Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. desember 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Rå-data

Grunnlovsjubileum 2014 – Bededagstalen i Lærdal



Året 1814 – eit merkeår i Noregssoga: Kielfreden, Frederik VI avstod Noreg til kongen av Sverige, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling (første lokalval i nyare tid), Riksforsamlinga på Eidsvoll, grunnlov og kongeval (eigen norsk konge i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss og union med Sverige. – I Lærdal vart det halde val fredag 18. mars. Soknepresten las opp kunngjeringar frå Christian Frederik og heldt bededagstale. Talen er teken vare på.

<p>Tittelbladet p&aring; sokneprest Ulrik Frederik B&oslash;yesen sin tale i &laquo;Leirdals Hovedkirke&raquo;, 18. mars 1814.</p>

Tittelbladet på sokneprest Ulrik Frederik Bøyesen sin tale i «Leirdals Hovedkirke», 18. mars 1814.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1814

Fotograf: faksimile

Tileigna «Regenten»

«Medborgere!» byrja sokneprest Ulrik Frederik Bøyesen talen sin i «Leirdahls Hovekirke» den særskilt fastsette bededagen 18. mars 1814. «Aldrig have vi nogensinde i en for Fædrenelandet vigtigere høitideligere Anledning mødt til sammen i Herrens Tempel.» Lærdals-presten var godt førebudd. Han hadde laga seg manuskript på kva han skulle bera fram og leggja tilhøyrarane på minne, før han styrde valet på to valmenn til amtsvalet i Vik 30. mars, som skulle velja tre utsendingar frå Nordre Bergenhus Amt til riksfosamlinga på Eidsvoll. Manuskriptet vart seinare trykt hjå Jacob Lehmann i Christiania. Originalmanuskriptet er oppbevart i Riksarkivet. På tittelbladet (to sider) står:

«Taler paa den anordnede høitidelige Bededag, holdne i Leirdals Hovedkirke, den 18de Marts 1814, af Ulrik Frederik Bøyesen, Sognepræst for Leirdals Præstegjeld (…) Deres Kongelige Høihed Prinds Christian Frederik Norges Regent, underdanigst tilegnet.» [Frå Stormannsmøtet (rådsmøte) på Eidsvoll 16. februar til kongevalet 17. mai, brukte prins Christian Frederik tittelen regent.]

Føreskrive innhald

Trykksaka sluttar med parantesen «(Den anbefalede Bøn oplæstes)». Heile programmet i kyrkja denne dagen var føreskrive frå prins og regent Christian Frederik. Prinsen vende seg til det norske folket gjennom biskopane, som så sende direktiv og trykt materiale til sokneprestane. Kvar prest skulle halda «en kort, men kraftfuld Indlednings-Tale» før han skulle be kyrkjelyden sverja høgtidleg eid på å hevda sjølvstende for landet, og om nødvendig «vove Liv og Blod for det elskende Fædreneland». Deretter skulle presten be ei bøn for et norske folket og halda ei preike over bibelteksten i Salmane, kapittel 62, vers 8-9, og heilt til slutt avrunda med «den anbefalede Bøn.»

Utførleg om bededagen i Lærdal

Trykksaka «Taler paa den anordnedede og høitidelige Bededag» fortel korleis sokneprest Ulrik Frederik Bøyesen løyste oppgåva si i Lærdal. Han vende seg til kyrkjelyden med tiltaleorda «medborgere» og «landsmenn», «mine Tilhørere» og «mine Brødre». I innleiinga las han opp brev og kunngjeringar frå regenten og tok kyrkjelyden med i den føreskrivne eiden til sjølvstendet. Deretter heldt han bøn før talen sin over den føreskrivne bibelteksten, og slutta med alvorsorda: «Trøst dig da Gubbe! Qvinde, skjælv ikke! Ved vor ædle Regents, bag Eders kjekke Sønners Værge staaer Norge trygt. Vi haabe paa Gud! Han er vor Tilflugt. Amen.» Heile trykksaka følgjer her, i opphaveleg form med gotisk skrift, og i omskriven form.

Ulrik Frederik Bøyesen

Jon Laberg si bygdebok for Lærdal og Borgund har mellom anna dette om presten i Lærdal 1814:

«Ulrich Fredrik Bøyesen, fødd 1773 i Oslo, der faren, Peder Otto Bøyesen var kjøpmann. Vart student i 1791 og teologisk kandidat i 1800. Var so fleire år lærar i Kjøbenhavn og vart i 1804 residerande kapellan i Våge, Gudbrandsdalen, og i 1812 sokneprest til Lærdal. Her vart han i 10 år, til han i 1822 vart res. kap. til Domkyrkja i Bergen, og i 1825 sokneprst til Ullensaker. Hadde medaljen for «Borgerdåd» og døydde 1841. Etter det me kann forstå har Bøyesen vore noko meir enn ein vanleg landsens prest.»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bøyesen, U.F: Taler på den anordnede høitidelige Bededag, holdne i Leirdals Hovedkirke, den 18de Marts 1814. Christiania.  Nasjonalbiblioteket: Pdf-fil, sjå vedlegg,

Schnitler, Carl W., m.fl.: Eidsvoll 1814. J. W. Cappelens forlag, Kristiania, 1914.

Bergsgård, Arne: Norsk historie 1814-1880. Det norske samlaget. 1964.

Laberg, Jon: Lærdal og Borgund. Bygd og ætter. 

PERMANENT IDENTIFIKATOR