Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. oktober 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Utsiktsvarden i Å i Hyen



I Vika, inst i Vågen, står eit utkikstårn, ein solid steinvarde bygd kring 1870. Like innafor, og lenger opp på land, står Notanaustet med Notabåten. Naustet er truleg bygt før 1850. Varden vart bygd for at fiskarane kunne sitje der og speide etter fisk som kom inn i den tronge Vika.

Utsikt mot Vågen og Straumsholmen med steinvarden i framgrunnen.

Utsikt mot Vågen og Straumsholmen med steinvarden i framgrunnen.

Eigar: Magnar Heimset.

Datering: 2002.

Fotograf: Magnar Heimset.

Korleis varden vart brukt

Dei visste kva dei gjorde dei som bygde denne varden. Dei visste at stimar av brisling, sild, makrell, laks og aure brukte å kome sigande inn på Vågen, og då trong dei eit utkikstårn for å kunne sjå kva tid fiskestimane kom inn i den tronge Vikja. Fisken brukte å gå i ring nett utfor land der varden vart bygd. Og dei gjorde han akkurat så høg at refleksane frå vassoverflata ikkje hindra sikta ned i sjøen.
Fiskarane hadde god greie på kva sol, måne, flod og fjøre hadde å seie for kva tid fisken søkte inn, så dei slapp å halde vakt heile tida. Når "vakthavande" såg fisken kome, var det til å huie og rope på folk. Og karane frå Å kom springande, tok båten og nota som låg klar, og stengde av tvers over Vika. Frå begge landsidene drog dei så nota - og når dei var heldige - fisken innover i den avsmalnande bukta til dei kunne håve fangsten opp i båten. Det vert fortalt at båtane ofte vart søkklasta.

Sild og brisling, makrell, laks og aure

Sist på 1800-talet, og først på 1900-talet, var det nok helst brisling, sild og makrell fiskarane var ute etter. Laks og aure var ikkje "løstemat" på den tida, og var vanskeleg å selje. Dessutan fekk åarane nok slik fisk i elva og i vatna. Det vert fortalt at tenestefolka hadde kontrakt på at dei ikkje skulle ha laksemiddag meir enn eit visst tal gonger i veka.
Frå 30-åra og utover vart det større etterspurnad etter laks og aure, og det vart fiska mykje slik fisk òg. Etter kvart som leigeinntektene av elva fekk meir og meir å seie, og mengda av edelfisk gjekk attende, vart det slutt på dette fisket. Det har ikkje vore fiska på denne måten i Vågen etter 1965-70.
Etter den siste utvidinga av riksvegen forbi Vika, med mykje utfylling inst i bukta, ser det ut til at fisken har endra åtferd. Det har nok òg vorte mykje mindre fisk i fjorden. Det er i alle fall ikkje vanleg å sjå store fiskestimar inst på Vågen lenger.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim, band III. Sandane 1988.
Informasjon frå Olav Aa, Gloppen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR