Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Herresalen - Prestebustaden i Eivindvik



Det staselege kvite huset nedanfor kyrkja i Eivindvik vert kalla Herresalen og var bustadhuset til "Eivindvigens anden skaber", prost Niels Griis Alstrup Dahl (1778 - 1852).

Herifrå styrte prost Dahl Eivindvik prestegjeld og Eivindvik prestegard. Den iherdige innsatsen til prosten gjorde prestegjeldet til noko likt eit velferdssamfunn, og prestegarden til eit mønsterbruk. I 2002 er det bibliotek i første høgda, og utstillingslokale i andre høgda.

Herifrå styrte prost Dahl Eivindvik prestegjeld og Eivindvik prestegard. Den iherdige innsatsen til prosten gjorde prestegjeldet til noko likt eit velferdssamfunn, og prestegarden til eit mønsterbruk. I 2002 er det bibliotek i første høgda, og utstillingslokale i andre høgda.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 2001.

Fotograf: Gunnar Ellingsen.

Aktiv prost

Det var Henrik Wergeland som gav prosten attesten "Eivindvigens anden skaber". Prost Dahl er kjend for innsatsen sin for samfunnet i Eivindvik, som folkeopplysar og velferdsutviklar. Han var ein viljesterk og målretta mann som sette opp mange nye hus i Eivindvik. Det kvite huset i empirestil nedanfor kyrkja, Herresalen, vart bygd av Dahl i 1819. Huset var hovudbygningen på prestegarden. Det var mange hus på garden, og prosten måtte selja nokre av dei for å kunne fullføre huset.
Bygningen skulle vere bustadhuset til han og kona Hylleborg. Dei to var utan born, men hadde teke to taterborn til seg i oppfostring. Prosten hadde òg ofte folk buande hos seg for kortare eller lengre periodar. Dei kunne vere sjuke folk som prosten gav behandling, "skoleholdere" eller konfirmantar som han gav undervisning, besøkande langvegs frå eller andre.

Empirestil

Huset er 16 m langt, 8,5 m breitt, og 5,8 m høgt under takskjegget. Det er bygt i furutømmer med kvitmalt bordpanel utanpå. Grunnmuren er av gråstein, og taket er tekka med teglstein. Huset ligg nær stranda, rett ved sida av den såkalla Prestekaia. Steintrappa som fører frå kaia og opp til kyrkja går forbi prosten sitt bustadhus. Både Prestekaia og kyrkjetrappa vart sette opp av prost Dahl. Empirestilen som pregar Herresalen er eit godt døme på prestebustadene til opplysningsprestane på attenhundretalet.

Offentlege føremål

Då formannskapslova kom i 1837, vart Dahl den første ordføraren i kommunen. Kommunestyret fekk lokale i andre høgda i bustadhuset. Det er kan henda derfor bygningen vart kalla "Salsbygningen", og seinare "Herresalen", som er også er namnet no. I 1902 bygde sokneprest Ottosen ein ny hovudbygning på prestegarden, like attmed Krossteigen. Ein av grunnane skal ha vore at presten ikkje likte å bu nedanfor kyrkjegarden, då han frykta eit ugunstig sig derifrå. Då presten fekk seg ny bustad, vart Herresalen administrasjonshus for Gulen kommune med kontorlokale og kommunestyresal. Sparebanken og lensmannen har òg halde til i huset. Kommunestyret heldt møta sine i andre høgda heilt til seint på nittitalet. I dag er Gulen Folkebibliotek i den gamle prestebustaden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Midtun, Magnor: Eivindvik før og no. 2001. Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl. I: Historielaget for Sogn. Nr. 17. 1955.
Kleiva, Ivar: Niels Griis Alstrup Dahl II. I: Historielaget for Sogn. Nr. 18. 1956.
Statsarkivet i Bergen:
Norges Brannkasse. Gulen, Takstprotokollar.
Munnleg informasjon frå Magnor Midtun, Gulen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR