Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. april 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogns Iskompagni i Skjolden



Sogns Iskompagni i Skjolden, Norway - beste sort is - produsert frå eit stort og hypermoderne anlegg! Det er hovudbodskapen på Sogns Iskompagni sitt brevark brukt i 1902. Gjennom eit elegant utforma brevhovud "fortel" firmaet om seg sjølv, kva det er, og kva det har å by på.

Påkosta brevhovud som ber bod om eit topp moderne isanlegg, ishus med tranpsortband og skip som ligg til kai og lastar. Isbjørnen er truleg teken med som symbol på at isen kjem frå reint vatn, verda til isbjørnen der det ikkje er forureining.

Påkosta brevhovud som ber bod om eit topp moderne isanlegg, ishus med tranpsortband og skip som ligg til kai og lastar. Isbjørnen er truleg teken med som symbol på at isen kjem frå reint vatn, verda til isbjørnen der det ikkje er forureining.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1902

Gode naturvilkår

Det låg godt til rette for isproduksjon i Skjolden. Klimaet i Indre Sogn har vore prega av kalde vintrar med etter måten lite nedbør. Temperaturmålingar på Fortun, 27 moh., kring 5 km frå Skjolden, viser ein middeltemperatur på - 3,9 grader i vintermånadane desember, januar og februar. Det 0,7 kvadratkilometer store Eidsvatnet ligg berre 3 moh., og Eidselva renn med jamnt fall ut i sjøen lengst inne i den 200 km lange Sognefjorden. Her kunne det haustast mykje is av god kvalitet. Her var god plass for lagring, og like ved utløpet av Eidselva kunne det på sørsida byggjast utskipingskai.

Istrafikk 1894-1913

Utbyggjarane starta verksemda i 1893. Om hausten forhandla dei med grunneigaren, Torger S. Sulheim, på garden Eide på sørsida av elva. Dei ynskte å ta fram is, transportera til sjøen, lagra og skipa ut. Kontrakt vart underskriven 27.11.1893. Me har ingen konkrete opplysningar om produksjonen dei fyrste åra, men truleg vart dei fyrste isblokkene skorne vinteren 1894, frakta til sjøen med hestetransport og lagra i binge like ved ny trekai. Eit iseventyr var i gang. Den fyrste isen vart etter alt å døma frakta ut fjorden på vårparten same året.

Seinare var det i regi av Sogns Iskompagni "isatrafikk" i Skjolden fram til 1914. Forretningskonseptet gjekk ut på å hausta store mengder is om vinteren, lagra isen temperaturisolert i eit enormt ishus og så ta ut frå lageret og omsetja utover våren, sommaren og hausten. Jamnt og trutt skulle frakteskipa dampa ut fjorden lasta med beste sort is frå Eidsvatnet til kjøparar i Bergen og ute i verda, i Storbritannia og på Kontinentet. Dette skjedde nok òg, men på ingen måte i så stort omfang og så regelmessig som gründarane hadde fantasert om eller håpa på i starten. Å driva isbruk var ei usikker næring.

Aktørane

Det stod folk med solide titlar bak, menn med kapital, røynsle og interesse for forretningsverksemd. Dei fleste var busette i Bergen. Namna står i firmaregisteret 1899. Sogns Iskompagni vart leia gjennom eit styre og ved ein disponent.

Arbeidsoppgåvene på produksjonstaden og på fraktefartya kravde fotfolk, til sine tider mange på ein gong. Alle desse veit me ikkje kven var. Sidan firmaarkivet manglar, er det uråd å rekonstruera selskapet sitt personale i vid tyding. Vi må nøya oss med namn vi finn spreidde i ulike samanhengar gjennom heile perioden.

Sogns Iskompagni var eit Bergensfirma, registrert i firmaregisteret fyrste gong 1899. Forretningskontoret låg i Bergen. På produksjonstaden i Skjolden hadde firmaet ein mann som sytte for den nødvendige styringa. Han var firmaet sin lokale forretningsførar. Elles veit me at fleire ti-tals personar i Skjolden fekk seg kjærkomne inntekter kvar gong det var behov for folk til byggearbeid, isskjering, transport og lasting.

Stort og toppmoderne anlegg

Produksjonsanlegget for naturis i Skjolden kring 1900 var eit av dei største i landet og topp moderne etter mønster frå Amerika. Det viste godt att langs elva mellom Eidsvatnet og fjorden. Særleg ishuset midt mellom vatnet og fjorden hadde imponerande dimensjonar. Huset vart rive like før 1920. Det einaste som vart ståande att, var eit lågt fundament fullt med sagflis. Ungdommane brukte seinare ishustomta som fotballbane. Enno kan ein sjå spor etter ishus-fundamentet.

Produksjonsanlegget ser ut til å ha vore utbygd gradvis. Nødvendige innretningar ved Eidsvatnet for å ta opp dei fyrste isblokkene, transportveg til sjøen, isbinge der og kai for utskiping, er det rimeleg å rekna med vart sette opp seinhaustes 1893 og vinteren 1893/1894. Dei fyrste åra vart isen transportert frå vatnet med hest, seinare på transporband.

Største trebygningen nokon gong

Ishuset til A/S Sogns Iskompagni i Skjolden var truleg den største trebygningen som nokon gong har stått i Sogn og Fjordane. Det var kring 100 m langt, 30 m breitt og bortimot 20 m høgt. Enorme mengder trelast må ha gått med til å byggja det. Mesteparten, om ikkje alt, kom frå Frønningen Skov- og Sagbruk. Isblokkene blei plassert rekkjevis og lagvis. Ved hjelp av sagflis i tjukke lag under, i veggene og over - på same måte som isolasjonen i ein fryseboks - heldt isen seg i lange tider, ja, gjennom heile sommaren til neste år og jamvel lenger.

Halvtaket på ishuset var tekt med vel 400 bølgeblekkplater innkjøpte frå England. Eldre folk minnest at skuleborna leika seg med å kasta stein på det svære bølgeblikktaket frå skulehuset som låg rett over elva frå ishuset. I 1916 gjorde ein kraftig storm stor skade på taket. To menn vart hyrte inn til å samla opp bortblesne plater og reparera. Etterpå sende dei rekning for 50 arbeidstimar. I 1917 gjekk den svære bygningen under hammaren på konkursauksjon, og vart truleg riven kort tid etter.

Transportrenne

Transportbanane til og frå ishuset var renner med kjerrat. Kjerrat kjem frå det tyske ordet kerrad som eigentleg tyder vendehjul. Transportbanda gjorde at dei kring 100 kg isblokkene kunne transporterast i jamn fart oppover (frå vatnet opp til øvste delen av ishuset) og nedover (på bana frå ishuset til lasteplassen). Transportbanda var drivne av kraft frå ei 50 hk dampmaskin plassert i eit eige maskinrom på nedsida av ishuset.

Elektrisk lys

Sogns Iskompagni hadde eit lite elektrisk lysverk på anlegget sitt. Nøyaktig kva år det lyste frå elektriske lyspærer i Skjolden veit me ikkje, men i alle høve var lysverket til Sogns Iskompagni eit av dei første i fylket.

Mange spesialreiskapar

Å hausta is, transportera, lagra og lasta, slik dei gjorde det i Skjolden, kravde til sine tider mange mann i arbeid, - og mange reiskapar, ikkje minst spesialreiskapar. Då selskapet vart slege konkurs i 1915, var lensmannen tilstades og registrerte det faste anlegget og lausøyra.

Registreringslista er eit interessant dokument. Ho viser kva slags reiskapar iskompaniet hadde i 1915, me får vita noko om omfanget, og me får ein peikepinn om kva slags spesialreiskapar dei brukte ved eit isbruk. Heile 10 har is i namnet: isbor, isøks, ishøvel, isplog (amerikansk og norsk), issag, isgaffel, isjern, ishake, issaks (handsakser og heisesakser) og isskuffel. Utanom spesialreiskapane for arbeid med isen, hadde kompaniet pr. 1915 mellom anna ei fullt utstyrt smidje og ein 36 hk petroleumsmotor. Dampmaskina er ikkje nemnt særskilt.

Veret avgjerande

Produksjon og avsetning kunne variera mykje. Istrafikken var ei usikker næring der vertilhøva framfor alt spelte ei avgjerande rolle for resultatet. På produksjonstaden ynskte folk seg lange periodar med kuldegrader og opphaldsvêr slik at det det danna seg tjukk og solid stålis. Dei prismeforma isblokkene på standardstorleiken om lag 62 x 62 x 31 cm skulle helst vera gjennomsynlege; spissformulert sagt skulle ein helst kunna lesa skrift tvers i gjennom. Innslag av kvit snøis var ikkje bra.

Elles hadde vêret i eksportlanda mykje å seia. I England passa det godt med mildvêr vinterstid. Då vart det liten eller ingen isproduksjon der, noko som førde til større etterspurnad etter norskprodusert is.

Selskapet si årsmelding for 1910 har eit illustrerande døme på kor fort det kunne gå opp og ned med etterspurnad og prisar. Selskapet sat våren 1910 med store ismengder i Skjolden. Utsiktene var gode. Tyskland melde seg tidleg i marknaden, men bydde så låge prisar at ein ikkje fann det rekningssvarande å selja. Men så, i byrjinga av juli, fauk prisane i veret, og selskapet fekk selja to laster på svært gode vilkår. Men høgkonjunkturen var i sanning kortvarig. Alt før tredje lasta var klar, hadde situasjonen forandra seg heilt. I tyske hamner blei det selt spekulasjonsis i vill panikk til prisar under halvparten av prisane like før.

Store mengder is

Diverre har me ikkje oppgåver eller opplysningar som gjer det mogeleg å få vita nøyaktig kor mykje is som blei produsert og omsett frå år til år. Me finn kvantaopplysningar om årsproduksjon to stader, i amtmannen sine femårsmeldingar i perioden 1895-1906 og i selskapet si årsmelding for 1910.

Amtmannsmeldingane opplyser at produksjonen i 10-årsperioden 1895-1906 låg på frå 1400 til 8000 registertonn (1 registertonn er ei måleeining for lasterom, 2,83 kubikkmeter. 8000 registertonn tilsvarar etter dette vel 20.000 tonn is).

I årsmeldinga for 1910 får me og eit handfast tal. Ved utgangen av 1909 var lagerkapasiteten i ishuset fullt utnytta og ein valde å ikkje hausta is den påfylgjande vinteren. Men då utsiktene til god avsetning til Tyskland utpå vinteren tyktest gode, sette ein likevel i gong med isskjering. I alt blei det bingelagt "7-8000" tonn.

Me veit ikkje sikkert når Sogns Iskompagni slutta å skjera og lagra is ved anlegget sitt. Kan henda var det vinteren 1912/1913. I bustyret si melding til skifteretten, datert 1919, går det fram at styret valde å gå til isskjering vinteren 1913 trass i at ein ikkje hadde midlar til å betala arbeidslønene. Men, så veit me og at det hausten 1915 låg 5000 tonn is på lager og at det så seint som i 1917 blei selt "et parti is" på konkursauksjon. Spørsmålet me sit att med etter dette er om ispartiet i 1917 var gamal årgangsis. Det finst nemleg ikkje indikasjonar på at konkursbuet sjølv dreiv ishausting, berre vedlikehald av konkursbuet sine aktiva. Men kunne lagra is halda seg i årevis?

Produksjonstabell:
1896 3.900 tonn
1901 22.400 tonn
1906 22.400 tonn
1909 7-8000 tonn

Til Bergen og utlandet

Sogns Iskompagni produserte og omsette is både innanlands og for eksport. Selskapet selde is til kundar i Bergensområdet, til dømes til ising av fisk for eksport. Etter alt å døma hadde kompaniet eit mindre islager i Bergen for lokal omsetning. Dei hadde tre lektarar, "Anna Carolina", "Roska" og "Kaia", til å frakta bergens-isen i. Eksportisen gjekk i hovudsak beinveges til isimportørar i Storbritannia, Danmark og Tyskland, eller ved eit par tilfelle også gjennom eksportørar på Austlandet. Etter alt å døma var Storbritannia det største mottakarlandet av Skjolden-is.

Punktum i 1919

Den 16. august 1915 kunngjorde Bergens skifterett at Sogns Iskompagni var slege konkurs og teke under behandling som konkursbu. Det hadde skjedd etter krav frå kreditorar. Etter dette fylgde 4 år med omfattande aktivitet: brevskriving, møte, forhandlingar og rettsprosedyre. Dei vart mange etterkvart som melde krav og som med advokatar i spissen stod på for å få mest mogeleg att. Først i 1919 kunne bustyret signera den lovbefalte meldinga til skifteretten.

Bustyret si melding er for det fyrste ei oppsummering av den forretningsmessige sida ved verksemda, frå starten til aksjeselskapet i 1898 til konkursen i 1915, og for det andre ei vurdering av styret sine disposisjonar i høve til den ulukkelege endelykta. Meldinga slår fast at verksemda aldri vart nokon god forretning. Berre eitt einaste år, i 1901, var drifta lønsam nok til å dela ut aksjeutbyte. Seinare veikna det økonomiske grunnlaget heile vegen, trass i fleire lånetilskot frå aksjonerane.

Iseventyret til Sogns Iskompagni slutta i røynda vinteren 1913. Seks år seinare, i 1919, sette Bergen Skifterett det endelege punktum.

kjelder:

Øverbø, Snorre D. og Kleppa, Hermund: Sogns Iskompagni. I Årbok for Luster.
Kleppa, Hermund: Om eit uthus og eit iskompani. I Jol i Sogn 1996.
Øyane, Lars: Bygdebok for Luster, band 1 og 2.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, del 1 og 2, 1901.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Samling spreidde dokument frå fleire arkiv.

PERMANENT IDENTIFIKATOR