Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane fylke - fylkesnamnet



Etter omfattande drøftingar i Odelstinget og Lagtinget i 1918, vart Sogn og Fjordane fastsett som nytt fylkesnamn i staden for det gamle Nordre Bergenhus Amt. Namneendringa vart lovfesta 14. august. Samstundes vart amt til fylke og amtmann til fylkesmann. Geistleg skulle Sogn og Fjordane no høyre til Bjørgvin bispedøme, i staden for det gamle Bergens stift.

Sogn og Fjordane fylke 2002/2008. Gule sirkelfelt viser kommunesentra. Kartet viser også dei gamle fogderia Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Sogn og Fjordane fylke 2002/2008. Gule sirkelfelt viser kommunesentra. Kartet viser også dei gamle fogderia Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Eigar: Statens Kartverk

Datering: 2002/2008

Nemnd
Det var i 1900 at Stortinget oppmoda regjeringa om å få norske namn på geistlege og sivile inndelingar. I 1902 sette så Kyrkjedepartementet ned ei nemnd for å omsette "rigets geistlige og civile inddelingsnavne til norsk eller ombytte dem med nationale navne, hvor dette tiltrængtes". Nemnda gjorde mellom anna framlegg om at ordet amt burde skiftast ut med syssel, og at Nordre Bergenhus amt skulle bytast med "Sogn og Fjordenes syssel".

Sak i fylkestinget 1907
Nordre Bergenhus amtsting drøfta denne saka 7. juni 1907, der tilrådinga var følgjande:

"Det henstilles til statsmagterne under den mulige forandring af rigets geistlige og civile inddelingsnavne at ombytte betegnelsen Nordre Bergenshus amt med Sygna og Firda syssel".

Amtstinget vedtok tilrådinga med 27 mot 7 røyster.

Kommunestyra uttalte seg
Amtstinget drøfta ikkje denne saka vidare, men eit fleirtal i amtsutvalet gjekk i 1915 inn for namnet Firda og Sygnafylke. Dei andre i utvalet hadde framlegg Fjordane (alternativt Fjordane og Sogn), og Sygna og Firdafylket (alternativt Firda og Sygnafylke). Samstundes fekk kommunestyra høve til å uttale seg. Meiningane var og her svært delte: 7 kommunestyre gjekk inn for Fjordane, 7 ville ha Sygna og Firda, 5 gjekk inn for namnet Sogn og Fjordane, 2 ville ha Firda og Sygna. Det var dessutan framlegg om Firda og Nordre Bergenhus.

Sogn og Fjordane fylke
I Odeltingsprp. 55/1918 tilrår professorane Falk og Hægstad at Fjordane blir det nye fylkesnamnet, medan Justisdepartementet held på Fjordene eller Sogn og Fjordene. Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt framlegg er Sogn og Fjordane, som til slutt vert vedteke. Det nye fylkesnamnet skulle takast i bruk frå 1. januar 1919.

Det 155 år gamle namnet Nordre Bergenhus Amt var dermed gått over i soga. I 1763 vart det store Bergenhus Amt delt i to, eit søndre og eit nordre amt. Initiativet til delinga kom ikkje frå styresmaktene, men frå privatpersonen Joachim de Knagenhielm, som sterkt ønskte seg eit amtmannsembete! Amtet styrde han frå slektsgodset i Kaupanger fram til 1771. Grensene for Nordre Bergenhus Amt var om lag dei same som for noverande Sogn og Fjordane fylke.

kjelder:

Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Hermansverk 1958.
Engesæter, Aage og Thue, Johs. B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år, Oslo 1988.
Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlingar i Aaret 1907. 1908.
Ot. Prp. nr. 55: Om forandring av rikets inddelingsnavn, 1918. Forhandlingar i Odelstinget og Lagtinget, juli/august 1918.

PERMANENT IDENTIFIKATOR