Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 04. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Florø – stoppestad for Hurtigruta



År 2015 er Florø ein av dei 34 faste stoppestadene til Hurtigruta på strekninga Bergen – Kirkenes; den første etter Bergen på nord og den siste før Bergen på sør. Anløpet på nord er midt på natta, på sør tidleg om morgonen. Florø har ikkje alltid stått i ruteheftet til Hurtigruta.

Veteranbåten MS «Lofoten», bygd 1964, i sørgåande rute til kai i Florø, 2. mars 2015.

Veteranbåten MS «Lofoten», bygd 1964, i sørgåande rute til kai i Florø, 2. mars 2015.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Gradvis utviding

«Hurtigruten 100 år» er tittelen på to særfrimerke Posten ga ut i 1993. Hundreårsdagen var 2. juli, og det var i 1893 at Vesteraalens Dampskibsselskab sitt dampskip «Vesteraalen» la frå kai i Trondheim og var framme ved endepunktet Hammerfest snaue tre døgn etter. Smått om senn blei Hurtigruta utvida, med lengre rutestrekning, fleire avgangar i veka og nye stoppestader. Frå 1911 hadde Hurtigruta tre avgangar i veka frå Bergen, frå 1914 gjekk alle fem rutene heile strekninga Bergen – Kirkenes. Etter innskrenkingar som følgje av 1. verdskrigen, kom den sjette turen i 1927, og frå 1937 den sjuande turen, eller daglege avgangar.

Kamp for å få stoppestad

Hurtigruta hadde etter måten få stoppestader. Forklaringa ligg i namnet, hurtigruta; - passasjerar, post og ilgods skulle fram hurtigare, snøggare, raskare enn i rutene elles. Dessutan tok rutene omsyn til jernbane-sambanda Kristiania – Trondheim (opna 1877) og Kristiania - Bergen (opna 1909). I Trondheim og Bergen skulle reisande koma seg vidare utan lang ventetid. Såleis blei det heilt frå starten lite rom for ekstra stogg og nye stoppestader. Det blei alltid ein kamp, ei «hurtigrutesak», å få permanent hurtigrutestopp. Også for Florø.

Gode kort

Fleire forhold tilsa faste hurtigruteanløp i Florø. Byen låg om lag midt på den vel 20 mil lange kystlina i Sogn og Fjordane, og det var kort distanse frå leia inn til hamna, mindre enn to nautiske mil. Florø hadde godt rutebåtsamband med omlandet; både det nære kystdistriktet og området innover i fjordane. Næringslivet var i utvikling; hermetikkfabrikk (frå 1908), sildoljefabrikk (1910), handel og handverk i vokster. Fast hurtigruteanløp var viktig for Florø, Det var også ei anna sak; å skaffa kystbyen skikkeleg kai.

Fugleskjerskaia

Dampskipskai stod tidleg på saklista til Florø bystyre, og den nyskipa ladestaden (1860) fekk den første kaia si kring 1880. Det vart Amtsbåtane si kai (Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (1858-2012); ho vart snart heitande Amtskaia. Kaia var ofte i bruk, og kunne berre brukast av andre, såframt det ikkje var til hinder for Amtsbåtane. Frå Amtskaia var det eit sund austover mot Fugleskjera. I åra 1892-1895 vart Fugleskjersundet bygd att med molo. Det gav ei god indre hamn for fiskebåtar og andre mindre farkostar. Men her kunne det òg byggjast kai. Florø handelsforening hadde saka føre i eit møte 27. november 1911. Hamnefut Helmers heldt foredrag og la fram tre alternativ. Møtet gjorde følgjande vedtak:

«Handelsforeningen henstiller til Florø havnestyre at la indhente anbud for en kai paa Fugleskjær (…) Handelsforeningen finder at spørsmaalet om en kai for stedet er av saavidt stor betydning, at der bør gjøres fortgang med dette ..»

«Fortgang» blei det vel ikkje, men omsider kom det kai. Arbeid med utsprenging av fyllstein byrja hausten 1914, som nødsarbeid, altså før bystyret 22. november same året valde ei nemnd til å utgreia kaisaka. Nemnda hadde innstilling ferdig 14. mars 1916, og 2. mai 1916 fekk hamnestyret fullmakt frå bystyret til å slutta kontrakt om bygging av ei 140 m lang kai. Arbeidet kom i gang, men dyrtid skapte vanskar. Berre halve lengda stod ferdig i 1919, til same prisen det var rekna med for heile. Men likevel, Florø hadde endeleg kaiplass for større dampskip, Fugleskjerkaia.

Skipsanløp før Hurtigruta

Fram til 1910 hadde ikkje hurtigruta anløp av Florø. Då skjedde det noko. AS Florø Conservesfabrik ved disponent G. Haus tok til å kjøpa råstoff i Nord-Norge. Torskerogn og andre fiskeprodukt blei frakta med Hurtigruta, men i førstninga måtte varepartia lossast i Måløy, jamvel somme gonger i Ålesund. Det skapte vanskar; transporten tok lenger tid og det gjekk ut over kvaliteten. Disponent G. Haus og andre tok til å skriva brev, og etter «meget arbeide» gjekk Handelsdepartementet og «Poststyrelsen» med på at hurtigruta enkelte gonger stogga ute i leia, ved Stabben fyr eller Nærøyane, for omlasting i småbåtar.

Og ut på vinteren 1910 fekk Florø sitt første hurtigruteanløp inne på hamna. DS «Midnatsol» lossa eit stort parti torskerogn og hyse, og kort tid etter lossa «Richard With» eit parti ferskfisk ved Amtskaia. Året etter måtte likevel mesteparten av fiskevarene hentast i Måløy, medan hermetikkfabrikken og Florø fekk fleire ekstranløp i 1912.

Heile tida arbeidde fleire partar i Florø for å får regulære anløp; hermetikkfabrikken, postkontoret, handelsforeningen og etter 1912, stortingsmann Kr. Indrehus, busett i Bremanger. Arbeidet tok fleire år. Etter det første ekstraanløpet vinteren 1910 og stadig fleire anløp dei to neste åra, kom kystbyen «forsøksvis» med i eit par ruter i veka, før Florø vart stoppestad i alle rutene både på nord og sør. I «Hurtig-Ruter Bergen – Trondhjem – Kirkenes 1915» finn vi Florø som fast stoppestad.

Brevveksling

Eit brev frå AS Florø Conservesfabrik til Det Bergenske Dampskibsselskab, datert 28.12.1912, viser til oppgåver over anløp og fabrikken si godsmengde i åra 1911-1912. Disponent G. Haus reknar opp grunnar som talar for hurtigruteanløp og drøftar innvendingar mot anløp, først og fremst for eiga bedrift, men og for byen Florø i det heile. Mot slutten står i brevet:

«Af det paaviste mener man det er godtgjort, at der ikke foreligger nogen gyldig grund til længer at udestænge Florø fra denne forbindelse som byen bevislig trenger til, for ikke at blive hemmet i sin vækst og udvikling, eller i den forcerede konkurrance holdt nede af sine nærmestliggende større konkurrente, der jo har adgang til alle tidsmæssige kommunikationsmidler. Dette saameget mere som det uomstødelig er bevist at anløbet af Florø paa ingen maade indeberer nogen resiko for hurtigruternes egenskab som saadanne [å oppfylla det grunnleggjande kravet om å vera ekspressrute].»

Fenomenet lokaliseringsstrid kjem og til syne. Kvifor hurtigruteanløp i Måløy?

«Nordre Bergenhus Amt (…) har et eneste hurtigruteanløbssted, nemlig Moldøen. Dette sted ligger i en udkant af amtet, og er uden enhver betydning som noget centrum for dette [amtet/fylket] bortsett frå de lokale interesser i distriktet Nordfjord.»

Ekspeditørar

Båtar i fart på Florø har alltid blitt ekspederte av faste ekspeditørar. Jubileumsheftet «Florø gjennem 75 år» (1935) reknar opp fleire; 1) Fylkesbaatane: N. Kolbeinsen, J. Helmers, S. Hatlem, R. Melvær, K. Hopen og S.J. Solheim, 2) «Kystskibene»: J. Helmers og N. Stephansen, K. Jansen (frå 1917), Hopen og Solheim.

I 2015 er det spedisjonsfirmaet K. Jansen AS med adresse Fugleskjærskaia, som ekspederer Hurtigruten i Florø. På heimesida si presenterer firmaet seg med bilete av to skip, det eine hurtigruteskipet ms «Midnatsol» (levert 2003), og historie:

«K. Jansen as er et tradisjonsrikt firma i Florø. Firmaet ble etablert av Kristian Lund Jansen i 1917, og drev den første tiden skipsekspedisjon for Bergenske, Nordenfjeldske og Stavangerske.»

Merknad: Tre av fire store rederi i hurtigruta: Det Bergenske Dampskibsselskab, Bergen (1851 – 1984), Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab, Trondheim (1857-1984), Det Stavangerske Dampskibsselskab, Stavanger (1855 - )

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Florø gjennem 75 år. 1935


Bakka, Dag, jr.: Livslinje og eventyrreise. 2011.


Hurtigrutemuseet: Rutesamling


Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, arkivboks Fylkesbaatane 1890-1901

PERMANENT IDENTIFIKATOR