Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 07. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Arresten på Bryggja



Omringa av gamle ærverdige tre ligg det gamle Lensmannstunet på Bryggja. Eitt av husa vert kalla Arresten.

Huset som ber namnet Arresten i Lensmannstunet på Bryggja. Vindauga med små ruter har jerngitter innvendig.

Huset som ber namnet Arresten i Lensmannstunet på Bryggja. Vindauga med små ruter har jerngitter innvendig.

Eigar: Rigmor Navekvien.

Datering: 2000.

Fotograf: Rigmor Navekvien.

Huset

Huset Arresten står i stil med hovudbygningen, og er måla i same gulfargen. Det blinkar i dei små rutete vindauga. Det einaste bygningsmessige som fortel at dette huset har vore brukt til arrest, er det solide jerngitteret i glaskarmen. For å sjå det må ein heilt inn til huset.

Eitt av fleire

Bygningane i Lensmannstunet på Bryggja vart bygde i tidsrommet 1860-1870, før tunet vart lensmannsgard. Lensmann Arnoldus Lem fekk skøyte på eigedomen, bruk nr.10 på Maurstad i 1876. Lensmannen tok huset som no vert kalla Arresten i bruk til kontor og arrestlokale.

Eldre folk husgar

Bryggja høyrde til Davik kommune fram til 1964 då bygda vart lagt til Vågsøy kommune. Det var lensmannsfolk i lensmannstunet på Bryggja frå 1876 til 1916. Eldre folk hugsar klasseskilnaden mellom vanlege bygdefolk og folka i lensmannsgarden. Der var det tenestefolk og guvernante. Dei hugsar og at der var innsette i arresten, i somme høve fangar som skulle vidare til fengslet i Vik i Sogn. Lensmann Lem døydde i 1925, og husa skifta eigar. Men Arresten står der som eit pust frå ei anna tid.

Lensmann A. Lem

Portrettbilete av Lensmann Arnoldus Lem.

Lensmann Arnoldus Lem var fødd 8.februar 1847 i Førde. Foreldra var lensmann Arnoldus Hess Lem og Andrea Olava Lem. I åra 1865-1869 var han kontorist hjå futen i Sogn, i 1869-1872 kontorist hjå sorenskrivaren i Indre Sogn og i perioden 1873-1875 kontorist hjå Amtmannen i Sogn og Fjordane.
Han var gift med Anna Elisabeth Paasche og budde på garden sin Maurstad til han døydde 3. mars 1925. Arnoldus Lem var lensmann i Davik frå 1875 til 1916. Då han slutta møtte formannskapet opp i heimen hans og overrekte eit gullur med kjede for lang og tru teneste.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Davik Herad 1837-1937.1936.
Munnleg informasjon frå:
Harald Maurstad, Vågsøy.

PERMANENT IDENTIFIKATOR