Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kunstmålar Eilert Adelsteen Normann



Eilert Adelsteen Normann (1848-1918) skulle verta handelsmann som faren, men hamna i staden i Düsseldorf som kunstmålar. Han vart buande i Tyskland heile sitt liv. I 1890 kjøpte Normann seg tomt i Balestrand og sette opp det første drakestilhuset i bygda.

Målarstykke av Adelsteen Normann som syner skipet til keisar Wilhelm II, Hohenzollern, ved Vangsnes.

Målarstykke av Adelsteen Normann som syner skipet til keisar Wilhelm II, Hohenzollern, ved Vangsnes.

Eigar: I Kunstnarliv.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Arne Melkild.

Eilert Adelsteen Normann

Eilert Adelsteen Normann var fødd på Vågøya i Bodin kommune, no Bodø. Han skulle overta som handelsmann etter faren, og vart sendt til København for å ta utdanning. Men handel var ikkje noko for han. Han drog vidare til Düsseldorf. Han ville bli kunstmålar. Normann hadde si første utstilling i Düsseldorf i 1875. I 1877 stilte han mellom anna ut eit målarstykke han kalla "Fra Nærøfjord". Dette vart seinare innkjøpt av Stockholms Nationalmuseum. Keisar Wilhelm II kjøpte òg eit målarstykke med motiv frå Nærøyfjorden av Normann i 1890.

Portrettbilete av Eilert Adelsteen Normann.

I Tyskland vart Normann gift med Cathrine Hubertine Weitgan frå Rheinland. Dei fekk 4 born: Emma, Otto, Olga og Walter. Då Cathrine døydde, vart Normann attgift med Luise Rostalski. Dei fekk sonen Adelsteen. I 1887 flytte Normann frå Düsseldorf til Berlin. Her vart han buande resten av livet. Om somrane var han i Balestrand.

Utstilling av Edvard Munch

I Berlin vart Normann ein kjend person både som kunstnar og medlem av foreininga Verein Berliner Künstler. Han starta ein skule for kunstmålarar. I 1892 var Normann i Norge og fekk då sjå ei utstilling av Edvard Munch. Normann vart fascinert av Munch sin kunst, og han fekk ordna det slik at Munch fekk koma til Berlin og ha utstilling der. Munch drog nedover med 55 målarstykke. Munch og Normann arbeidde saman med å førebu utstillinga. Utstillinga var i regi av Verein Berliner Künstler. Foreininga var ikkje mogen for Munch sin kunst. Det vart eit forferdeleg rabalder. Foreininga sprakk og utstillinga vart teken ned etter kort tid. Striden om Munch sprengde kunstnarforeininga.

Nordlandsbåt med påhengsmotor

Normann tok ofte med ein dampbåt i målarstykka sine i staden for sognejekter og robåtar. Han hadde elles ein vakker nordlandsbåt som han nytta mykje, og til denne kjøpte han påhengsmotor. Det var ein av dei første påhengsmotorane i bygda. Helge Thue, som hadde butikken i Balestrand, var ofte hjelpesmann for Normann. Før motoren kom var det segl og årar på dei mange turane på Sognefjorden på leiting etter motiv. Ofte gjekk turen til Nærøyfjorden, men òg utover Sognefjorden, jamvel heilt til Nordfjord.

Bilete av nordlandsbåten til Eilert Adelsteen Normann.

Villa i drakestil

I 1890 bygde Normann det første drakestil-villaen i Balestrand. Han kjøpte seg tomt under garden Sjøtun med framifrå utsyn over Sognefjorden. Huset kom oppskore og ferdig til å monterast. Her var det utskjeringar og drakefigurar i overflod. Det vart fortalt at bygdefolket var mykje interesserte i dette byggverket, og folk var ofte innom byggeplassen for å følgja med etter kvart som huset vart montert.

Bilete av villaen i drakestil som Adelsteen Normann bygde i Balestrand.

Normann sin drakestilvilla innleia ein arkitektonisk epoke i bygdesoga. Nett desse husa kom til å gje Balestrand eit særpreg som seinare er teke godt vare på.

Normann-strålar

I vestavêr med mørkt skydekke, hender det ofte at skylaget sprekk opp og sola sender konsentrerte lyskjegler ned mot fjorden og landet. Normann var fascinert av dette fenomenet, og tok det ofte med i målarstykka sine. Ofte er det eit vakkert fargespel når slikt skjer. På folkemunne fekk dette namnet Normann-strålar. Det var ofte slike strålar å sjå over fjorden mellom Balestrand og Vangsnes når vêret er lagleg for det.

Målarstykke av Adelsteen Normann som viser utsyn mot Vangsnes frå "Villa Normann."

Bilete kring i bygda

Normann var ein særs produktiv målar. Han mottok og mange utmerkingar, mellom anna St. Olavs orden, riddar av første klasse. Då Normann døydde vart det teke opp oversyn over eignelutane hans. I dette får me ein glytt inn korleis omsetninga av bileta vart organisert. Normann hadde plassert ut mange målarstykke i bygda. Hjå kunstmålar Johannessen hang det heile 21 målarstykke og hjå Kvikne's hotell 36. Det hang òg målarstykke andre stader i bygda.

Nye eigarar

Eilert Adelsteen Normann døydde i Kristiania i 1918 og er gravlagd der. Eigedommen gjekk då over til andre i familien. I 1934 fekk jordskiftedommar Otto Pedersen Resi frå Stavanger skøyte. Resi budde i villaen til han vart sjuk og døydde i 1958. Då gjekk eigedommen over til Kjell Gjøstein Resi og Heid Gjøstein Resi.

Adelsteen Normann-galleri

Sommaren 2001 opna Adelsteen Normann-stiftelsen sitt nye galleri i Haalogtunet i Bodø. Den høgtidelege opninga fann stad den 28. juli. Mange hadde funne vegen til opninga der Kristin Kostopoulos song og sprudlevatnet sprudla. Ordførar Odd Tore Fygle, Merete Holm frå Adelsteen Normann-stiftelsen og Britt Huse frå Musikkfestuka heldt talar. Det same gjorde også mannen som skal skrive biografien om Adelsteen Normann, Bjørn Tore Pedersen.

Det kom helsingar frå mange, også frå svigerdotter til Adelsteen Normann, Edith Normann. Gjennom dottera, Birgit, helste ho og takka alle som arbeida for å få maleri-samlinga inn i eit fast galleri.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Melkild, Arne: Kunstnarliv. Skald as, Leikanger 1993.
Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991..
Avisa Nordlands Framtid 28.07.2001.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR