Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Hess-drifta i Buskøy



Det gamle borgarsetet Buskøy, med "Kremmer- og Gjestgiverbevilling" frå 1705, har vore heimstad for fleire driftige og framgangsrike personar. Gjennom ein generasjon budde ein av dei største fiskebåtreiarane i landet her.

Våningshuset til Hess-familien i Buskøy vart bygt av Georg Hess i 1888. Staden fekk gjestgjevarløyve i 1705. I 1878 vart det opna postopneri her og i 1910 telefonstasjon. Elles var det både krambu og bakeri her. Buskøy vart tidleg rutebåtstoppestad.

Våningshuset til Hess-familien i Buskøy vart bygt av Georg Hess i 1888. Staden fekk gjestgjevarløyve i 1705. I 1878 vart det opna postopneri her og i 1910 telefonstasjon. Elles var det både krambu og bakeri her. Buskøy vart tidleg rutebåtstoppestad.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-89063.0001.

Datering: 1910.

Fotograf: Jan Hess.

Stordrift i Buskøy

Hess-namnet kom til Buskøy 1849 med seglskuteskipper Hans Hess. Han var frå Lübeck, og kom frå Bergen med familie og kjøpte plassen. Hess døydde året etter han overtok, og staden vart seld. Men sonen, driftige Georg Balchen Hess, gifte seg attende til Buskøy og fekk mange år her. Han dreiv gardsbruket, handelen, bakeriet, kjøpte og eksporterte hummar og laks, salta feitsild, og bryggja øl for servering i borgarstova. Han åtte halvparten av notbruket i Buskøy-vågen og var sjølvskriven bas. I 1878 kom her postopneri, og telefonstasjon i 1910, begge av dei aller første i Solund.

Borgarstova avløyst av sveitserhus

I 1888 tok han ned den gamle, vakre borgarstova og fekk plass til det nye, store sveitserhuset vi kjenner i dag. Open veranda med altan oppå, med påkosta utskjeringar, vart uråd å vedlikehalde og er seinare teken bort. Huset rømde postkontor, krambu, stover, kjøkken, drengestove m. m. i første høgda. I andre høgda var 8 rom, hovudsakleg innreidde til bustadformål, og endå var det rikeleg soveplass på loftet.
Rett etter århundreskiftet sette han opp ny, tidsmessig fjøsbygning. Garden var oppdelt og tungdriven, men drifta gjekk for fullt. Ishus kom opp der dei lagra is dei skar på vatn i nærleiken.

Sild og grønlandssel

Sonen, Jan Hess, som budde i huset med familien sin, dreiv ikkje sjølv Buskøy som faren hadde gjort. Men han kom til å selje og kjøpe meir enn mange.
Jan Hess vaks inn i ein gryande, og snart lovande, sildepriode. Havets sølv vart eine fundamentet og grønlandsselen det andre under Jan si næringsdrift. Han starta i open seglbåt, men alt som 20-åring åtte han halvparten i ei 36 fots seglskøyte som dei dreiv på Sunnmørshavet. Snart kjøpte han ei større åleine. Jan følgde godt med i utviklinga av fiskeriet. Firmaet Haldorsen på Rubbestadneset i Sunnhordland leverte Rubb-motor nr. 2 til Hess, ein 4 HK.

Selfangar med seglføring

Med tanke på nyinnkjøp starta Jan eit selskap der meir kapitalsterke fekk kjøpe partar. Dermed fekk han i 1902 bygd den 81 fot lange dampbåten "Solunder". Nokre av mannskapet hadde aksjar. Båten gjekk på bankfiske og storsilddriving. Uroleg for at nokon ikkje fekk stemme, let han "Solunder" henta inn røysteføre i Solund til unionsrøystinga i 1905!
Hess leigde skipperar og maskinistar. Han selde "Solunder" og kjøpte att D/S "Olga", og litt etter kom første selfangaren, seglkutteren "Polarstrømmen". Den åtte han saman med Lyder Strømmen, som skipra båten i Ishavet og fangsta godt. Jan og Lyder åtte seinare fleire båtar saman.

Motgang i etter- og mellomkrigstid

Eine dampbåten avløyste den andre, sildedrivarar, snurparar, selfangarar. Eit stort sjøhus i to høgder kom opp og gav rom til reiskapar. Fiske og fangst stod på høgda kring første verdskrigen, men krigskonjunkturen øydela. Mengder av sild vart liggjande useld. Hess trappa noko ned, men åtte i båtar til ut i 30-åra.
Jan hadde 1918 flytta verksemda til Florvåg i Hordaland, der han saman med svigersonen bygde opp svær bedrift med hus, kai og båtar. I 1932 flytta han attende til Buskøy og var aktiv mest til han døydde i 1946. Framleis opnar Hess-ætta krambudøra i sveitserhuset på Buskøy.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsøy, Alf:Solund. Gards- og ættesoge. Bind 2, s. 487 - 513. Solund 1982.
Oterhals, Leo:Fangst og fiske.Molde 1999.
Steinsøy, Alf:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Hovland, Kari Shetling:Norske islandsfiskere på havet.
Vollan, Odd:Ishavsfart.

PERMANENT IDENTIFIKATOR