Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. januar 2001

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Kvernhuset på Nigardsgrandane



Tett ved bilvegen til Nigardsbreen ligg eit meir enn hundre år gamalt kvernhus. Denne kverna var i bruk til kring 1950. I 1979 fòr kvernhuset i den store flaumen, men nokre år etterpå var det på plass att, - takka vere Jostedal Historielag.

Det oppattbygde kvernhuset på Nigardsgrandane 1981. Personane er frå venstre: Sverre Ruud, Sigbjørg Sperle, Anders Furehaug og Jostein Kreken.

Det oppattbygde kvernhuset på Nigardsgrandane 1981. Personane er frå venstre: Sverre Ruud, Sigbjørg Sperle, Anders Furehaug og Jostein Kreken.

Eigar: Sigbjørg Sperle.

Datering: 1981.

Fotograf: Gerhard Haugland/Sogn Avis.

Flaumen reiste med kvenni

I august 1979 herja ein storflaum heile Jostedal. Fleire bruer og bygningar vart øydelagde og vasskadane på dyrka mark og i hus var enorme. Det vesle kvernhuset ved elva frå Nigardsbrevatnet strauk og med. Berre kvernsteinane vart liggjande att. Tømmer og trevyrke og mykje av innbuet for med vatnet nedetter elvefaret. Etterpå gjekk folk frå Jostedal Historielag i gang med å samla opp alt som var brukande. Dei hadde tankar om å byggja den gamle kvenni oppatt.

Gamal kvern for fleire gardsbruk

Kvernhuset på Nigardsgrandande, eit kort stykke framom Breheimsenteret, vart bygt i 1870-åra. Huset er oppsett ikkje langt frå ein bremorene frå 1750-åra då Nigardsbreen vaks så langt heim at hus vart øydelagde. Kverna på Nigardsgrandane høyrde til bruka Mjølverdal, Li og Elvekrok. At også Elvekrok var medeigar i kverna, kjem fram i denne historia:
Det vart fortalt at ein husmann frå Elvekrok var komen og byrja mala, men då var det ein bonde frå Mjølverdal som meinte at han skulle ha kverna. Da seier husmannen: Den som først kommer til møllen, skal først male.

Bilete av kvernhuset før flaumen tok det i 1979.

I bruk under krigen 1940-1945

Knut Bukve, f. 1921, hugsar dei mol korn på kverna. Han kan ikkje seia nøyaktig kva år dei mol siste gongen, men kverna var i alle høve i bruk i krigsåra 1940-1045. Det finaste mjølet gjekk til matmjøl, det dårlegaste til feet.

Oppattbygginga

Jostedal Historielag fekk kverna i gåve av grunneigarane i 1963. Seksten år seinare blei ho teken av storflaumen, men historielaget tok fatt på gjenreisinga straks den verste flaumen var over. Dei samla opp og lagra brukande tilfang dei fann i elvefaret, og dei sette oppatt huset nokre år seinare. Men fyrst i 1995 var alt innbuet kome på plass. Anders Furehaug på Kaupanger laga den nye kvernkallen og lokale snikkarar laga resten av inventaret.

Ba inn til vassgraut

Hausten 1995 ba historielaget inn til vassgraut på Breheimssenteret. Då vart det og male mykje fint mjøl på "kvenni". Det var rikeleg med vatn. Vassveita gjekk full og dreiv kallen i stor fart. Mjølet var av så god kvalitet at det kunne brukast til flatbrødbaking og annan finbakst. Det var mykje folk tilstades og såg på.
Men elles og er kverna på Nigardsgrandane ein attraksjon, godt synleg som ho ligg ved Breheimsvegen. Mange turistar stoggar og tek ho i nærare augesyn.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

To notat frå Sigbjørg Sperle, desember 2000/januar 2001.
Opplysningar frå Breheimsenteret.

PERMANENT IDENTIFIKATOR