Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. september 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

100 år i Lunden – slektstreff på Slinde



Laurdag 22. mai 2010 var det slektstreff i Lunden på Slinde, så og seia på dagen 100 år etter at Kristi og John Lidal kom hit som nye eigarar. Slektstreff er litt av kvart. På Slinde handla det om fire generasjonar Lidal på garden Lunden, – gardssoge og folk i tida 1910-2010.

Våningshuset og folk 1916-1917, passar som tittel til biletet. Kristi Lidal (fødd 1883) med borna Margit (fødd 1912), Endre (fødd 1908) og Knut (fødd 1910). John Lidal (fødd 1868). Truleg Kristi sin bror, Erik, som emigrerte til USA ca 1920. I båten: «Rinden» (Johan Slinde) og «Gamle-Rinden». Dei runde stabbane ved kjellarvindauga er bandabuntar, tønneband. Bygdevegen gjekk då på oppsida av huset. Vedstablane er fyringsved til Fylkesbaatane. Mot slutten av 1. verdskrigen var det mangel på fyringskol, og dampskipa måtte fyra med ved i staden. Slinde var bunkringsplass.

Våningshuset og folk 1916-1917, passar som tittel til biletet. Kristi Lidal (fødd 1883) med borna Margit (fødd 1912), Endre (fødd 1908) og Knut (fødd 1910). John Lidal (fødd 1868). Truleg Kristi sin bror, Erik, som emigrerte til USA ca 1920. I båten: «Rinden» (Johan Slinde) og «Gamle-Rinden». Dei runde stabbane ved kjellarvindauga er bandabuntar, tønneband. Bygdevegen gjekk då på oppsida av huset. Vedstablane er fyringsved til Fylkesbaatane. Mot slutten av 1. verdskrigen var det mangel på fyringskol, og dampskipa måtte fyra med ved i staden. Slinde var bunkringsplass.

Eigar: Jon Lidal

Datering: 1916-1917

Fotograf: Mikkel Lunden (truleg)

Historisk oversyn til slektstreff

Kvifor laga til slektstreff. I Lunden var etterkomarane til John og Kristi Lidal samlingspunktet, og garden Lunden. Kring 50 var tilstades; alle dei 12 borneborna med familiar var inviterte. Dei møtte med ulik kunnskap, både om slekta og garden. Jon Lidal visste naturleg nok mest. Han hadde laga eit historisk oversyn, godt tilpassa anledningen. Faldaren «100 år i Lunden» handlar om dei første Lidal i Lunden, om dei som følgde etter, om levevegen/levebrødet, om endringar og meir til.

Her tek me med heile historikken, noko redigert, for at «utanforståande» lettare kan ta del, og med «mellomtitlar». Artikkelen har elles med brukarliste og årstalliste, før historikken, og tre avsnitt til slutt som utfylling: 1) om ein gamal huspostill, 2 folketeljinga 1910 for Lunden, og 3) Lunden/Slinde som båtstoppestad.  

Brukarar på garden Lunden, Ytre Slinde, gnr 84, bnr 10, 1910 – 2010

1910-1949
John Endreson Lidal (1868-1948) og Kristi Kjelsdotter Distad (1883-1962)  begge frå Fjærland.
Born:
Endre, fødd 1908 (neste brukar)
Knut, fødd 1910
Margit, fødd 1912
Gjertrud, fødd 1920
Sigurd, fødd 1923

1949-1972
Endre Johnsson (1908-1980). Gift 1941 med Inga Slinde, (1915-2005), frå Slinde
Born:
Jon, fødd 1942 (neste brukar)
Asbjørn, fødd 1945
Kjell, fødd 1949

1972-2008
Jon Endreson, fødd 1942. Gift 1963 med Bjørg Marie Ulriksen, fødd 1944, frå Florø
Born:
Gunvor, fødd 1964 (neste brukar)
Inger, fødd 1966
Nina, fødd 1974 

2008 –
Gunvor Lidal, fødd 1964. Gift med Roar Sandnes, fødd 1964, frå Leikanger
Born:
Vetle, fødd 1989
Jonas, fødd 1995

Årstalliste

1910
20.-21. mai: John og Kristi Lidal flytte til Lunden, Sogndal kommune, frå Lidal, Balestrand kommune.
27. november: Sonen Knut fødd

1920-talet: Innlagt vatn
1928 (ca) Starta landhandel

1932 Vatningsanlegg, Lundelvi
1934-1935 ny kårstove bygd, vegen til Sogndal opna
1934 Stoppestad i ferjesambandet Vadheim - Lærdal

1949 Endre og Inga fekk skøyte på garden

1950-talet Gamlehagen rydda
1957 Nyebui bygd

1972 Jon og Bjørg fekk skøyte på garden
1976 Landhandelen avvikla
1978 Tilbygg (kove) på våningshuset rive, og erstatta nytt tilbygg

1984 Nytt vatningsanlegg, for fleire gardar

1993 Bui ombygd til utleigehus, 4 leilegheiter

2008 Gunvor Lidal og Roar Sandnes fekk skøyte på garden

John og Kristi Lidal sin nye heimstad 

Våren 1910 kjøpte Kristi og John garden Lunden og flytte dit truleg rundt 20-25. mai. Tidspunktet for flyttinga var ikkje det vanlege. Moses Lyngstad frå Viksdalen hadde kjøpt Lunden og flytte hit 14. april 1910, men vart svært dårleg motteken av bygdefolket. Han selde garden vidare til John og Kristi for same summen som han sjølv hadde betalt. (…)

John og svigerfaren, Kjel Distad, hadde vore og sett på Lunden om vinteren. Husa på garden var i svært dårleg stand og jordvegen var liten. Lunden var stoggestad for Amtsbåtane (FSF), men bryggja, som var ein viktig del av innkoma, var til nedfalls. Dei takka difor nei til å kjøpa Lunden. Besten og svigerfaren hadde vore rundt og sett på fleire gardar denne vinteren. Etter at dei takka nei til Lunden, fekk dei tilbod om ein gard i Sunnhordland. Dei drog avgarde på synfaring, men då dei kom fram, var garden seld. Kommunikasjonane var nok ikkje som i dag. Då dei kom attende til Fjærland, kom det bod frå Moses Lyngstad om at dei kunne få overta Lunden. Etter litt rådslaging med svigerfaren vart dei samde om dette og Lunden skulle verte den nye heimstaden for den vesle familien.

«Stort pågangsmot»

Det var eit par med stort pågangsmot som gjekk på land i Lunden denne førsumar-dagen. Kristi var 27 år og gravid med Knut som vart fødd 27. november. Endre var nær 2 år gammal, fødd i 1908. Sidan kom Margit i 1912, Gjertrud i 1920 og Sigurd i 1923. John var 42 år gammal då dei kom til Lunden. Det var mykje å ta fatt i på garden. Bryggja var til nedfalls, hovudhuset lak og var etter Besten sitt utsegn lite å gjere med.

Sette i stand bryggja og bygde nytt våningshus

Det første dei starta med var bryggja. Dei hadde gode hjelparar i familien (slektningar) i Fjærland, så den vart sett i stand etter nokre få veker. Åkrane var ferdig sådde, men det vart sett noko poteter etter at dei kom til gards. Besten hadde ikkje hest då dei kom her, så han bar ut møk i kjipa på ryggen. Ein av naboane såg dette og lånte han hest til å dra arden, slik at han slapp å greipa opp åkeren.

Dei sette i gang å byggje nytt våningshus, mura grunnmur og kjøpte inn material (plank). Rundtømmer til åsar og opplengjer vart hogd, truleg på Fimreite. Noko osp vart hoggen i eigen skog. Første høgda vart bygd med nye materialer, i andre etasjen vart det brukt materialer frå det gamle våningshuset. Medan dei bygde, budde dei på stabburet/eldhuset.

Knut vart fødd på stabbursloftet, men i desember kunne dei ta i bruk nyestova. Krava til bustandard var nok ikkje som i dag (2010), men dei var sikkert stolte av å komme under tett tak. Kjøkenet er fortsatt på same plassen i dag, men soverommet var kammerset, som i dag er inste delen av stova vår. Foreldra mine, Endre og Inga, brukte det til soverom til etter krigen. Asbjørn og eg (Jon) er fødde i dette rommet.

Soveromma i andre etasjen vart innreidd litt etter behov, rom til tenarar og overnatting for folk som kom med båten. På nordsida av huset vart det bygd eit tilbygg, som vart nytta til venterom for telefonstasjonen. Dette rommet vart bygd av materialer frå koven (soverom) på gamlehuset. Dette tilbygget vart rive i 1978 og erstatta av novertande tilbygg.

Dyrka jord

Etter at husbygginga var unnagjort, vart det rydda ny jord. Nokre få åkerlappar med steinmurar rundt var dyrka, men det meste av innmarka ovafor gamlevegen var udyrka. Det vart mange steinlass å køyra til nedsida av nyehuset. Det meste av området mellom huset og Lundaskjeret er dyrkingsstein som Besten køyrde dit med hest og slede. Etter at Besten hadde dyrka det meste, fortsette han å slå gras både i Lid og Skåraberg. Stølsgjerdet vart rekna som heimajord, «berre» 100 meter å bera frå løa til løypestrengen, så var det i båten med det og bera det opp i fjøsen. Knut og Endre var lite nøgde med å slå og hesje i Lid, difor sette dei i gang med å dyrke opp to små gjerde i Kalvatre, ca 1 – 1/2 dekar. Likevel fortsette dei å slå og lauva i Lid fram til krigen.

Snikkar

For å skapa ein leveveg var det naudsynt å nytte alle ressursar, så det var nok eit strevsamt liv besteforeldra våre hadde skaffa seg. Besten dreiv i alle år som snikkar i lag med Vetle-Hans (Hans Midtun på Røvomn). Dei bygde mange nye hus på Slinde, i Øvstedalen, på Systrond og i Flåm. Husbygginga føregjekk for det meste i sumar-halvåret, om vintrane hadde dei ombyggingsarbeid. Knut byrja å vere med frå han var konfirmert. Mesteparten av tida elles i året, gjekk med til nydyrking og steinkøyring.

Vatningsanlegg

Det neste av vatnet til husbruk måtte berast frå Hermannsneset. Til fjøsen hadde dei ein bekk ovafor vegen, denne vart turr i frostbolkar og om sumaren. Innlagt vatn fekk dei utpå 1920-talet. Dette letta nok mykje på arbeidet. Lunden har mykje turkesvak jord, for å hjelpe på dette bygde Besten i lag med naboane, Johan Slinde (Rinden) og Lars L. Slinde (Garingen), vatningsanlegg frå Lundelvi. Det var i 1932.

Besta dreiv allsidig

Besta dreiv garden, styrde telefonstasjonen og dampskips-ekspedisjonen. I periodar var ho og på stølen, gjekk opp om kvelden og heimatt om morgonen. Knut og Margit byrja som budeier då dei var 10-12 år gamle. Dei fekk litt hjelp av dei andre vaksne budeiene men elles klarte dei seg bra.

Til båtanløpa hadde Besta god hjelp av husmannen, Hole-Per-Johans (Johannes I. Slinde) og seinare son hans, Ivar. Til gardsarbeid elles hadde dei Lars-Mikkel (farbror til Inga). Han likte seg best med det dei kalla «grovarbeid». Brørne til Besta, Hans, Knut og Erik, var og med og hjelpte til med førefallande arbeid på garden. For det meste hadde Besta og ei fast hushjelp/altmogleghjelp.

Lunda-Kristi var vel omtykt i grenda som ein påliteleg person, «eit kvinnfolk i brok» .. ein likemann for dei andre bøndene i grenda. Lunda-Jo var mykje borte på arbeid, men  dei var alltid einige om ting dei sette i gang.  

Landhandel

Sjølv om Besta hadde rikeleg med arbeid før, starta ho ca 1928 med landhandel i kjellaren på bustadhuset og sjøbua. Det hadde vore ein landhandel i Nornes, hjå Gert i Myri. Den gjekk konkurs på denne tida og Kristi såg at det var mogleg å skapa meir drift i Lunden. Butikklokalet var ca halve kjellaren under våningshuset. Etter få år vart resten av kjellaren teken i bruk. På bryggja vart det to nye bygg, Nesta sjøbui og Skuret. På bryggja vart det lagra fòrmjøl, bensin, olje, kunstgjødsel, sprøytemidlar og diverse reiskap og spikar. På ein landhandel fann ein det meste ein trong i kvardagen, slik var det i Lunden og.

Her hadde dei: mjøl, sukker, gjær, krydder, kaffi, tobakk, brød, smør, sirup (på tønne), diverse tekstil, knappar, nåler, glidelås, arbeidsklede, sokkar, skjorter, undertøy, strikkegarn og steintøy. Dei kunne og skaffe findressar, frukttre-sprøyter og motorslåmaskinar. Butikken vart driven i kjellaren fram til 1957 då Nyebui vart bygd.

Kafedrift

I 1934-35 bygde Besten og Besta ny kårstove. Denne vart ferdig då vegen til Sogndal vart opna. Då vart Lunden ferjestad i den nye ruta Lærdal-Gudvangen-Vadheim. Då såg Besta moglegheiter i kårstova og leigde den ut til kafè. Nokre jenter frå Fjærland dreiv kafeen den første sommaren. Etterpå vart den dreven av Kikka Lundegård, seinare kjent kafevert på Systrond. Då vegen vart opna til Leikanger i 1939, vart ferjestaden flytt til Grinde og kafedrifta i Lunden var over.

Utmarksslått og lauving

Lunden hadde stølsgjerde på Engi (vårstøl). I tillegg til Lundali (lenger vest, ikkje langt frå sumar-stølen Kråkesete) og Skåraberg, så slo dei og i Ormurdane og på Einestabbflaten. Det vart lauva i alle teigar ca 4. – 5. kvart år. Det var utmarksløer i Lid, på Engi, i Skåraberg og Ormurdane. Lauvet vart sett i rauk (stakk) og det er mange raukstø i alle teigar.

Planta frukttre

Lunden var eit bygselbruk, som vart sjølvstendig bruk frå 1610, første skøyta vart skriven i 1650. Bruket var det minste bruket på Ytre-Slinde. Då besteforeldra våre kom her, var det dyrka arealet på om lag 12 dekar (mål). Det er ca halvparten av dagens areal som er ca 25 dekar. Ein del av frukthagen vart planta rundt 1915-1920, men området Kleivi/Steingjerdet vart ikkje planta før etter 1949 av Endre.

Mange sortar i Gamlehagen

I gamlehagen var det kjempesvære gamle tre, med sortar som Gravenstein, Siline, Rosentrips, SigneTillisch, Sumarspære, Steinpære, Pergamot, Bonke, Eggjaplome, Sukkerplome, Raudaplome, gule og grøne Reineclaude, Keisarinne og Gråpære, sure kirsebær og svarthyll. Dei gamle trea vart rydda på 1950-talet.

Eit særleg «varemerke»: påskeliljer

Påskeliljene, som er eit «varemerke» for Lunden, vaks i gamlehagen. Kva tid dei kom her er litt vanskeleg på tidfeste. Nils Lunden, kårmannen til Kristi og John, fortalde at dei truleg vart planta av Nils Hess. Han var brukar, gjestgjevar og kremmar i Lunden og fekk bevilling 1727. I boka «Historiske hagar» (Bergen Museum 2000) er påskeliljene i Lunden er omtala. Det står  at liljene truleg er den eldste kultivaren av arten i Norge. Arten har mykje til felles med ein gammal svensk kultivar og ein kultivar frå Hardanger.

Påskeliljene egna seg dårleg til dyrefòr, så Besten rydda vekk ein del av liljene inst i hagen. Yste delen er bevart og liljene blømer fortsatt vakkert kvar einaste vår i Lunden. Kristi og seinare Inga, sende ein god del liljer til Johannessen-bui i Sogndal, der vart dei selde til inntekt for Sogndal Helselag. Forutan påskeliljer, var det planta mange peoner, raude bonderoser, i gamlehagen.

Endringar fram mot 2011

Endre og Inga fekk skøyta på garden i 1949. I 1957 bygde dei Nyebui (nytt hus for landhandelen) som dei dreiv fram til 1976. Folketalet i området hadde gått noko attende, men dei hadde stabilt og godt kundegrunnlag. På slutten av drifta hadde dei eit begrensa vareutval, men kundane var utruleg stabile, så då dei slutta, var det meste av varelageret selt.

I 1972 skøytte dei Lunden vidare til Jon og Bjørg. Etter at butikkdrifta var over, vart butikklokalet leigd ut til byggevarelager ei tid. I 1993 bygde dei butikken om til utleigehus med 4 leiligheter, som har vore med å gje garden fleire bein å stå på. Gunvor og Roar fekk skøyta på Lunden i 2008. (Historisk oversyn slutt)

Historisk tråd i huspostill

Garden Lunden si soge går langt attende i tida. Fornminne vitnar om busetjing i fleire tusen år Oversynet ovanfor nemner eit par historiske moment frå tida før 1910: at Lunden var sjølveigande bruk i 1610, at Nils Hess var brukar, gjestgjevar og kremmar i Lunden med bevilling 1727, og at det truleg var Hess som planta dei første påskeliljene. I Lunden har dei oppbevart ein huspostill som inneheld ein historisk tråd til tida før 1910. På fleire sider står oppført mange namn på folk som vart fødde «til Verden» i Lunden, med datoar og årstal, også ein dødsdato. Og på første bladet står oppskrive bibelord: «Herre dit Ord bestaaer Evindelig, og din Sandhed fra Slægt til Slægt.»

Folketeljinga 1910 - Lunden

John og Kristi Lidal kom med huslyden sin til Lunden i mai 1910. 1. desember kom folketeljar på besøk. Innføringa viser at fire personar i kårhuset også vart rekna til «husstanden» i Lunden. Dessutan viser innføringa at dei hadde folk hjå seg frå Fjærland, frå Lidal og Distad. Nedanfor er teke med namn, fødselsdato, fødestad (kommune), status og yrke. Notering i hakeparantes står ikkje i folketeljinga. Ved ein person manglar namn. Det kjem av at vedkomande var nyfødd og endå ikkje døypt.  (sjå merknad under)

Johan (John) Lidal     10.04.1868      Balestrand      husfar  gift      gardbrukar
Kristi Lidal                05.11.1883      Balestrand      husmor            gardbrukarkone
Knut Lidal [Distad?]  1895                Balestrand      [bror til Kristi] [gardsarbeidar]
Endre Lidal               12.08.1908      Balestrand      son            
…. Lidal                    [27].11.1910   Sogndal          son               
Kjel Distad                08.11.1850      Balestrand      [far til Kristi]  gardbrukar
Nils M. Lunden          20.11.1855      Sogndal          gift                  kårmann
Kari Hansd. Lunden   18.07.1848      Sogndal          gift                  kårkone
Gjertrud Lunden        09.12.1896      Sogndal          dotter
Solvei Lunden           13.07.1866      Sogndal          ugift                tenar

Den namnlause var Knut, fødd 27. november 1910, tre dagar før folketeljaren var framom. Klokkarbok for Norum sokn har innførsle om dåpen:

Knut, son til Joh. Endreson og Kirsti Kjelsdotter Lidal, fødd 27. november 1910 blei døypt 15. januar 1911. Fadrane var: Knut Jordal (handelsmann), Nils Mikkelsen Lunden (kårmann), Ole Pedersen Lidal (snikkar), Oline Olsdotter Slinde (kårkone), Anna Endresdotter Distad (tenestejente)

Båtstoppestad – først med namnet Lunden, så Slinde

«Bryggja var til nedfalls (…) det første dei starta med var bryggja», fortel Jon Lidal i det historiske oversynet. Lunden var stoppestad for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane heilt frå starten i 1858. I den første ruta var Lunden hovudstoppestad for Sogndal på annakvar tur. Ein gong i 1880-åra vart Slinde teke i bruk som stoppestad-namn istadenfor Lunden.

Fylkesbaatane hadde Slinde (Lunden) som stoppestad til fram mot slutten av 1960-åra. Frå 1934 vart Slinde stoppestad i den nyoppretta bilferjeruta Vadheim – Lærdal. På 1800-talet stod det av og til dårleg til med dampskipskaien/bryggja på båtstoppestaden Lunden. Då John Lidal tok over i 1910, var det første prosjektet hans å setja bryggja i stand. John Lidal vart tilsett som dampskipsekspeditør i 1911. Innkoma av DS-ekspedisjonen var ein del av levebrødet.

kjelder:

Lidal, Jon: 100 år i Lunden. Historisk oversyn til slektstreff 22.05.2010


Bergen Museum: Historiske hager. 2000.


Munnlege opplysningar frå Jon Lidal, Sogndal og Bjørg Lidal, Sogndal