Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Bjørnejakt i Sogn 1956



"Bjørnen skoten fredag. Det var ein stor og gamal hannbjørn." Dette var overskrifta på oppslaget i avisa Sogn og Fjordane 28. mai 1956. I fleire år har hadde bjørnen vore til "forarging for folket i Jostedalen og på Veitastrondi," skreiv avisa.

Bjørnen dei skaut i Leirdalen 25. mai 1956 vart frakta rundt på framsyning. Guten attmed bjørnen er Kjell Solem.

Bjørnen dei skaut i Leirdalen 25. mai 1956 vart frakta rundt på framsyning. Guten attmed bjørnen er Kjell Solem.

Eigar: Skald forlag

Datering: 1956

Fotograf: Ukjend

Slutten

Fredag 25. mai 1956 var siste akt i eit årelangt bjørnedrama. Om morgonen same dagen fann eit jaktlag fár etter bjørnen oppe i Tunsbergdalen, øvste delen av Leirdalen. Dei fekk auga på bamsen og løyste skot på om lag 500 meter. Bjørnen tok no vegen heimover dalen og dei skaut etter han fleire gonger. Han vart truffen i eine foten, slik at jegrane stadig tok innpå. Ved ein fjellstøl var det slutt. Sverre Leirdal skaut det siste skotet frå 40 meter.

Alle lokalavisene melde nyhendet, at bjørnen var skoten. "Sogningen" ordla seg på denne måten: "10-11 mann (..) ringa bamsen inn på fjellstølen i Tunsbergdalen, og etter 3-4 timars intens jakt der han so å segja vart pepra med salvingar, måtte karen bita i graset."

Vist fram

Jakta var over i tre-tida. Det var ein stor hannbjørn, men han var mager etter tida i vinterhiet. Sjølve skrotten var 1,6 m og breidda over skallen 30 cm. Bamsen blei først køyrd ned til Leirdalen, seinare ned til garden Alsmo i Jostedalen. Utover kvelden kom mykje folk for å sjå bjørnen, og dagen etter lasta dei han opp på ein lastebil og køyrde rundt på framvising.

Frå fryserom på Leikanger til kraftstasjon i Fortun

Det var snakk om at Sogn Folkemuseum (som då var på Amla) skulle ta hand om bjørneskrotten til utstopping. Det vart det ikkje noko av. Museumsstyret meinte det ville bli for dyrt, først å betala 2000 kroner til jegrane og deretter fleire tusen kroner for utstopping.

Mellombels blei så bjørnen køyrd til Leikanger og plassert i fryserommet til Vangsnes fiskemat. Den 6. juni føreslo signaturen "B" i eit innlegg i Sogn og Fjordane, at den nett då påbyrja kraftstasjonen i Fortun, var ein passande stad for ein kraftkar som denne. "Kunne ikkje denne målsmannen [Leirdalsbjørnen] for den gamle muskelkraft i fjellheimen få plassen sin der dei no samlar og byggjer ut dei veldige naturkrefter (..)? spurde innsendaren. Og slik blei det. Leirdals-bamsen frå 1956 står no i kraftstasjonen i Fortun.

Skotpremie

Jaktlaget kunne kassera inn mellom 4 og 5000 kroner i skotpremie, eit beløp som tilsvarar litt over 50 000 2007-kroner. Fleire kommunar hadde på førehand sett opp eit fast beløp, såleis Luster 1500 kroner, Hafslo 1000 kroner og fylket 500 kroner. Balestrand hadde lova å ta stilling til løyving når bjørnen var skoten.

Mislukka jakt i 1955

"Bjørnen som i årevis hadde vore til forarging", skreiv ei avis. Folk var sikre på at den bjørnen som jaktlaget avliva i 1956, var den same det hadde vore jakta på året før. I 1955 melde avisene at Anders Nes på Veitastrondi hadde observert bjørn 17. mai i Langedalen. Fleire jegrar la straks i veg, både på Veitastrondsida og Jostedalsida. Sogn og Fjordane hadde bjørne-notiser i nær sagt kvart einaste nummer. 23. mai kom jegrane på skothald i Langedalen, men bjørnen kom seg unna.

Påskjøning

I juli 1955 var Luster kommunestyre på utferd til Leirdalen. Dette var "gamle Luster kommune", nabokommune med Jostedal kommune og Hafslo kommune. Dei køyrde buss til Leirdøla bru ved vegskilet nede i Jostdalen, og gjekk deretter til fots dei tre kilometrane opp til Leirdalen. Dei vart godt mottekne og fekk servert saftdrikke, kaffi og smørbrød før dei heldt kommunestyremøte.

Bjørnen kom og på saklista. I avisreferatet står følgjande:
"Det vart opplyst (..) at Sverre Leirdal hadde brukt mykje av våren til å jakta på slagbjørnen som har herja i Leirdalsfjella i fleire år. Sameleis hadde den kjende jegeren Nils Fuglesteg heft mykje tid med å jakta etter udyret. Som honnør til desse karane vart det løyvt 500 kroner til Leirdal og 300 kroner til Fuglesteg."

Det høyrer og med til historia at dei folkevalde lustringane vart bedne til bords på mylse og rømmegraut då dei var ferdige med møtet, og seinare på kaffi og kaker. Mange gav uttrykk for at dei ikkje ville ha noko i mot fleire kommunestyremøte i Leirdalen.

kjelder:

Sogn og Fjordane. 23.05, 25.05, 18.07.1955, 23.05, 28.05, 06.06.1956.
Sogningen. 28.05.1956.
Sogn Dagblad. 24.05, 26.05.1956.

PERMANENT IDENTIFIKATOR