Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kommune

Rå-data

Om kalender og folkeleg tidsrekning



Frå dei tidlegaste tider må mennesket ha søkt etter hjelpemiddel for å fastsette tid. Me veit at alt for fleire tusen år sidan hadde både India, Egypt og Mesopotamia tidsrekning basert på astronomisk/vitskapleg grunnlag. Babylonarane tok varsel av sol, måne og stjerner når det galdt framtida og dei gamle egyptarane hadde behov for å berekne flaumperiodane i Nilen, slik at ein kunne planleggje så- og hausteperiodar. I Egypt blei det laga ein temmeleg nøyaktig kalender, der året hadde 12 månader med 30 dagar, supplert med 5 dagar for kvart år.

Primstav i eik frå garden Ørnehaug på Viksdalen i Gaular. Biletet syner sommarsida av staven.

Primstav i eik frå garden Ørnehaug på Viksdalen i Gaular. Biletet syner sommarsida av staven.

Eigar: Sunnfjord Museum

Datering: 2005

Fotograf: Sunnfjord Museum

Juliansk kalender
Den romerske kalenderen hadde opphav i den lokale tidsrekninga for Roma, utan at det var teke omsyn til solåret. I år 46 f.Kr. reformerte difor keisar Julius Cæsar kalenderen, og vi fekk den julianske kalenderen etter egyptisk mønster. Året vart rekna til 365 dagar med ein ekstra dag kvart fjerde år for å halde følgje med solåret. Den julianske kalenderen hadde også 12 månader, og første månaden etter gammal romersk rekning var mars. Det ser me enno att i månadsnamna våre, t.d. ved at den 9. månaden vår i dag heiter september som tyder 7, vår 10. heiter oktober som tyder 8, vår 11. heiter november som tyder 9 og den 10. heiter desember som tyder 10. Dei andre månadene har i hovudsak namn etter gudar og gudinner, bortsett frå at juli fekk namn etter grunnleggjaren Julius. Då keisar Augustus også gjorde ei justering, fekk han månaden august oppkalla etter seg. Det var prestisje i å ha høgst dagtal i "sine" månader, difor har me den dag i dag desse to påfølgjande månadene med likt dagtal. Dette gjekk ut over siste månaden i det romerske året, februar, som fekk tildelt "restdagane" 28, med tillegg av ein skotårsdag kvart 4. år.

Gregoriansk kalender
Den julianske kalenderen vart tidleg kalender for den kristne kyrkja, og vart spreidd i Europa med kristendommen. Ingen veit kor tid denne kalenderen vart innført i dei nordiske landa, men det er rimeleg å tru at han også hjå oss kom saman med kyrkja. Den julianske kalenderen var i bruk over halvtanna tusen år, men middelåret var litt for langt i høve til solåret. Etter kvart gav det seg utslag, og i 1582 var ein kommen 10 dagar feil. Pave Gregor 13. bestemte då at skotåret skulle sløyfast ved hundreårsskifte som ikkje var deleleg med 400. Dessutan måtte ein i året 1582 hoppe over 10 dagar for å komme i rute med solåret att. Rett nok var heller ikkje denne kalenderen heilt nøyaktig: året er 26 sekund for langt, noko som gjev feilmargin på 1 dag i løpet av 3323 år. Det er såleis ikkje umiddelbar trong for kalenderreform!

Vart livet 11 dagar kortare ?
Den gregorianske kalenderen vart innført i romersk-katolske land med det same, men i mange protestantiske land vart reformen utsett nettopp fordi det var pavekyrkja som stod bak. Noreg og fleire andre land venta til år 1700 før kalenderen vart innført, England heilt til 1752, Finland og Sverige til 1753 og i Sovjetunionen (gresk-ortodoks kyrkje) vart han først teken i bruk etter revolusjonen i 1917. Då den gregorianske kalenderen vart innført i England, vart det av mange opplevd som eit inngrep i noko universelt og absolutt. Når t.d. det å hoppe over 11 dagar innebar at 2.sept. vart 14.sept., meinte mange at livet deira vart tilsvarande forkorta. Arbeidarar trudde dei tapte løn og det vart opprør for å få dagane attende.

Gamal og ny julafta
Heller ikkje hjå oss var innføringa av gregoriansk kalender smertefri. Kyrkje og styresmakter var vel nøgde fordi dei kom på line med resten av Europa, men for den folkelege tidsrekninga fekk det mindre positive verknader. Innføring av ny kalender betydde at faste høgtider og merkedagar kom 11 til 14 dagar tidlegare enn før, og sidan mange av desse var svært viktige markørar for arbeidslivet og varseltaking, kom kalenderen i utakt med innarbeidd oppdeling av arbeidsåret. Denne oppdelinga bygde i stor grad på vekslingar i naturen og var avgjerande for at rett arbeid vart utført til rett tid. Det førte t.d. til at det blei både gamle barsok og nye barsok, julafta og gamlejulafta, og ein fekk feiring av halvhelg.

Folkeleg tidsrekning
I det førindustrielle samfunnet refererte ikkje folk flest til årstal når dei snakka om ei hending. Dei tidfesta etter hendingar som folk hugsa; somme var landsomfattande slik som svartedauden (1349-50), krigar, naudår, spanskesykja (1918-19), andre var lokale som t.d. flaumår, snøvintrar, rasulukker, atter andre personlege/familiære som fødsel, giftarmål og dødsfall.

Middagsfjellet og Nonsnuten
I Noreg har det vore vanleg å dele året i to, eit sommarhalvår og eit vinterhalvår, noko ein reknar med går attende til førkristen tid. Sommaren byrja 14.april med første sommardag, vinteren byrja 14.oktober med første vinterdag. For å angje år vart det referert til vintrar, ved døger viste ein til tal netter. Før klokkene kom i bruk på 1700-talet, var det ikkje vanleg med tidsrekning etter timar, bortsett frå i byar der det var tårnur. Til å dele inn dagen, brukte dei sola, slik me kjenner det frå vanlege stadnamn som Middagsfjellet og Nonsnuten, og samme fjellet kunne heite både Middagsfjellet og Nonsnuten, alt etter kor ein såg det frå!

Primstaven
Namnet primstav kjem truleg frå latinsk prima i tydinga gyllental, tal som fortel kva nummer året har i ein 19-årig månesyklus i den kyrkjelege julianske tidsrekninga. Eigentleg er det ei forkorting av primatio lunæ, dvs. månens nytenning. Trass i namnet er det funne få norske primstavar med gyllental på. Eit anna namn er rimstav der førstelekken truleg har rot i gammalnorsk rim i tydinga tidsrekning. Med kristendommen kom dei kyrkjelege høgtidene, helgendagar, krav om fastetider osb. og det vart nødvendig å halde nøye greie på dagane i året. Slik oppstod truleg primstaven, ein folkeleg kalender bygd på den kyrkjelege kalenderen, og skoren i tre. Han kan ha komme i bruk alt på 1200-talet, men dette veit me lite om. Dei eldste me kjenner til i dag er daterte til 1500-talet .Kvar dag vart markert med ein strek, nokre lengre enn andre og gjerne forsynte med ein figur eller eit symbol. Dette markerte dei katolske helgendagane og andre merkedagar i året. Brukaren trong ikkje vere lesekunnig, berre han kjende symbola og systemet. Det er ingen belegg for at kyrkja har nytta desse kalenderstavane; det har fult og heilt vore ein folkeleg kalender - bondekalender - bygd på kyrkjekalenderen.

Klåre regionale trekk
Primstaven var ein syklisk evigheitskalender som var brukt i heile Norden, unnateke Island. Staven har den gamle todelinga i sommar- og vinterhalvår og er ei svært enkel form for kalender. Sjølv om han er ein juliansk kalender og Noreg gjekk over til gregoriansk kalender i 1700, heldt bruken seg mange stader mykje lenger, i nokre bygder heilt fram mot 1850. På dette tidspunktet var for det meste almanakken kommen i ålmenn bruk. Primstaven i tre finst i mange former, - som ei fjøl med handtak eller som eit sverd, 80-90 cm lange og 5-6 cm breie, med oval form eller som ring med hol i midten. Symbola og plasseringa av dei syner klåre regionale trekk.

Kalenderdåser
På det gamle svenske området finst stavar der kalenderen er framstilt med runer, runestavar. Sjølv om det ikkje er funne mange runestavar i Noreg, fekk den svenske "runstav"-tradisjonen innverknad også her. På museum og i privat eige finst eit stort tal tobakksdåser av messing med svensk kalender utanpå. Dei fleste er laga av Carl Norman (1729-1798) ved Bjufors messingbruk. Den første vart truleg laga i 1777 og heldt fram lenge etter at Norman sjølv var død. Ideen til tobakksdåsen kan Norman ha fått etter ein svensk sjømann som starta produksjon i Holland noko tidlegare. Også hans hollandske dåser har det funnest mange av i Noreg. Sunnfjord Museum har ein kalenderdåse. Den er frå Flora og datert til 1787.

Almanakken
Med prentekunsten kom almanakken, ein kalender som synte alle dagane i året inndelt i månader og veker. Hjå oss måtte folk bruke den danske, for Universitetet i København sikra seg eineretten til å omsette og prente almanakkar i Danmark og Noreg. Likevel vart det tjuvprenta to almanakkar i Noreg før unionsoppløysinga, ein i 1644 og ein i 1678. Den første av dei var også den første boka som vart prenta i Noreg. Då skiftet frå juliansk til gregoriansk kalender kom i år 1700, tok almanakken omsyn til den ålmenne skepsisen til ny tidsrekning og hadde heilt fram til 1850 datering etter så vel juliansk som gregoriansk kalender, etter gammal og ny stil, som det heitte. Her kom såleis både gamle barsok og nye barsok med.

Stor salsvare
Almanakken blei ei stor salsvare og vart saman med bibel og salmebok den mest utbreidde boka i landet. Her fann folk visdomsord, medisinske råd, tilvisingar til bibelske hendingar, spådommar om vêret, krigar og uår. Det vart opplyst kor tid sol og måne gjekk opp og ned og korleis planetane stod, men også kyrkjelege og verdslege festdagar og marknadstider hadde sin plass. Den astronomiske delen- aspektane - blei nok det viktigaste for folk flest, først og fremst fordi det var ut frå dei ein kunne spå veret. Med tida vart omgrepet aspektane omtolka frå å vere astronomiske opplysningar til å gjelde sjølve teikna i almanakken, men like fullt var det aspektane som i lang, lang tid hadde mest tillit som vervarslar. Almanakken er eit oppslagsverk som er godt kjent i dag og.

På rett stad til rett tid
Vår gregorianske kalender er for oss så sjølvsagd at me tykkjer dei er litt ute av ruta dei som feirar nyår i mars eller september og kan vere mange tusenår før eller etter oss i si tidsrekning. Det blir fleire og fleire av dei i våre heimeleg bygder og byar. For å seie det med danske Kumbel, det er no vel me som har "Det eneste rigtige!":
Naar klokken er 11 i Danmark,
er den 5 i USA,
10 i London, og 17 i Kina,
og 13 omkring Moskva.
Hvor er vi danske et udvalgt folk,
at vi netop er født i selve
det lille velsignede land, hvor klokken
er 11, naar den er 11.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR