Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. august 2012

Sist oppdatert 21. mars 2019

Førearbeid til skattematrikkel 1860-åra - gardshistorisk godbit



Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har to innbundne bøker som inneheld oversyn over matrikulerte landeigedommar pr. 30. september 1890. Den eine omfattar kommunane i Sogn, den andre kommunane i Sunnfjord og Nordfjord. Førearbeida til matrikkelen byrja straks etter lova om matrikkelrevisjon av 1863. Ein kommunal kommisjon sette opp ei detaljert liste over produksjonsverdiane på kvart gardsbruk. Listene er interessante gardshistoriske dokument.

Garden Åkre, Høyanger kommune, ligg ned til sjøen på sørsida av Sognefjorden, rett vest for fjordarmen Fuglesetfjorden. Her ser vi garden frå vest.

Garden Åkre, Høyanger kommune, ligg ned til sjøen på sørsida av Sognefjorden, rett vest for fjordarmen Fuglesetfjorden. Her ser vi garden frå vest.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Gåve til Fylkesarkivet
I 2009 fekk Fylkesarkivet ei trykksak på 18 sider frå Høyanger bibliotek. På tittelbladet står følgjande: ”Beskrivelse over Klævolds Herreds matrikulerede Gaarde. Tilfølge Lov om Revision af Matrikulen af 6te Juni 1863. Christiania 1867.” På framsida står skrive med handskrift: ”Tilhører Ole A. Dahle.”

Biblioteket oversende ”beskrivelsen” på vegner av Gunn-Marit Bjaadal i Skien. Ho er eigar av garden Dale, gnr. 62/1 i Høyanger. Ole A. Dahle var oldefar hennar. Dei hadde funne den gamle trykksaka på garden. Ho kjende til Fylkesarkivet, og ho ønskte at biblioteket skulle vidaresenda trykksaka til Fylkesarkivet.

Matrikkel og matrikkelrevisjonen 1863
Frå gamalt var gardane skatteobjekt. Gardane svara skatt etter produksjon. Ein skattematrikkel ei liste eller eit register over grunneigedommar med opplysning om verdi eller skattetakst, uttrykt i eit verdimål.

Vi har ein allmenn matrikkel av 1665 der all skyld er rekna i 3 species (verdiar): korn, smør, fisk. Ein ny matrikkel 1818 fastsette skattetaksten i eininga skylddalar etter takst på kvar eigedom. Matrikkelen omfatta alle eigedommar i landet unnateke Finnmark. 1818-matrikkelen vart revidert ved lov 6. juni 1863. Samla landskyld blei sett til 500 000 skyldmark som vart fordelt på alle amt, fogderi, kommunar og gardar. Grunnverdien skulle ta omsyn til jordveg, skog, stølar og beite, fiske, fossar og avsetnad. Bygningar vart ikkje tekne med.

”Herredskommisjon” og ”den foreberedende komite”
Etter matrikkelrevisjonslova av 1863 skulle det i kvar kommune oppnemnast ein ”herredskommisjon” og ein ”forberedende komite”. Desse skulle syta for å fordela den samla kommune-matrikkelskylda på gardane. Det vart gjort ved at medlemmer reiste rundt på kvar gard og sette opp ein ”beskrivelse”, ei opprekning av av verdimoment på kvar gard. Dei hadde eit standardskjema å halda seg til på kva dei skulle ta med, til dømes dyrka jord. Så skulle dei føra ”beskrivelsen” for kvar gard inn i eit særskilt skjema og dessutan syta for at det blei laga fleire eksemplar av det samla arbeidet, enten handskrivne eller trykte.

Det neste steget etter det førebuande arbeidet, mot endeleg, ny skattematrikkel, var prosessen med å handsama klager og innvendingar. Sidan matrikkelen var grunnlag for skattlegging, var dei einskilde eigarane ikkje interesserte i at matrikkelskylda på garden skulle vera for høg. Den nye matrikkelen var ferdig ved Kongeleg Resolusjon av 29. mai og 6. desember 1886.

Eit døme
I 1859 vart Klævoll kommune skilt ut frå Lavik kommune. Namnet vart i 1890 endra til Kirkebø (seinare Kyrkjebø/Høyanger). Kommunen omfatta område både på nordsida og sørsida av Sognefjorden.

Den trykte ”Beskrivelsen” over ”Klævolds Herreds matrikulerede Gaarde Tilfølge Lov om Revision af Matrikulen af 6te Juni 1863” er eit døme på resultatet av arbeidet til dei særleg oppnemnde kommunale kommisjonane/komiteane sitt arbeid med den nye matrikkelen. Vi skal sjå litt nærare på innhaldet.

”Anmærkninger” - innleiing
Dei to første sidene gjer nærare greie for kva komiteen har lagt til grunn for dei einskilde noteringane sine og sluttresultatet (framlegg til matrikkelskyld) for kvar gard. Dessutan går det fram kven som var med i arbeidet: L. Ramslie (formann) A. Avsnes, Hans Olsen Søreide d.y., Niels Andersen Vadhjem og Gunder Olsen Fitje. Arbeidet tok litt over tre år. I ein merknad etter sjølve ”beskrivelsen”, noteringane på kvar gard, står det at husmannsplassane er medrekna i hovudbruket.

122 gardar
Gardane i Klævoll er lista opp etter nytt matrikkelnummer, frå 1 til 122. På kvar gard er det notert namn, eigar, tidlegare gardsnummer, matrikkelnummer , (Matr.-No) og løpenummer (Løbe-No) og tidlegare matrikkelskyld (skatteskyld). Deretter følgjer notering på dei punkta komitemedlemmene skulle gje svar på, og til slutt framlegg til ny matrikkelskyld.
 

Garden Åkre
Her teke vi med eitt døme frå ”beskrivelsen”, garden Åkre, som ligg i det området som i dag kallast Høyanger sørside. Vi har lagt inn overskrifta/spørsmålet i noverande målform til kvar notering (Svara er i kursiv):

1) Gardsnamnet
43  Aakre

2) Matrikkelnummer
25

3) Løpenummer
31a

4) Eigar eller brukar
Anders Johannesen

5) Noverande skyld
4 daler 4 ort

6) Omtrentleg storleik og kvalitet på åker og dyrka eng
Agerland: 13 Maal og 35 dyrket Eng

7) Omtrentleg omfang og kvalitet på natureng
Det naturlige England er 20 ½ Maal

8) Har garden utslåtter og fjellslåtter og i så fall av kva omfang
Udslaatter en Del, men benyttes ei for Tiden.

9) Har eigedomen udyrka jord som er skikka til oppdyrking?
Betydelig Indmark

10) Årleg utsæd av kvart slag
4 ¾ Td. Blandkorn, 2 ½ Td. Potetes
[1 tønne – om lag 160 liter]

11) Årleg avling av ein kvar kornart og av høy
22 Td. Korn, 16 Td. Potetes

12) Husdyrhald
21 Storfæ, 1 Hest, 48 Smaafæ

13) Hamnegang, lokalisering, kvalitet og tilstrekkelighet
Havnegangen maadelig, forresten som almindelig

14) Har eigedommen skog til husbruk
Skov til Husbrug

15) Har eigedommen skogvyrke til å selja - kva slags og kor mykje omtrent i gjennomsnitt kvart år.
1 Tylvt Tømmer, 24 favne birkeved, 12 Favne Olderved

16) Har eigedommen tilgang til brensel av anna slag enn ved?
Der haves ikke Adgang til andet Slags Brændsel end Ved.

16) Har eigedommen tilgang til forsurrogat - art og mengde
500 Løv samt betydelig Ris og Skav

18) Har garden meir en vanleg lett eller vanskeleg tilkomst til veg eller til sjøen eller til avsetningsplass
Som almindelig

19) Er garden meir enn vanleg lettbrukt eller tungbrukt
Som almindelig brugt

20) Har garden fiskeri eller annan ”herlighed" som etter loven av 17 august 1818, pgf 28 skulle koma med ved ”Skyldsetting” og i kva omfang?
Laxefiskerie til omtrent 25 Spd. Netto.

21) Er garden frostlendt eller behefta med andre særeigne manglar?
Ikke frostlændt, dog litt Skredløb

23) Er garden meir eller mindre enn vanleg godt dyrka?
Som almindelig dyrka

24) Framlegg til skyldsetjing
4 Daler 2 Ort 2 skilling [2 skilling notert med handskrift]

25) Merknader
[Ingen]

Handskrivne lister i protokollar og på lausblad
Som alt nemnt vart det laga fleire eksemplar av ”beskrivelsane”, vanleg nemnt som matrikuleringsprotokoll eller skylddelingsprotokoll. Eitt eksemplar vart sendt til overordna organ (fogderikommisjon og amtskommisjon) som ledd i sakshandsaminga. Riksarkivet har ei samling matrikuleringsprotokollar. Elles finst det spreidde eksemplar oppbevart lokalt. Fleire er komne inn til Fylkesarkivet som ein del av kommunearkiva.

kjelder:

Beskrivelse over Klævolds Herreds matrikulerede Gaarde. 1867.
Mykland, Liv og Masdalen, Kjell-Olav: Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene. Universitetsforlaget 1987.
Norsk Allkunnebok. Band 10. 1964.