Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kirkevollen



Kirkevollen er eit av dei to freda embetsmannshusa i Førde - Futegarden på Bruland er det andre, og ligg vakkert til ved Løken med kyrkja i ryggen. Det staslege huset har ei uklår fortid, men vart kanskje bygd på Svanøy sist på 1700-talet.

Hovudhuset på Kirkevollen er eit staseleg hus, med utsvaia tak, avvalma gavlar og flate arkar på kvar langside.

Hovudhuset på Kirkevollen er eit staseleg hus, med utsvaia tak, avvalma gavlar og flate arkar på kvar langside.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 2001.

Fotograf: Arild Reppen.

Kanskje frå Svanøy

Hovudhuset er eit einetasjes tømmerhus, med utsvaia tak, avvalma gavlar og flat ark på kvar langside, og 16,6 x 9,4 m i grunnflate. Vi veit ikkje sikkert alderen eller opphavet til huset, men huset kan vere frå Svanøy, der det i 1770-åra vart bygd eit kontorbygg på futegarden. Dette huset vart seinare brukt av presten, men flytta frå Svanøy kring 1850. Huset på Svanøy likna mykje på det som enno står på Kirkevollen. Huset på Kirkevollen kan også vere bygd på staden, og byggestilen tilseier bygging på slutten av 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet.

Lensmannsgard

Kirkevollen var ein del av Falkenstein, som vart skild ut frå kapteinsgarden Ytre Skei i 1823. I enkelte kjelder står det at garden vart bygd som privat lensmannsgard, og mykje tyder på at det var lensmann Johannes Falch på Falkenstein som bygde eller flytta huset. I 1856 arva tre ugifte døtrer Kirkevollen av lensmann Falch garden. Broren Edvard Falch kjøpte ut systrene i 1869.

Legar og dyrlegar

Edvard Falch var kontorist hjå sorenskrivar Elster. Han og kona Julia Neerland fekk 10 barn i åra fram til 1876, då dei selde Kirkevollen til distriktslege H. M. Schou. Kona hans, Alhed Schou, skreiv ei bok om "Svanøen i Søndfjord", som også omhandla historie frå Førde. Neste eigar var også distriktslege, Th. Gløersen, som hadde Kirkevollen 1892-1914. Ei tid var huset utleigd til amtsdyrlegen. I 1914 kjøpte lærar Sigurd Aase huset, og det er barnebarnet, adjunkt Anne Erdal-Aase som i dag har hand om det vakre hovudhuset, som dei siste åra er restaurert og sett i god stand.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Christensen, Hjalmar: Skeid (yttre) 1821-1921. Bergen 1922.
Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. band 2. Førde 1992.
Steen, Fredrik M.B.: Førde i gamle dager (upubl.).
Opplysningar frå:
Anne Erdal-Aase, Førde.

PERMANENT IDENTIFIKATOR