Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sil av kujur



"ÆÆÆsj!!!" skrik ungane i kor når dei på museet får sjå denne silen med kujur som botn. Spenane som er uttørka og stikk ut i frå den perforerte, tørka jurhinna gir mange gysingar.

Det er ikkje mykje tvil om kva denne sila er laga av. Spenane på det perforerte kujuret er godt synleg. Det som i si tid var naudsynt bruk av knappe ressursar, gjer mange ei sterk kjensle av ubehag i 2005.

Det er ikkje mykje tvil om kva denne sila er laga av. Spenane på det perforerte kujuret er godt synleg. Det som i si tid var naudsynt bruk av knappe ressursar, gjer mange ei sterk kjensle av ubehag i 2005.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2003

Fotograf: Ingrid Berger

Lite vart kasta etter slaktinga

I det mystiske landet "gamle dagar", kan vi fortelje ungane, måtte det meste lagast heime og ein måtte bruke det ein hadde for hand. Det var synd å kaste noko som kunne brukast. Avfallsdungane etter slakting var ikkje store. Dei fleste hinner i dyrekroppane vart brukt. Kjent for mange er pølseskinn av tarmar. Hinnene i frå magane vart til dømes brukt til blodpølseskinn. Dette vert enno gjort. På ei skjålykt er hinna rundt lykta av vombskinn.

Pung til behaldar og jur til pålegg

Ikkje like utbredt lenger og relativt eksotisk er vel bruken av urinblæra til behaldar. I frå større dyr var pungen også ein naturlig forma behaldar. Den kunne brukast til å ha fyrtøyet i. Jur vart ikkje berre brukt som tørka hinne, det kunne og bli pressa og kokt til pålegg saman med tunge. Det er ikkje sikre opplysningar om kva denne silen vart brukt til, men truleg er det ein mjølkesil.

kjelder:

Reitan, Aud Åse: Fra bås til bord. Et prosjekt om hjemmeslakting. I: Jord og gjerning. Norsk Landbruksmuseum, s.109-124, Landbruksforlaget, Otta 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR