Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bautasteinen på Austrheim



På Austrheimssteinen er truleg den yngste av jarnalder-helleristningane i Nordfjord. Den innrista skipsfiguren er datert til kring år 400 e.Kr., overgangen mellom romartid og folkevandringstid.

Austrheimssteinen.

Austrheimssteinen.

Eigar: I Gloppen bygdebok.

Datering: Ca. 1977.

Fotograf: E. Skjelsvik.

Garden Austrheim

Steinen er reist på ein gravhaug på garden Austrheim i Gloppen. Austrheim er ein av dei gamle storgardane ved Gloppefjorden. Namnet gjev seg sjølv. Austrheim tyder austgarden. Namnet har også vorte tolka som aust for Vereide.
Funn frå eldre jarnalder viser at garden Austrheim truleg var ein samlingsstad og eit høvdingsete. At ei kyrkje vart bygd på garden i høgmellomalderen, med så kort avstand til kyrkja på Vereide, er teikn på at Austrheim var samlingsstad og høvdingsete inn i kristen tid.

Utgraving

Først i 1949 vart det oppdaga at bautasteinen stod på ein gravhaug. I 1955 vart haugen graven ut, og det viste seg då at det kanskje aldri har vore gravlagt noko menneske i røysa. Bautasteinen gjer det klart at dette likevel er eit minnesmerke. Steinen som ligg berre om lag 20 meter frå den gamle allfarvegen på nordsida av Gloppefjorden, kunne sjåast både frå sjøen og landevegen. Ut frå dette har røysa, med bautaen, vorte tolka som ein kenotaf, ei tom grav for ein som hadde mista livet langt unna. Den døde måtte ha ein stad å vere, sjølv om han ikkje kunne gravleggjast i fedrejorda.

Korleis tolke skipsbiletet på steinen

Båten har høge og kløyvde stamnar. Han har ein parallell i den såkalla Kårstadsteinen, som nå står i hagen på Historisk Museum i Bergen. Denne steinen vart funnen då vegen mellom Innvik og Utvik vart bygd.
Ristingar på Austrheimssteinen, på den nemnde Kårstadsteinen, og ein stein frå Hennebygda, viser at det i mange hundre år, frå yngre bronsealder til yngre romartid, var ein tradisjon å bruke hogne skipbilete i Gloppen. Ei freistande tolking ville vere å sjå skipsbiletet på Austrheim som båten som frakta den døde til dødsriket. Men det ser ut som slike førestillingar først kom inn i nordisk mytologi seinare, under påverknad av kristendommen i Europa. Mest truleg er båten eit symbol for noko heilt anna som har med dødstru eller livstru å gjere.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Band I og band IV. Sandane 1978 og 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR