Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Minneplate på lerketre på Hermansverk



Tre lever ikkje i det uendelege, heller ikkje dei som har fått minneplate eller fredningsskilt festa på stammen. Av ulike grunnar kjem alle tre før eller seinare til vegs ende. Eit «ruvande» lerketre på Hermansverk, med minneplate festa til stammen, finst ikkje meir (2016). Me veit berre kvar treet stod, og litt om historia. Det hadde med skogsaka å gjera.

I 1963 vart det festa ei minneplate på stammen til eit «ruvande» lerketre på Hermansverk. Lerketreet finst ikkje meir (2016) og det er ikkje kjent om minneplata er teken vare på, eventuelt kvar. «Fotoet» her av ei tenkt minneplate viser innskrifta: «Modertreet plantet i 1902 av Jon Dugstad»

I 1963 vart det festa ei minneplate på stammen til eit «ruvande» lerketre på Hermansverk. Lerketreet finst ikkje meir (2016) og det er ikkje kjent om minneplata er teken vare på, eventuelt kvar. «Fotoet» her av ei tenkt minneplate viser innskrifta: «Modertreet plantet i 1902 av Jon Dugstad»

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

1963
Den 19. august 1963 hadde avisa Sogn og Fjordane oppslag om at direktør Jon Dugstad var på besøk i Leikanger. Han hadde to ærend. Det eine var å sjå på arbeidet til skogrekruttskulen som denne sommaren var i Leikanger. Det andre ar å vera tilstades ved ei markering attmed eit lerketre på Hermansverk; eit tre som på ein måte var hans eige tre. Det var han som hadde planta treet i 1902. Som tolvåring fekk han nokre planter av læraren sin, Hans Flesche. Far til Jon hadde ikkje jord, men Jon fekk å setja plantene sine hjå Jens Henjum, i «ei reine» rett ovanfor vegen frå huset der dei budde. I 1963 stod det berre eitt tre att.

Det går fram av stykket at Jon Dugstad brukte å omtala dette spesielle lerketreet som eit «moder-tre», som starten på interessa hans for skogsaka og resultata han hadde medverka til; mellom anna skogrekruttskular og Bygg Ditt Land, organisasjonen som hadde skogreising i skogfattige strok på Vestlandet og i Nord Noreg som ei av arbeidsoppgåvene.

Anders Skaasheim (1880-1965), frå Balestrand, busett i Bergen, var òg sterkt oppteken av å planta skog på Vestlandet. Nå ville Skaasheim og nokre andre heidra Jon Dugstad for arbeidet hans for skogsaka. Dei arrangerte ei samling ved lerketreet og gav ei minneplate til Dugstad. Plata vart festa til stammen medan «dei to trauste kjempene for skogsaka» stod attmed treet. «Det var høgtidssamt», skreiv avisa. På plata stod skrive:

«Modertreet plantet i 1902 av Jon Dugstad»

2016
År 2016 er det «ruvande» lerketreet borte. Men rotstubben står att, «i reina» (bakken) bak Erling Røysum Sport. Lerketreet vart saga ned ein gong mellom 1980 og 1985. Grunnen var at nålefallet om hausten var ei plage for næraste huset. Det la seg nåler i alt av takrenner.

Meir om Jon Dugstad
Jon Dugstad vart fødd 28. august 1890 i Leikanger. Foreldra var Mathias J. Dugstad og Marta Størksdotter. Dei var innflyttarar frå Voss. I folketeljinga 1900 står Mathias Dugstad oppført som furer (militærgrad), handelsmann og gardbrukar. Mathias Dugstad var ikkje gardbrukar i Leikanger, men han åtte og dreiv gard der han kom frå, på Dukstad i Voss.

Dugstad

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane har ikkje Jon Dugstad med i rekkja av «kjende personar fødde i Leikanger». I Norsk Allkunnebok (1951) står denne omtalen:

«JON DUGSTAD (1890-1980), offiser og journalist, fødd i Leikanger, kaptein i 4. divisjon, redaktør i Bergens Aftenblad 1932-1936. Sette i gang tidsskriftet Norges Vern 1918 og styrde det til 1942. Har arbeidd skogrekruttskulane her i landet og sjølv styrt fleire av dei. Generalsekretær i «Bygg Ditt Land» frå 1945.»

Jon Dugstad gjorde karriere i Forsvaret. I folketeljinga 1910 er han oppførd busett i Kristiania med tittel «kadett». Seinare vart han «premierløytnant», «kaptein» og major. Jon Dugstad døydde i Oslo, 15. april 1980.

Skogreising – ei samfunnssak
Frå slutten av 1800-talet og til langt inn på 1900-talet var det ei viktig samfunnsoppgåve å planta skog i skoglause område på Vestlandet (og i Nord Norge). Grunntanken var å styrka gardsøkonomien. Mange arbeidde for skogsaka. Bergen Skogselskap, skipa 1868, gav planter til lokale skoglag, og Det Norske Skogselskap vart ein sentral aktør i skogreisingsarbeidet frå 1897. I mange år var skogplanting aktivitet i skulen, både med ein og to plantedagar i året.

Skogrekruttskular
«Skogrekruttar på vegbygging i Henjadalen» var overskrift i avisa Sogn og Fjordane, 7. august 1963. 102 militære rekruttar var innkvarterte på Nybø skule. Opphaldet var ein del av førstegangstenesten. Soldatane planta skog og gjorde utbetringsarbeid på skogsvegane i Huksdalen og Henjadalen.

Mannskap frå skogrekruttskule på arbeid i Henjadalen sommaren 1963

Jon Dugstad vert gjerne rekna som far til skogrekruttskulane. Han lanserte tanken i 1920-åra, at rekruttar også kunne gjera samfunnsnyttig arbeid, så som jorddyrking, vegbygging, skogplanting m.m. Eit tillegg til Vernepliktlova i 1929 opna for slik innsats. Fram mot krigsutbrotet i 1940 vart det halde fleire skogrekruttskular, og dei vart tekne oppatt etter krigen. I krigsåra vart same slag arbeid utført gjennom Arbeidstenesten. Det var utkommanderte mannskap i Arbeidstenesten som bygde køyreveg framover i Henjadalen i åra 1943-1944. Dei sette opp ein minnestein om arbeidet sitt.

Bygg Ditt Land
vart skipa 1945 og hadde hovudkontor i Oslo. Føremålet var «å fremme landets oppbygging og utnyttelse av dets muligheter i samarbeid med offentlige myndigheter og institusjoner med lignende formål.» Jon Dugstad vart tilsett som generalsekretær i 1945. Organisasjonen fekk snart stor tilslutning. Pr. 1949 var om lag 200 byar og landkommunar med, gjennom lokalforeiningar, tiltaksråd og tiltaksnemnder. Bygg ditt Land hadde også personlege medlemmer. Å fremja skogplanting var ei av oppgåvene til Bygg Ditt Land.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munnleg informasjon frå: Knut Henning Grepstad, Leikanger. Lars Johnny Røysum, Leikanger.


Folketeljingar 1900


Folketeljingar 1910


Statsarkivet i Bergen. Leikanger Sokneprestembete


Kapteinsgarden på Voss


Skogrekruttskule på Nordfjordeid


Island – minnestein om skogplanting


Skog og minnestein på Ersholmen



Innskrift om skogplanting på Hanekammen

PERMANENT IDENTIFIKATOR