Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. mars 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Uopna amerikabrev 1878



”Eit mystisk brev”. Det var overskrift i eit nummer av Gula Tidend våren 1994. Avisa hadde lagt merke til førstesida i Fylkesarkivet sitt magasin Kjelda; eit bilete av eit amerikabrev. Brevet var sendt frå Luster i 1877 og så kome tilbake fem månader seinare. Det spesielle var at brevet var uopna. Og det er det framleis (2011).

<p>Framsida p&aring; det uopna amerikabrevet, adressert til Peder Jenssen Heltne i &rdquo;Nordamerika&rdquo;.</p>

Framsida på det uopna amerikabrevet, adressert til Peder Jenssen Heltne i ”Nordamerika”.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Brevet

Det er eit lite brev, berre 5 gram. Konvolutten er 14 cm lang og 7,5 cm brei. Det kan heller ikkje vera mykje inni konvolutten, slik reint papirmessig, truleg eitt ark, bretta to gonger. Såleis kan det heller ikkje vera snakk om noko stort brev rekna i bokstavar og ord.

Brevet er frankert med eit 5 øres frimerke og eit 6 skillingsmerke. Etter meter- og mynt-revisjonen i 1875 vart 3 skilling sett til ein verdi på 10 øre. I 1877 var portoen 25 øre for brev på inntil 15 gram til Amerika. Brevet har fleire stempel og påskrifter både på framsida og baksida. Stempla viser sendeveg og tid. Påskrifter seier noko om korleis postfolka tok hand om brevet.

Fram og tilbake

Det uopna Amerika-brevet vart innlevert til post- og båtstoppestaden Døsen og poststempla LYSTER 1.9.1877. Derifrå blei det sendt om Lærdal til Christiania som var sendestad for post til utlandet. Jamvel amerika- og englandspost frå Bergen gjekk på denne tida om Lærdal til Christiania for omkartering til mottakarlanda i vest. I ein postadebatt i Stortinget i 1889 kom det fylgjande kommentar frå ein representant:

”Man kan ikke undres over at det vekker de reisende utenlands [reisande frå andre land] lite smigrende oppmerksomhet og latter, når de på Voss [jernbanen Bergen-Voss opna i 1883] ser de sorte postsekker rangle avsted på den skranglende postkjerre, og man da forteller dem at det er bergensernes post til Amerika og England, som først drar på en liten utflukt østover.”
 

I Christiania blei brevet kartert (ekspedert) saman med annan amerika-post. Frå New York gjekk posttransporten med tog. Det kom truleg fram til Kenyon postkontor, Wisconsin i slutten av oktober. Postkontoret Kenyon fann ingen Peder Jenssen Heltne i distriktet sitt, sjølv om dei på ein eller annan måte kunngjorde (advertised) at dei hadde eit brev til Peder Jenssen Heltne.

Når ingen melde seg, noterte dei utanpå ”Advertised Nov 1st. Unclaimed”, stempla baksida, KENYON 3.12.1877 på baksida og sende brevet frå seg, til Chicago, der det blei teke hand om som dead letter, det vil seia brev som postverket ikkje hadde fått fram til mottakar. Brevet fekk endå eit stempel på baksida, trekanta med ordet DEAD-LETTER og datoen 18 DEC 1878, før turen tilbake til avsendaren i Luster, Norway. Brevet passerte Christiania omkarteringskontor 9.1.1878 og var truleg tilbake i Luster fire-fem dagar seinare.

Helsing

Det står ei påskrift på baksida som ikkje er avsendaren si og heller som heller ikkje er av postal karakter. ”Venlig Hilsen fra H.R. Døsen” må ha vore gjort då brevet blei sendt frå Luster i september. Det ligg nær å tru at det var Hans Rue Olson Døsen, postopnaren og landhandlaren på Døsen i Lyster, som nytta høvet til å senda ei helsing til adressaten, ein utvandra lustring han kjende.

Mottakaren

Peder Jensson Heltne, fødd 13.12.1831, var son til Jens Pederson Heltne og Karen Margretha Olsdotter, fødd på garden Åsen i Luster. Han utvandra til Amerika i 1870-åra og gifte seg 19.6.1878 i Gol Lutheran Church, Moland, Steel County, Minnesota, med Ellen Marie Johansdotter Kvaale, fødd 21.2.1842 i Orkdal, Sør-Trøndelag, dotter til Johan Peter Olsen Kvaale og Gjertrud Sivertsdotter. Ho utvandra til USA i 1875, to år etter foreldra utvandra og busette seg nær Moland i Steel County.

Peder og Marie busette seg på ein farm i Moland-området nordaust i Steel County. Dei hadde ikkje born, men tok seg av ein nevø (vi veit ikkje kven sin) som vart morlaus då mora døydde på barselseng. Bygdebok for Luster, bind II, har ein annan versjon, ”dei fekk visstnok berre ein son. Hans, fødd kring 1879, død før 1885.” Peder døydde 8. mars 1896 og vart gravlagd på Moland kyrkjegard. "Paralysis" er oppgjeven som dødsårsak. Av ein eller annan grunn vart det ikkje halde gravferd før 30. september 1896.

Avsendaren

Det står ikkje på konvolutten kven avsendaren er, men handskrifta er lensmann Jens Landmark si. Vi kan såleis slå fast at det var Landmark som ordna med konvolutt. Det er og rimeleg å slutta at brevet, det vil seia innhaldet, er frå Landmark, at det ikkje er eit brev han har sendt på vegner av nokon annan. Om det hadde vore slik, er det rimeleg å tru at han ville levert brevet frå seg når han fekk det tilbake, og ikkje lete det liggja hjå seg.

Avhalden lensmann

Jens Landmark, fødd 1835 i Jølster, kom til Luster som lensmann i 1870. Landmark var gift 1. gong 1874 i Førde med Andrea Fasting, 2. gong 1881 i Luster med Karen (Kaia) Harbitz. Landmark fekk fem born, to i første ekteskapet og tre i andre.

Landmark budde på garden Kvale. I Folketeljinga 1900 står han oppførd som lensmann og gardbrukar. Ei tid var han også kasserar i Luster Sparebank og kommunekasserar. Jens Landmark var lensmann i alle år frå han kom til Luster i 1870 til han døydde ved eit ulukkestilfelle 23. februar 1906. Jens Landmark ser ut til å ha vore ein høgt respektert
mann. Signaturen ”J” skreiv i Sogns Tidende 6.3.1906 mellom anna:

"Han hev vore vel likt, fraa fyrste dag han kom hertil, og han hev gjort mykje godt, so folk her hev mykje aa takka han for. Han var ein fredsæl og fredselskande mann, ja, som politi var han reint ein meister. Sjeldan høyrde ein, at han laut bruka sin sterke politirett, nei, med si vebsæle og kjærlege framferd kunde han faa orden og ro. Alltid naar det var kome tvist imillom folk, so kunde han forlika dei paa beste maate.”
 

Kvifor nådde ikkje brevet fram?

Mest truleg fordi det ikkje var nokon Peder Jensen Heltne i adresseområdet. Landmark sende brevet fleire år etter at Peder Jenssonn utvandra. Folk flytte gjerne, og særleg den fyrste tida etter at dei var komne over. Peder Jensson Heltne ser ut til først å ha hatt Kenyon som adresse, men så flytta til ei anna adresse. I 1878 budde Peder Jensen Heltne i Steel County, i Moland. Moland hadde sitt eige potskontor på den tida.

Kva kan det handla om?

Det kan vi berre spekulera rundt, så lenge brevet er uopna. Mest truleg er det snakk om ei offentleg sak, kan henda ei økonomisk sak. Landmark var ei tid både kommunekasserar og bankkasserar. Eller berre ei melding?

Kvifor uopna?

Svaret tykkjest opplagt: Avsendaren visste kva det handla om. Vel å merkja om vi føreset at det var Jens Landmark sitt brev til Peder Heltne, ikkje eit brev han hadde sendt på vegner av andre. Han let konvolutten bli liggjande saman med andre papir og det gjekk ”til arkiv”.

Men så, kvifor er brevet framleis uopna? Det svaret er og opplagt: Opnar vi brevet, vil det spesielle med dette amerikabrevet vera borte, det vil ikkje lenger vera uopna.
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Øyane, Lars E: Gards og ættesoge for Luster kommune. Band II – Dale sokn. 1986.
Torvanger, Magnus: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. 2000.
 

Berg, Donald L.: Partial Solution to mystery letter lies in local records (brev).

PERMANENT IDENTIFIKATOR