Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Rå-data

Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905



Paragraf 77 i skulelova av 1889 fastsette at kvar kommune skulle utarbeida femårsmeldingar om folkeskulen. Dei er nå einskildvis og samla ei innhaldsrik skulehistorisk kjelde, og lett tilgjengeleg. Femårsmeldingane blei trykte opp i mange eksemplar. Fylkesarkivet har dei fleste frå kommunane i Sogn og Fjordane.

Gamalt skulehus frå kring 1892 på Sunnfjord Museum i Movika, Førde.  Det stod opphavleg i Guddal i Fjaler og vart flytta til museet i 1961. Huset er typisk for mange skulehus som vart oppsette etter 1890 med tre rom, ei skulestove, gang og rom til læraren. Skulestova i huset her ligg i enden ned mot vatnet.

Gamalt skulehus frå kring 1892 på Sunnfjord Museum i Movika, Førde. Det stod opphavleg i Guddal i Fjaler og vart flytta til museet i 1961. Huset er typisk for mange skulehus som vart oppsette etter 1890 med tre rom, ei skulestove, gang og rom til læraren. Skulestova i huset her ligg i enden ned mot vatnet.

Eigar: Sunnfjord Museum

Datering: 2007.

Fotograf: Asbjørn Tyssen.

Skulelova av 1889 - demokratisering

26. juni 1889 vedtok Stortinget to skulelover, Lov om Folkeskulen paa Landet og Lov om Folkeskolen i Kjøbstederne. Begge vart sette i kraft 1. januar 1890. Namneendringa frå almugeskule til folkeskule var i seg sjølv eit uttrykk for ein meir folkestyrt skule, ein skule der kommunane og skulekrinsane fekk større makt. Presten hadde tidlegare vore sjølvskriven formann. No valde skulestyret sin eigen formann på fritt grunnlag.

Eit eige utval i kvar krins, krinstilsynet, vart oppretta for å styrkja kontakten mellom skule og heim. Krinstilsynet fekk t.d. ei viktig rolle i spørsmålet om krinsen skulle ha bokmål eller nynorsk som opplæringsmål. Femårsmeldingane - som vart prenta - var og eit uttrykk for demokratisering, dei skulle offentleggjerast og spreiast, m.a. sendast til andre skulestyre.

God dekning 1891-1900

Det var paragraf 55 i den nye skulelova som fastsette plikt til å utarbeida femårsmeldingar. Det står:
"(teikn for paragraf) 55. Skolestyret har, om det forlanges, aarlig til Overtilsynet at indsende Beretning om Skolevæsenets Tilstand, affattet i foreskreven Form.
Det har derhos hvert femte Aar og tillige, saafremt det af Herredstyrelsen bestemmes, med kortere mellemrum at offentliggjøre en almindelig beretning om Folkeskolens Virksomhed. (utheva her).

Den første femårsmeldinga kom i 1895 og omfatta skuleåra 1890-1895. Det ser ut til at kommunane fylgde paragraf og forskrift til punkt og prikke. Dei fekk trykt opp femårsmeldingane sine og sende 1 eks til skulestyret i andre kommunar. Samlinga av femårsmeldingar hjå Fylkesarkivet syner at kommunane nokså snart slutta å laga femårsmeldingar.

Det er nær full dekning i 1895, nokre færre i 1900, men berre 3-4 i 1905. Dette samsvarar med landet. Paragrafen om femårsmeldingar vart etter kort tid ein sovande paragraf. Nedanfor følgjer eit oversyn over innhaldet. Alle døma er henta frå dei første meldingane, 1891-1895.

Innhaldet

Femårsmeldingane er like på den måten at dei for det meste inneheld faktiske opplysningar, - oversyn, oppgåver, statistikk, men óg kortare eller lengre merknader til moment av generell karakter - korleis helsetilstanden har vore, disiplinen, forholdet til foreldra, o.fl. Dei er stort sett like i oppsettet og har med desse hovudpunkta:

1) skulestyret, 2) lærarpersonalet og lærarlønningar, 3) elevtalet, 3) frammøte og forsøming, 5) undervisninga, 6) skulelokale, 7) læremiddel og boksamlingar, 8) folkeskulerekneskapet og 9) almenne merknader.

Skulestyret

Etter den nye skulelova låg det til kommunestyret å velja skulestyre og å fastsetja kor mange medlemmer skulestyret skulle ha. Soknepresten var fast medlem, sameleis ordføraren i kommunen. Dessutan valde lærarane ein representant for lærarane. Skulestyret valde frå starten formann for kvart år.

Med den nye skulelova miste presten sin sjølvskrivne formannsposisjon. I mange kommunar heldt presten likevel plassen sin gjennom val, i andre kommunar slapp andre til. Ved å sjå på opplysningane under bolken "skulestyret" samla, får me kjennskap til overgangen frå presten sin sjølvskrivne formannsposisjon til rekruttering gjennom val frå eit breiare lag av folket. Her er to døme.

Selje: "Skolestyrets Formand har i samtlige Aar været Provst L. Strømme. Næstformand var i Aarene 1891-93 Distriktslæge Hiorth i Aarene 1894-95 Personellkapellan A. Kløvstad."
Stryn: "Som formand i skolestyret har gaardbruger S.K. Aarnes fungeret i samtlige fem aar. I 1891 var sogneprest J.N. Bolstad næstformand. De øvrige fire aar var som saadan valgt Kirkesanger B.L. Sunde."

Lærarpersonale og lærarlønene

Bolken gjev jamt over fullt oversyn over lærarpersonalet, med namn, fødselsår, utdanning (frå skule og når teke eksamen), når tilsett (tilsetjingsvilkår: fast eller på oppseiing), årsløn og kvar vedkomande har vore lærar, og dessutan i somme høve andre merknader. Oppsettet varierer litt frå kommune til kommune. To døme:

Askvoll: Om lærar J. Systad går det fram: han var fødd 1837, hadde utdanning frå Askvoll lærarskule 1865, vart tilsett 1865, var fast tilsett, og hadde kr. 704.00 i årsløn.
Luster: Om "lærerinde" Marta Rasmussen går det fram: ho var fødd 1854, hadde lærarinneprøve frå Kyrkjebø og vart tilsett 1892. (løn ikkje oppgjeve).

Elevtalet

Elevtalet er oppgjeve for kvar skule, for kvar klasse (vanlegvis fleire årstrinn i same klasse), for gutar/jenter og for kvart år. Eit døme frå Hafslo:
Urnes, Kroken og Kinserdal var ein skulekrins/ein skule. Samla elevtal for dei fem åra 1891 - 1895 var: 35, 38, 43, 44 og 44.

Frammøte og forsøming

Her går det fram kor mange elevskuledagar (skuledagar x elevar) det etter planen skulle vera i kvar skulekrins. Om alle møtte fram kvar dag, vart frammøtet 100%. Så går det fram kor stor forsøminga var, oppgjeve i dagar skulevis, og kor mange av fråversdagar skulen hadde grunna sjukdom eller annan gyldig grunn. I nokre høve er det gjeve særlege forklaringar. Døme: Uvanleg stort fråvere i Luster i 1895 kom av skarlagensfeber.

Undervisninga

Normal undervisningstid årleg var 12 veker, men det kunne gjerast unntak. Det kunne og haldast framhaldsskule og anna ekstra undervisning. Fagkrinsen vart utvida ved skulelova av 1889. Fleire læreemne kom inn som eigne fag, så som geografi, naturkunnskap, sløyd, teikning og gymnastikk. Det vart etter kvart utarbeidd lokale læreplanar.

Bolken om undervisninga har med veketal, timefordelingsplan og opprekning av lærebøker, t.d. Luthers lille katekisme, Forklaring (forkortet Ugd. af J. Sverdrup, Dr. Bangs kirkehistorie, Rolfsens Læsebog, osb.

Skulehus

Femårsmeldingane gjev til dels utførlege opplysningar om korleis det stod til med skulelokala i kommunen. Ynskjemålet etter den nye skulelova var skulehus i kvar krins. Samla sett kan det sjå ut som 1890-åra var eit tiår for nye og betre skulehus i fylket. Davik kommune er i så måte eit interessant døme.

Før 1890 hadde kommunen to skulehus, det eine på Davik "kirkested", bygd 1864, det andre på Rugsund "kirkested", bygd i 1888. Skulehuset i Rugsund var bygd i røykstovestil, dvs. utan lem. Men det at skulestova var open opp til mønet, hadde noko for seg, eller som det står "der ikke er uheldig, da en skaffer større kubikkindhold for hvet individ end ved de sedvanlige lemmestuer." Davik bygde ni ny skulehus i åra 1892-1894, fem av dei i 1894. Elles går det fram at sperrestove-typen var vanleg, med skulestove i eine enden av huset, gang og lærerkammer (lærarrom) i den andre. Berre sjeldan høyrer me om "privet" (do).

Undervisningsmateriell

Her er opprekna kva slags undervisningsmateriell folkeskulen rådde over, gjerne óg kva som var innkjøpt i femårsperioden. Særskilde skuleboksamlingar finn me berre i nokre få kommunar. Døme frå meldinga frå Hafslo: Opprekna undervisningsmiddel som er "anskaffet" i femårs-perioden, mellom anna: 9 sett anatomiske plansjar, 7 sett veggtavler, 7 sett veggtavler over dyreriket, 4 Norgeskart 90 eks. Bangs Kirkehistorie, 90 O. Jensens Fædrelandshistorie, osb.

Folkeskulerekneskapet

Den kommunale folkeskulen var i hovudsak finansiert frå tre hovudkjelder: staten, fylket og kommunen. Denne bolken har to hovudoppstillingar, a) utgifter og b) inntekter, for kvart år og med sluttsum for kvar hovudpost og kvart år. Spesifisering varierer frå kommune til kommune. Eitt døme:

Indre Holmedal (Gaular): "a) Lønninger, b) Underv. midler, c) Anskaffelse av bøger m.v. for fattige børn, d) Kassererløn, e) Opførelse og vedligehold af skolehuse, f) Leie af skolelokale, g) Brænde og renhold, h) Skatter, i) Andre udgifter.
Inntekter: a) Bidrag af statskassen, b) Bidrag af amtsskolekassen, c) Legatrenter, d) Andre indtægter (lysepenge)"

"Almindelige bemærkninger"

Her finn me fleire slags merknader, i form av lengre utgreiingar eller berre i kortform - om "diciplin", helsetilstand, forsøming, foreldre si haldning til skulen, kommunestyret i høve til skulestyret sine ynskjemål, o.m. Tre døme om korleis foreldra såg på folkskulen viser variasjonar:

Kinn: "Hjemmenes Samarbeid med Skolen lader i det hele taget meget tilbage at ønske; i mange Hjem har skolen saare liden støtte."

Gulen: "Sandsen for Skolens Gjerning maa siges i det hele taget at være god inden Herredet".

Innvik: "Folkeskolevæsenets omfattes i almindelighed med megen interesse af skolekommunens indvaanere, saa at der af forældre og andre ydes skolestyret og lærerene fornøden støtte til fremme af skolens vigtige gjerning."

kjelder:

Lov om Folkeskolen paa Landet, 26. juni 1889. I Norsk Lovtidende. 1889.
Samling 5-årsmeldingar 1891-1906. Nordre Bergenhus Amt.
Dokka, Hans-Jørgen: En skole gjennom 250 år (..). 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR