Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Rå-data

Sogn og Fjordane fylke - dei trykte fylkestingsforhandlingane



Fylkeskommunen og fylkestinget vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. I mange år kom fylkestinget saman ein gong i året. Møtebok og sakstilfang vart kvart år trykt opp og utgitt i bokform. Dei trykte fylkestings-forhandlingane er i dag ei gullgruve av fylkeshistorie, fylkeskommune-historie og kommunehistorie.

Fylkestinget 1921 vart halde i Loen, Stryn. Under tingseta var fylkestinget om bord i Bergenske sin båt "Meteor".

Fylkestinget 1921 vart halde i Loen, Stryn. Under tingseta var fylkestinget om bord i Bergenske sin båt "Meteor".

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1921

Fotograf: Ukjend

Amtsformannskap - amtsting - fylkesting

1. januar 1919 vart fylke teke i bruk i staden for amt som hadde vore i bruk frå 1671. I åra 1763-1919 var fylkesnamnet Nordre Bergenhus Amt. Frå 1. januar 1919 vart det endra til Sogn og Fjordane fylke. Fylkestinget hadde nemninga amtsformannskap i åra 1838-1893, amtsthing/amtsting i åra 1894-1918, og seinare fylkesting.

I åra 1838-1976 kom fylkestinget saman ein gong i året, bortsett frå nokre få ekstraordinære fylkesting. Fylkestingsseta varde fleire dagar. I åra 1838-1961 sat ordførarane i kommunane som sjølvskrivne medlemmer. Ved lov av 16. juni 1961 valde kommunane fylkestingsrepresentantar for fire år, og fylkesutvalet valde fylkesordførar. Frå 1976 vart fylkestinget valt ved særskilt val.

Fylkeskommunen - forvaltningseining

Dei trykte fylkestingsforhandlingane er i røynda kjernen i fylkestingsarkivet, på same måten som kommunestyrearkivet er det på kommunenivå. Dei viser oppgåvene til fylkeskommunen og fylkestinget, og syner korleis fylkestinget løyste dei. Fylkestingsforhandlingane er og hovudkjelda til kunnskap om endringar og utvikling i alt det fylkeskommunen og fylkestinget i Sogn og Fjordane har stelt med frå starten i 1837.

I åra 1838-1976 var det fylkesmannen som var ansvarleg for den fylkeskommunale administrasjonen. Fylkesmannen laga dei trykte fylkestingsforhandlingane. Frå 1976 vart fylkeskommunen sjølvstendig forvaltningseining, med eigen fylkesrådmann, eigen administrasjon, og med det, ansvarleg for eigne arkiv.

Fylkestingsforhandlingane 1908 - eit døme

Kva er så dei trykte fylkestingsforhandlingane meir konkret? Me får eit greitt svar ved å sjå nærare på ein av årgangane. Kjennskap til ein årgang, gjev langt på veg kjennskap til dei andre. Me ser nærare på året 1908.

Dei trykte fylkestingsforhandlingane frå fylkestinget i 1908 er på 772 sider og har tittelen Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger i Aaret 1908. (For 1843 er dei på 95 sider, i 1977 på 1599 sider).

1908 - døme på ei sak

Telefonutbygginga var ei viktig sak i fylkestinget i 1908. Saka hadde vore føre i 1907, men då vorte utsett. Eit fleirtal i fylkestinget ønskte å henta inn fråsegner frå kommunane. I 1908 hadde saka nr. 76, og sakstittelen "Om en plan for telefonbygningen."

Telefonsaka var grundig førebudd frå fylkesmannen gjennom ei saksutgreiing på 10 sider. Utgreiinga har eit oversyn over kva som hadde skjedd tidlegare i fylkestinget med å fremja utbyggjing av telegraf- og telefonanlegg. Det er teke med uttale frå kommunestyra og uttale frå telegrafdirektøren. Vidare står innstilling til vedtak frå ein komite i fylkestinget, og til slutt nærast eit stenografisk referat av ordskiftet i saka.

"Myklemyr vilde helst ha Jostedalen opført som no.1 under sidelinjer i Sogn; men her er vel vanskeligt at opnaa det bedste. Man faar derfor slaa seg tiltaals med det næstbedste." Det var ordføraren i Jostedal, sersjant Ole E. Myklemyr, som sa dette i ordskiftet.

Denne eine saka på fylkestinget i 1908 er eit illustrerande døme på ei stor og viktig sak som me i dei trykte fylkestingsforhandlingane får belyst frå sentralt, fagleg hald (telegrafdirektøren) og frå lokalt nivå (kommunane). Fylkestinget samlar trådane.

1908 - alle sakene

Innhaldet i 1908-boka er delt i tre hovudbolkar: 1) Dokument og innstillingar (1-573), 2) Forhandlingar, komiteinnstillingar og vedtak (575-699) og 3) referat frå ordskifte.

Først i boka, på sidene IIV-XII, kjem eit systematisk ordna register med alfabetisk oppsette hovudkapittel, underkapittel, og sidetilvising til respektive hovudbolkar.

Hovudkapitla er: "Abnorme børn, Amtskommunen, Amtstinget, Amtsutvalget, Budget- og regnsabsvæsen, Dampskibsvæsen, Distriktsinndeling, Elveforbygninger, Fiske- og jagtvæsen, Fængselsvæsen, Landbruksvæsen, Medicinalvæsen, Rets- og politivæsen, Skolevæsen, Skyssvæsen, Telefonvæsen, Valg, vei- og kommunkationsvæsen, Veterinærvæsen, Forskjellig."

Døme på underkapittel: "Medicinalvæsen": a) "Jordmorvæsenet" (budsjett og årsmelding, pensjon til fire jordmødre) b) "Sindsyge" (budsjett, årsmelding om dei sinnsjuke) "Iøvrig": (Søknad om tilskot til Chr. Stokstads orthopædiske institut og oppretting av apotek i Nordfjord).

Samleregister

Dei trykte fylkestingsforhandlingane har stort omfang rekna i saker, sidetal, bøker og hyllemeter. For å gjera innhaldet lett tilgjengeleg, laga fylkesmannen register eller innhaldsliste i kvar bok. Det vart og laga samleregister. Det første omfattar år 1838-1886, det andre 1887-1907. Vidare føreligg det samleregister for begge desse, for heile perioden 1838-1908. Her er alle saker som gjennom heile perioden gjeld eitt og same hovudkapittel, rekna opp. Døme: Hovudkapittel 3. Dampskipssaker

"1843 Adresse til regjeringen angaaende dampskibsfart paa Sognefjorden [side] 77.
1857 Om dampskibsfart paa de bergenske fjorder for begge bergensamters regning. 167
Besluttet paa ekstraordinært amtsting at anskaffe 2 dampskibe ved laan paa amtskommenen (trykt særskilt)," o.s.v.

Fylket sitt eige dampskibselskap var eit stort tiltak som avspeglar seg på ikkje mindre enn 10 sider i samleregisteret 1838-1908.

Det føreligg også samleregister for åra 1908-1917.

Målform

Fylkestingsforhandlingane 1931 skil seg ut frå dei føregåande ved at det er nytta nynorsk målform. Det kom med eit fylkesmannskifte. Ingolf E. Christensen var den siste som nytta bokmål, Hans Seip den første som nytta nynorsk. Likevel var det ikkje slik at fylkestingsforhandlingane tidlegare var heilt frie for nynorsk. Innstillingar frå nemnder og komitear vart i somme høve skrivne på nynorsk. Til dømes vart den første vegplanen for fylket i 1906 skriven på nynorsk.

Oppsummering

Dei trykte fylkestingsforhandlingane for Sogn og Fjordane er ei særs viktig historisk kjelde på fleire måtar:

1. Dei omfattar kjernen i arkivmaterialet til fylkestinget - det øvste folkevalde organet i fylket.
2. I innhald omfattar dei heile fylket, - kvar kommune, kvar grend, direkte og indirekte kvart einaste menneske som har bygt og budd i Sogn og Fjordane.
3. Dei er etter måten lett tilgjengelege ved at dei føreligg i bokform, og
4. dei er fysisk tilgjengelege i Sogn og Fjordane. Mykje av det eldste arkivmaterialet til fylkestinget er nemleg oppbevart i fylkesmannsarkivet - som tidlegare er sendt ut or fylket, til Statsarkivet i Bergen. Dei trykte fylkestings-forhandlingane kan folk få tilgang til fleire stader, på Fylkesarkivet, Fylkesbiblioteket og Sogndal bibliotek.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger i Aaret 1908. 1908.
Engesæter, Aage og Thue Johs. B.: Sogn og fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR