 til 1940.

Chicago og Little Chicago
Namnet Chicago omfatta fem bustadblokker som blei bygde på Landås i Bergen på 1950-talet. Fram til 1970-talet var strøket berykta som byen sitt skumlaste strøk, med assosiasjonar til gangstertida. På same tid fekk Nordkapp sitt Chicago. I etterkrigstida blei Honningsvåg berykta for sine blodige slagsmål, og fiskeværet fekk kallenamnet Little Chicago.

Texas

er namnet på eit dalføre i Kåfjord. Det var vel heilt Texas der til tider. Og alle haugesundarar veit kvar bustadfeltet Texasbyen ligg.

Gosen, Egypten og Sionsdalen

På Ulvedal i Stryn heiter ein liten slåtteteig Egypten. Eit nyare namn, ei tenestejente på Markusbruket sette på dette namnet tidleg på 1900-talet. Stykket heiter opphavleg Innlegda. Det var vel varmt og grøderikt der sommarstid. Det var det vel og på eit smalt engstykke, Rumpa, på Faleide, som fekk namnet Gosen. To ungstrikar som gjekk etter kyrne ikkje langt frå støylen Smørdalen på Nordsida, fann på namnet Sionsdalen – eit dalsøkk utan namn der kyrne ofte gjekk. Namnet hugsa dei frå bibelsoga. Namnet finst også i Leirvik og i Troms. På Auflem vart teigen Långegjerda omdøypt til Longyearbyen.

Jerusalem, Jeriko, Arabia og Libanon

Som nemnt ovanfor kan du på ein gard i Luster gå ifrå Jerusalem til Jeriko. Det er to teigar som ligg hundre meter frå kvarandre. Like ved ligg teigen Arendal, som vart oppdyrka av ein Arne. Kvifor det er spesielt mange utanlandske namn i Luster, veit eg ikkje. Der finn vi jamvel Arabia og Amerika. Bynamnet Jeriko er av ukjende grunnar populært i fylket vårt, det finst både i Aurland, Lærdal, Balestrand, Flora og Luster. I Lærdal ligg Jerikohølen.

Kan grunnen vere at Lærdal er vennskapsby til Jeriko? Jeriko er ein av dei eldste byane i verda, og ligg 250 m under havoverflata. Vi hugsar kanskje Jerikos murar og tollaren Sakkeus? Libanon er namnet på ei bratt fjellside i Solund. Opphavet til namnet kjenner eg ikkje.

Atlanteren, Moskva og Burmavegen

finn vi i Eid kommune. Det første, Atlanteren, er namnet på ein vid slåtteteig. Moskva er eit kallenamn på eit byggefelt i Mogrenda, der mange arbeidarar busette seg. Vegen som vart bygt frå Moskva til Leivdalen, Leivdalsvegen, vert lokalt kalla Burmavegen. Burmavegen finst også i Førde – og overalt i landet vårt. Desse namna kjenner vi opphavet til. Dette blir omtala i ein eigen artikkel.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Webarkiv for stadnamn


Sørdal, Gøril Grov (2018): Nomino. Historia om norske stadnamn. Oslo, Spartacus forlag AS

PERMANENT IDENTIFIKATOR