Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Runesteinen på Stedje



Om lag hundre meter søraust for Stedje kyrkje i Sogndal står ein 189 cm høg og 39 cm brei runestein. Truleg vart den sett her ein gong i mellomalderen.

Runerekkja på Stedjesteinen.

Runerekkja på Stedjesteinen.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2006

Fotograf: Fylkesarkivet

Runeinnskrifta på steinen

På steinen er det hogge inn ei innskrift i runer. Innskrifta er tyda til: Kong Olav skaut mellom desse steinane. Det har vore spekulert mykje på innhaldet i inskripsjonen. Kven var denne kong Olav, når - og kvifor skaut han? Og kvar vart det av den andre steinen?

Tre moglege kong Olav

Runologane meiner at innskrifta er frå omkring 1100. Dette kan passe med Olav Kyrre (konge 1066-93). Andre har meint at det må vere Olav Trygvason (konge 995-1000 ). Snorre skreiv at han var den største idrottsmann i Norig i alle ting. Likevel er det lite rimeleg at det kan vere han det er skrive om. Han var konge i berre fem år og det står ikkje noko i soga om at han vitja bygder i Sogn i styringstida si.
Inskripsjonen kan og vere ei overlevering som gjeld ein annan konge, t.d. Olav Haraldsson, den heilage (konge 1015-1030). Han var den mest vidgjetne av dei gamle norske kongane, og den det er flest segner om.

Olav den heilage i Sogndal

Segner frå Sogndal talar for at det kan vere Olav Haraldsson som skaut mellom steinane. Dei fortel at det var han som kristna bygda. Han stod på kyrkjebakken og peika ut tufta til den første kyrkja på staden. Kanskje blinka han ut kyrkjestaden med pil og boge og sette steinen der han stod? Ei anna tolking er at runesteinen kan ha vore ein bautastein på ei heidensk grav og pileskotet skulle bryte heidensk makt.
Snorre dokumenterer at Olav den heilage var i Sogndal. Han fortel at kongen for omkring i bygdene i Sogn på kristningsferd heile sommaren i år 1023. Han lot byggje kyrkjer og sette inn prestar.

Den andre steinen

Det har vore spekulert på om dei to nemnde steinane stod ved sida av kvarandre, eller om den andre steinen vart sett der pila fall ned. I alle høve kjenner ein ikkje til om den andre steinen nokon gong er funnen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hægstad, Marius: Stedjesteinen. I Heimbygdi vaar Sogndal .Årbok I, s. 26-27, 1927. Sogndal.
Sandal, Per: Ei ny tru-kristendom og kyrkjestyre. I Sogndal bygdebok . Band 1. Bergen 1986.
Olav den heilage i Sogndal. I Heimbygdi vår Sogndal Årbok VIII, s. 196-199, 1940.
Snorre Sturlason: Norges kongesagaer.

PERMANENT IDENTIFIKATOR