Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 02. juli 2019

Sist oppdatert 30. januar 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Tviberg, Tvibyrge, Bjørga og Rambjørga



Alle dei nemnde stadnamna i overskrifta inneheld ordet «berg n» = fjell, fjellgrunn, bergside. Men i stadnamn finst det i fleire former. I norrønt heitte det «berg» eller «bjarg», fleirtal «bjorg». Det har sitt opphav i eit indoeuropeisk ord *bhergh = høgde, som i germansk vart til *berga-. Den norrøne forma er ei brytingsform, som i mange stadnamn vart til «bjørg». Bispedømmet vårt heiter Bjørgvin, etter det norrøne namnet på byen Bergen, Bjorgvin (= enga mellom fjella). Fjellnamnet Bjørga finst fleire stader i Sogn og Fjordane.

Øya Tvibyrge (Av Rart - Eget verk, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=16553305)

Øya Tvibyrge (Av Rart - Eget verk, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=16553305)

Øya Tvibyrge

Når ein følgjer skipsleia og kryssar Aldefjorden mellom Alden og Atløyna i Askvoll kommune, reiser ein like forbi øya Tvibyrge, uttala /tvi:byrje/. Der ligg garden Tviberg, som har fått namnet sitt frå øya (sjå kartfesting nedst i artikkelen). Men øya er no fråflytta, og blir berre brukt som ferieøy. Gardsnamnet er skrive Thueberrig (1563) og Tveberg (1723). Namneformene betyr det same: «Toberget» eller «Dobbeltberget». Ser vi på kartet og biletet over, ser vi at denne øya har 2-3 markerte høgder. Oluf Rygh skriv: «to stakformede Høider». Dei høgaste er Storenipa (192 moh) og Stauren (157 moh). Litlenipa (129 moh) er noko mindre. Namnet er sikkert påsett av dei som reiste gjennom skipsleia. Gardsnamnet er ikkje eineståande, det finst også eit par andre stader i landet vårt.

«Byrge(t)», uttala /byrje/ tyder altså berg, fjell eller høgde. Det vert skrive på fleire måtar, Byrge, Byrget eller Byrgje. Namnet finst på fleire stader ute ved kysten, på Vassøya i Solund er Byrgje eit bratt fjell med ei lita djup vik. Vika var ein kaste- og låseplass. I Askvoll heiter ein lite våg Byrgevågen. I Framfjorden i Vik kommune vert ein gammal støylsplass kalla Byrget. Han ligg i eit bratt berg.

Byrge og Bjørge kan tyde å berge eller skjule noko

Men «byrge» kan og ha ei anna tyding, som er avleia av verbet «berga» = ta vare på, skjule, redde. I tydinga «vern» finn vi ord som fingerbjørg = som bergar fingeren, brukt når vi syr. Det vert uttala /'bjø:r/. Det er denne tydinga vi har i ordet «herbyrge/herberge n», som opphavleg tydde noko militært, «stad som skjuler ein hær», seinare meir generelt «overnatting og husly for framandfolk». Det tilsvarande ordet i engelsk er «harbour» = opphavleg tilfluktsstad, hamn.

Like under Kvamshesten i Bygstad finn vi namnet Tjuvebyrget. Det er ein heller, og i merknaden blir det sagt at det truleg har vore ein tilhaldsstad for tjuvar. Det er påfallande at det i Askvoll finst 6 stader som heiter Otrebyrget. Det er stader der oteren held til. Og i Leikanger heiter ei slåttemark Bjørga. Etter segna sprang ei kvinne, som bjørnen grov grav til, ned her og vart berga. Er dette rett, og ikkje berre folkeetymologi, kan namnet Bjørga også bety = Berginga.

Bjørga, Bjørgi og Bjørganosi

Går du turen over breen frå Befring i Jølster til Fjærland, passerer du fjellet Bjørga (1551 m) og Bjørgaryggen, velkjent av alle brevandrarar. Men fjellet har ein namnebror i Ålhus i same kommunen. Målaren Nikolai Astrup har foreviga dette fjellpartiet i fleire utgåver av «Soleienatt». Dette fjellet er mykje mindre, meir ein hammar og fjellknaus. Den same forma har Bjørgane på Indre Lunde i Stryn, ein stad med mange bergknausar. Bjørganosi i Aurland er ein fjellrygg med furuskog og lyng. Lengst inne i Barsnesfjorden i Sogndal finn vi namnet Bjørgi. Det var ein gammal buplass, som vart nedlagt i 1920. Der er det bratt og ulendt mark, men plassefolka hadde flere slåtteteigar med namna Insta Bjørgi, Midtbjørgi og Ysta Bjørgi. Her ligg og Bjørgahamrane. I Leikanger i Sogn finn vi på Øvre Njøs Bjørgadalen, Bjørgadalsløa, Bjørgadalsteigen, Bjørgahaug, Bjørgahaugsteinen og Bjørgaskori. I Bergens Kalvskinn er det nemnd ein gard under Njøs som heitte «Biorgum». Bygdebokskrivaren Per H. Bøthun skriv: «Dette gardsnamnet er bortkome no» og han trur at denne garden låg i Bjørgadalen og på Bjørgahaug.

Her kan vi legge til at bynamnet Bergen er den nedertyske uttalen av Bjorgvin/Bjørgvin, og at det i si tid fanst mange Bjorgvin i Noreg. Språket vårt har endra namna, som i dag har blitt til Børve, Bjerve, Bjerva og Berven. Hadde ikkje Bergen hatt ei så internasjonal fortid, kunne den framleis heitt Bjørgvin. Fylkespolitikarane tok dessverre ikkje vare på dette historiske namnet i den nye fylkesreformen.

Rambjørga = Ramnefjellet

Fleire høge fjell har dette namnet, bl.a. Rambjørga i Selje, Rambera/Rambertinden i Vik og Rambergskollen i Kjølsdalen i Nordfjord. Ved fjellet Bjørga i Befringsdalen finn vi Rambjørgeryggen, og like ved renn Rambjørgeelva. Føreleddet viser nok til fuglen ramn. Uttalen av «ramn-», norrønt «hrafnr», vert lett avkorta til «ram-», som i gardsnamnet Ramstad. I dette gardsnamnet er det nok mannsnamnet Ravn som er brukt, eit vanleg namn i norrøn tid, men i fjellnamn er det nok fuglen. Han hekkar gjerne i fjellsider og berg.

Ramnefjellet finst på 24 stader i fylket vårt. Eitt av desse er ulykkesfjellet Ramnefjellet i Lodalen. Ramneberget finst på 14 stader. Anten er det den mørke, glinsande fargen det går på, eller så oppheld fuglen seg der. I vikingtida knytte det seg sterk symbolikk til ramnen, Odin var «ramneguden» - han sende kvar morgon ut ramnane Hugin (=tanken) og Munin (=minnet) for å frette nytt. Ramnen vart knytta til mørke, vondskap og død, og forfattarane av dei islandske ættesogene framstilte ofte menn som heitte Ravn, med negative eigenskapar. Fjellnamn som Rambjørga og Ramnefjellet gav nok folk neppe positive assosiasjonar.

I vår tid snakkar vi om «ei ramnemor» og «ei hønemor». Det er ramnemora som ikkje tek seg av ungane sine. Men namnet Natteramnane, namnet på dei som går rundt i gatene på kveldstid for å kontakte ungdom, har fått eit positivt innhald.

Kvinnenamnet Bjørg

Namnet er verken knytt til fjell eller berg, men tyder «berging, hjelp» (sjå ovanfor). Så det namnet kan både dei sjølv, ektemannen og ungane trøyste seg med. Det same gjeld namn som Ingebjørg, Asbjørg og Torbjørg. Somme meiner at nokre fjellnamn også har denne tydinga; at når dei såg dette fjellet, visste dei kvar dei skulle gå.

Skidronninga vår, Marit Bjørgen, med etternamn som skal uttalast /'bjørjen/, kjem frå garden Bjørgen i Midtre Gauldal.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Webarkiv for stadnamn


Aasen, Ivar (1873/1977): Norsk Ordbog, femte Udg. Oslo, Fonna forlag


Bøthun, Per H. (1965): Leikanger Bygdebok. Gardssoga. Leikanger Bygdeboknemnd


Heggstad, Leiv (1963): Gamalnorsk ordbok. Oslo, Det norske Samlaget


Rygh, Oluf (1919): Norske Gaardnavne, bind XII. Kristiania, Fabritius & Sønner A/S


Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola (1976): Norsk stadnamnleksikon. Oslo, Det norske Samlaget


Sørdal, Gøril Grov (2018): Nomino. Historia om norske stadnamn. Oslo, Spartacus forlag AS


Veka, Olav (2016): Norsk etternamnleksikon, 2.utg. Oslo, Det norske Samlaget


Vågslid, Eivind (1930): Norsk navnebok. Oslo, Eige forlag

PERMANENT IDENTIFIKATOR