Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Potetforliset ved Seglsteinen



Ei bekmørk desembernatt 1944 glir ein tysk konvoi over Sognesjøen mot nord. Ingen fyrlykter er tende, men leiarbåten greier finne opninga til Krakhellesundet. Hittil er ingen fiende observert.

Her ser me det utbrende skipet. Hellinga på skorsteinen viser at det er i ferd med å brotne av. Etterpå var det lettare å komme om bord då båtane kunne gå inntil der dekket var avbrotna. Dei store potetmengdene i lasteromma var ikkje tilgjengelege.

Her ser me det utbrende skipet. Hellinga på skorsteinen viser at det er i ferd med å brotne av. Etterpå var det lettare å komme om bord då båtane kunne gå inntil der dekket var avbrotna. Dei store potetmengdene i lasteromma var ikkje tilgjengelege.

Eigar: Harald Grønnevik.

Datering: 1944.

Fotograf: Ukjend.

Eit hemngjerrig sjøuhyre

Hausten 1944 hadde ikkje tyskarane operative jagarflyskvadronar på Herdla. Dermed kunne engelske fly boltre seg friare, og senke fleire tyske farty i skjergarden. Det førte til at tyske konvoiar berre skulle gå om natta, noko dei måtte betale for med endå fleire grunnstøytingar.
Natta til 15. desember stemnde ein slik konvoi over Sognesjøen mot Krakhellesundet. Fremst gjekk tidlegare oslobåten D/S "Ferndale" på 4300 tonn, lasta med polske poteter. Kaptein Wagner hadde nok med å sjå etter land og tenkte ikkje på medstraumen. Seglsteinen som stikk opp som eit hemngjerrig sjøuhyre, kom dermed for brått på og skipet brasa på grunn.

Mosquitoar i mastehøgde

Dei næraste skipa i konvoien greidde så vidt å styre unna. Etter ordre skulle "Fairplay X" og eskortefartyet "Jäger" liggje att ved havaristen og resten gå vidare på nord. Dukkar måtte på plass, og bergingsfartyet "Parat" vart kommandert til Krakhellesundet. Dagen etter stod "Ferndale" framleis på skjeret då kapteinen observerte fly. Alarmen gjekk. Den godt kamuflerte "Jäger" smaug inn i landskuggen på vestsida og vart usynleg for flya. "Fairplay X" låg utpå og vesle "Parat" var fortøygd til "Ferndale". Lynraskt kom 19 Mosquitoar i mastehøgde og feia inn over dei med kulesprutande maskinkanonar og hylande rakettar.

Inferno av eld og død

På eit par minutt var åtaket over. "Ferndale" og "Parat" stod i full fyr, mannskapa freista febrilsk å sløkkje, men ammunisjon eksploderte heile tida. Tre kvarter seinare kom 8 fly til, resten av flystyrken frå Banff Strike Wing i Skottland, som hadde drive ubåtjakt ved Fedje og no såg røyken. Ei ny rokksalve mot havaristane, men den eine Mosquitoen fekk ein fulltreffar frå dødsfarlege "Jäger", og gjekk i fjellveggen på Losna. Den australske, norskætta piloten K. Beruldsen og den engelske navigatøren O. Rabbit omkom momentant. "Parat" sokk. "Ferndale" brotna av, og den eine halvdelen sklei ned. Framparten stod att som om han flaut beint.

Grøderik åker

Den tyske krigsmakta forlet havaristen. Straks jernet var kaldt, overtok sivile. Mangt kan komme til nytte frå eit vrak, men ryktet om den store potetmengda spreidde seg vidt og breitt. Tyskarar frå kystforta Lammetun og Nesje henta ei stund på dagtid. Om kveldane kom andre frå aust og vest. Berre øvste dekket var tilgjengeleg Etter å ha spadd vekk det bakte laget oppå, kunne dei plukka i sekker og kassar. Til slutt sette kulden stopp for potetopptaket. Dei synlege restane av Ferndale vart fjerna etter krigen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ymse avisartiklar av Halvor Sperbund, i Bergens Tidende.
Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR