Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Altartavla i Hornindal kyrkje



"Det er eit sjeldant kunstverk, og me er kunstnaren Dagfin Werenskiold stor takk skuldig", sa soknprest Jon Johnson då altartavla - eit kunstverk i treskurd og måling - vart vigsla i påskehelga 1932. Men fire andre personar hadde óg gjort seg fortente til takk: presten Johnson hadde skore ut tavla etter original av Werenskiold, og han og kona Alhed hadde måla ramma som Rasmus S. Kirkhorn hadde vore meister for. Dessutan hadde Steffen Hatlelid skrive ein salme til kunstverket til vigslingsdagen.

<p>Hornindal kyrkje.</p>
<p>Foto Hermund Kleppa (cc-by-sa)</p>

Hornindal kyrkje.

Foto Hermund Kleppa (cc-by-sa)

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa. Lisens: "Namngjeving-DelPåSameVilkår(CC BY-SA)": http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/

Mangla altartavle
Då kyrkja i Hornindal stod ferdig i 1856, vart det sett opp eit gylt trekors på altaret i påvente av altartavle. 75 år seinare var det ennå ikkje kome altartavle. I 1929 tok prestefolket tak, Jon og Alhede Johnson. Prestefrua skipa Jentelag til kyrkja sin prydnad, og presten - som kunne meir enn å preika - tok kontakt med kunstnaren Dagfin Werenskiold. Han hadde nyleg laga trerelieffet Det blomstrende kors. Spørsmålet var nå om Johnson kunne få låna det og laga ein kopi. Werenskiold svara ja.

Allsidig kunstnar
Dagfin Werenskiold (1892-1977), son til Erik Werenskiold (1855-1938) og Sophie Marie Marie Stoltenberg Thomesen (1849-1926), var ein allsidig kunstnar, - som treskjerar, teiknar, målar og bilethoggar. Eitt av hovudverka hans er Yggdrasil-frisen i borggarden i Oslo Rådhus. Av kyrkje-utsmykkingsverka hans nemner Norsk biografisk leksikon (2005) altartavla i Sandefjord kyrkje, antemensalet i Årdal kyrkje i Sogn, og, altartavla i Hornindal kyrkje.

Fekk behalda originalen
Våren 1932 var Johnson ferdig med arbeidet sitt. Wernskiold blei nå beden om å koma til Hornindal og ta seg av målinga. Kunstnaren blei imponert av det han fekk sjå, så imponert at tilbaud Hornindal originalen mot at han fekk kopien. Eit slikt tilbod må det ha vore lett å takka ja til. (Kopien vart seinare sett opp i Sørkedalen kapell).

Vigslehøgtid
Altartavla vart vigsla søndag 10. april 1932, - "ein høgtidsdag av dei sjeldne for kyrkjelyden i Hornindal," skreiv signaturen "L." i Fjordabladet. Altartavla hadde gjort sterkt inntrykk.

"Og det var eit storfelt syn som møtte ein fraa altaret. Di lenger ein saag, di herlegare vart det. Til sist feste det seg i tanke og sinn til eit ugløymande minne. (..) Vene fuglar spring ut [or?] eit veld av gledeblomar, grøne livsfriske blad og busker. Der møtest himmel og jord. Gylne englar sviv i tilbedande kjærleik og lov om korset. (..) Ein vert ikkje ferdig med aa sjaa. Noko nytt vidunderleg opdagar ein stødt. Som det vart sagt av ordføraren: Sjølv lækfolk kjenner at dette er verkeleg kunst."

Salme til vigslinga
I bladstykket om vigslingshøgtida står det i ei setning nemnt at songkoret framførde "ei salme som var skriven til altartavla." Det er alt, men eit stykke ei tid seinare har meir. Signaturen "B.L." - kan henda identisk med signaturen "L." - fortel kven som hadde skrive salmen (lærar Steffen Hatlelid), gjev salmen att, og knyter nokre tankar til.

Tone: Naglet til et kors på jorden.

[Tru] du maa til dauden vera,
rett mot Gud og mann du gjera
daa du livsens kruna fær.
So dei sæle ordi lyder
som vor Frelsar her oss byder -
Gud vaar Frelsar naadig ver.

For vaar frelsa leid du dauden
Herre Jesus - morgonrauden
lysa sjal um krossen den.
Blomar blømer kring i verdi
til aa syna engleferdi -
Gjev at heim til deg me finn.

Gjev at krossen din maa minna
oss um veg til deg aa finna
ut or strid og trengsla her.
Daa som duva rein me fare
som ein heilag engleskare
Daa og krossen blomar ber.

Signaturen "B.L." sine tankar om salma

"Salmediktaren har her paa ein meistarleg maate evna og tolke i salmedikning det andfulle kunstverket sin tale og forkynning til kyrkjelyden. Det herlege vitnemaalet som lyser ein i møte fraa alteret - um den fred og sæla som krossen hev gjeve til alle trugne tenarar - i han som bøygde seg ned under krossen - tok vaar skuld paa seg - og skapa oss ein blømande siger."

"Naar ein so attaat veit at det er presten vor John Johnson sitt djerve arbeid som i realiteten lyser ein i møte her - veit det trottuge og livsglade arbeidet som han hev nedlagt, i time etter time med treskjerarjarnet - so skarpt og blankt - som hans andelege glød og varme - vert tolka fraa alter og preikestol - Daa vert kunstverket i all sin straaleglans heilt fullkome".

"Kunstverket ber soleis ei dobbel bod til oss, - idet det vitnar um arbeid - tru og bøn. Vitnar til gamle og unge - serleg daa til dei unge - kva ein kan naa av sine idealer - i kravi til seg sjølve - i tru og tillit til seg sjølv - i arbeid og bøn. Ver tru mot det beste i deg sjølv - og du vil vinna livsens kruna - heiter det."

"Aa, - for eit lysande eksempel dette kunstverket er for oss, og den uppveksande slegt. - Arbeid, tru og bøn - er det store og gilde - som strør palmar og englegleda kring sigers krossen - i medgong og motgong."

"Kunstnarens storverk samla seg under eitt: Bed og arbeid. - Det, og det aaleine er den sanne og uforfalska livsgleda. Vi er presten vor Johnson [og] kunstnaren Werenskjold, stor takk skuskuldig for deira uegennyttige storverk for kyrkja og folket. Blidt og andfuldt vil deira minne lysa for oss, og den uppveksande slegt - i dei framande tider - ifraa alteret i Hornindalskyrkja."

Skildring i ei kyrkjesogebok
I omtalen av Hornindalskyrkja i boka På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane (2000), har den spesielle historia om altartavla stor plass. Kunstverket er skildra på denne måten:

"Tavla er svært symbolrik og fargerik. Det sentrale motivet er Kristi kors, som blir tolka som det nye livstreet (1. Mos. 2.9, Op. 2.7) Krossen i bløming. Sentralt i korset er det klassiske symbolet lammet med sigersfane, som igjen stadfester at Kristus som ofra seg, sigra og vann livet. Nedst på den vertikale korsarmen er eit tre med åtte frukter: åttetalet er talet for gjenføding og frelse og viser nok her til Matt. 5.3-10 der Jesus prisar læresveinane sæle i åtte markerte lovnadsord. På den vertikale korsarmen, over lammet, står ei tolvtagga stjerne. Det er eit nokså originalt symbol, truleg ei tilvising til dei tolv apostlane."

"Sju forgylte englar, fire knelande ved korsfoten, to ned t.h. og ein oppe t.v. 7-talet er eit særleg viktig symboltal, og er summen av 3+4, der 3 er den treeinige Guds tal og 4 er verda, med fire verdshjørner, sitt tal. 7-talet er symbol for felleskapet mellom Gud og alle menneske og himmel og jord. I alt det veksande grøne bladverket frå korsarmen, står fem femblada raude roser, eit klassisk symbol for Kristi fem sårmerke, og fem duer flyg mellom blad og blomster, og symboliserer vel her truleg fredsduer, evt. med utgangspunkt i forteljinga om Noah (1. Mos. 8.8-11,) men kan også vere symbol for sæle menneskesjeler som har fullført jordelivet. Over tavla, på eit halvsirkelforma toppstykke, står den sigrande Kristus, med høgre handa løfta til velsigning og den andre som ei innbyding: Kom til meg!"

kjelder:

Fjordabladet. 14.04, 28.04.1932
Norsk biografisk leksikon. Bind 9, 2005.
Aaraas, Margrethe Henden: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Nordfjord og Sunnfjord. 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR