Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Huldafossen i Fresvik



Huldafossen i Fresvik er rekna som ein av dei viktigaste fossefalla innanfor Nærøyfjorden Verdsavområde. Fossen ligg i Huldabotnen, aust for Fresvikbreen.

Storedalen med Huldafossen, Huldabotnen og Fresvikbreen i bakgrunnen. Asbjørn Holstad og Randi Holstad i framgrunnen.

Storedalen med Huldafossen, Huldabotnen og Fresvikbreen i bakgrunnen. Asbjørn Holstad og Randi Holstad i framgrunnen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1992

Fotograf: Gunvor Grov

Turen til fossen

Huldafossen er del av Storelvi som renn ut i Fresvik, og fossen har to parallelle fall på om lag 90 meters høgd. Turen til fossen går frå stølen Engi, sørvest for sentrum av Fresvik. Vidare kan ein fylgje Storedalen opp mot Huldabotnen. Turen gjev òg høve til å oppleve utsikta mot Fresvikbreen og den særmerkte toppen Huldakyrkja.

Hulde-namna

Stadnamna Huldafossen, Huldabotnen og Huldakyrkja ber førlekkjen "hulda-" i namna sine. Ifylgje Johan Fritzners "Ordbog over det gamle norske Sprog" tyder førlekkjen "-hulda" eit dekke som ligg over noko og skjuler det så det ikkje synst.

Ei anna forklaring botnar i folketradisjonen. Det seiast at dei hadde store problem med huldrer på stølen i Heljedalen, ein av sidedalane til Storedalen. Her var ei budeie ille ute då ho heldt på å bli gift vekk til huldrekongen. I siste sekund vart ho redda av presten i bygda som bar ein heilag eld ut i dalen. Nærleiken til Heljedalen og tradisjonen rundt huldrene gjer det nærliggjande å tenke seg at dei mange hulde-namna stammer frå ein sterk huldretradisjon i området.

kjelder:

Bøthun, Per H. Leikanger bygdebok. Gardssoga. Leikanger Bygdeboknemnd.1965.

PERMANENT IDENTIFIKATOR