Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 04. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Minnesmerke over Spania-kjemparen Martin Schei



© «Opprøret i Spania». Førsteside-oppslag i Høyanger Avis, 25. juli 1936, fem dagar etter at generalar gjekk til væpna opprør mot statsstyret i den andre spanske republikken. Biletet viser generalane Franco og Sanjurjo. «Politiet sperrer en gate i Madrid» står som tekst til det tredje. Høyanger Avis informerte lesarane sine om Den spanske borgarkrigen ved korte meldingar og bilete frå Norsk telegrambyrå. Minnesmerke over Spania-kjemparen Martin Schei «Martin Schei sin innsats i den spanske borgarkrigen står det stor respekt av. At ein 18-åring frå Førde kunne tileigne seg kunnskap og informasjon om eit fascistopprør i Spania og deretter vere villig til å fylgje si overtyding og melde seg frivillig til vepna kamp for å hindre at fascismen spreidde seg heim til Norge, burde Førde vere stolt av. Den dagen eit minnesmerke over omkomne og falne i krig, vert reist i Førde, bør namnet til Martin Schei vere ein av dei som vert heidra.» (Egil Hjelmeland, i Fjordaglimt, 05.05.2011) Denne artikkelen greie for to minnesmerke Martin Schei er med på – utanom heimfylket hans.

«Opprøret i Spania». Førsteside-oppslag i Høyanger Avis, 25. juli 1936, fem dagar etter at generalar gjekk til væpna opprør mot statsstyret i den andre spanske republikken. Biletet viser generalane Franco og Sanjurjo. «Politiet sperrer en gate i Madrid» står som tekst til det tredje. Høyanger Avis informerte lesarane sine om Den spanske borgarkrigen ved korte meldingar og bilete frå Norsk telegrambyrå.

«Opprøret i Spania». Førsteside-oppslag i Høyanger Avis, 25. juli 1936, fem dagar etter at generalar gjekk til væpna opprør mot statsstyret i den andre spanske republikken. Biletet viser generalane Franco og Sanjurjo. «Politiet sperrer en gate i Madrid» står som tekst til det tredje. Høyanger Avis informerte lesarane sine om Den spanske borgarkrigen ved korte meldingar og bilete frå Norsk telegrambyrå.

Borgarkrig i tre år

Den spanske borgarkrigen byrja 18. juli 1936 med eit væpna opprør. Statskuppet mislukkast og den påfylgjande borgarkrigen varde til våren 1939. På den eine sida stod republikanarane (også nemnde som lojalistane) som kjempa for det venstre-orienterte, demokratisk valde statsstyret i den 2. spanske republikken. På den andre sida stod nasjonalistane leia av generalar og ei opprørsgjering. Opprørarane fekk alt første hausten militær støtte av det fascistiske Italia og det nazistiske Tyskland. Sovjetsamveldet stod på republikanarane si side. Demokratiske land, mellom dei Norge, inntok ei nøytral og nonintervensjons-line leia av ein komite med sete i London. Ei hovudoppgåve var å hindra militær støtte av eit kvart slag. Nasjonalistane vann krigen, og innførde frå 1. april 1939 diktatur under leiing av Franco.

Frivillige

Etter kvart reiste frivillige frå mange land til Spania for å delta i borgarkrigen. Fleire tusen frivillige frå kring 50 land var med på republikanarane si side. Internasjonalt frivillige blei organisert i Dei internasjonale brigadane.

Mange land nedla forbod mot å la seg verva til krigsteneste. Den 19. mars 1937 vedtok Stortinget samrøystes «Lov angående forholdsregler for å hindre deltagelse i krig i fremmede land.» Lova sette forbod mot å la seg verva til teneste for nokon av partane i borgarkrigen i Spania. Lova vart iverksett med det same.

Over 200 frivillige reiste frå Norge og gjorde teneste på den republikanske sida. Kring 50 av dei fall. På ei liste over frivillige i boka «Tusen dager. Norge og den spanske borgerkrigen 1936-1939» (2009) står oppført to med heimstad i Sogn og Fjordane: Odd Vattekar, Høyanger, og Martin Schei, Førde.

Martin Schei

NRK fylkesleksikon/Allkunne har denne personomtalen:

Martin Schei (1918–1937) frå Førde. Journalist og soldat i den spanske borgarkrigen. Etter å ha gått Voss Gymnas tok han i 1936 til som journalist i Firda, og han engasjerte seg i Førde AUF, der han vart vald til sekretær.

Gjennom det politiske arbeidet sitt fekk han kjennskap til fascistopprøret mot republikken i Spania. Han verva seg til dei internasjonale sosialistbrigadane som kjempa mot general Franco og hans fascistar under den spanske borgarkrigen på 1930-talet. Han var 18 år då han i 1937 reiste frå heimbygda til Spania utan at foreldra visste om det.

Nokre månader etter skreiv han i eit brev til broren: ” Taper vi krigen, så betyr det ikke bare et fascistisk diktatur i Spania, eller rettere sagt en koloni under fasciststatene. Nei, det betyr en seier for fascismen i våre egne land.” Schei fall i slaget ved Aragon i september 1937. (…)

Spor i møtebok

Martin Schei var medlem av Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) gjennom Sogn og Fjordane Arbeidarungdomslag. Sak 5 i møte 5. november 1937, handlar om Martin Schei. Det var då to månader sidan han fall i kampane ved Mediana dei første dagane i september. Det står:

«Sak V. Om kamerat Martin Schei’s død i den spanske borgarkrig. Vart vedteke å sende ei helsing til Martin’s mor, (…)».

Deretter står det innlimt eit avisutklypp frå «Tidens Tegn", datert 3. november 1937, med overskrifta «Nordmann falt i Spania», portrett og kort omtale.

1938: «Vi er stolte av dere ..»

I september 1938 vedtok den spanske regjeringa å avvikla Dei internasjonale brigadane og senda frivillige heim. Den norske Spania-komiteen, oppretta hausten 1936, samarbeidde med den tilsvarande svenske komiteen om transport. Norske frivillige kom etter kvart heim einskildvis og i grupper. Ei gruppe på 41 Spania-kjemparar kom med tog til Oslo tidleg om kvelden 26. november. «Ankomsthallen var fylt til trengsel», fortel Moen og Sæter i boka «Tusen dager…». Det gjekk folketog til Youngstorget med møte i Folkets Hus.

«Brigadistene lot seg avbilde i samlet tropp med bandolær i republikkens farger og hørte Martin Tranmæl holde en sjelden sterk tale. Først leste han opp navnelisten over de norske som hadde falt i Spania – partifeller som Gunnar Skjeseth, Odd Olsen, Martin Schei og Torbjørn Engebretsen. De to sistnevnte hadde vært delegater på AUFs landsmøte et (…) år tidligere.

Mange av navnene Tranmæl leste opp, tilhørte kommunister som Oluf Milde, Einar Juul Pettersen, Anker Beckmann, Aksel Hansen og Henry Behn. Han fulgte opp med en emosjonell hyllest til menn som hadde brutt med den lovgivning hans egen regjering hadde innført [forbod mot å la seg rekruttera 17. mars 1937]: «Vi er stolte av dere og av den internasjonale brigade som dere har kjempet sammen med, og som står som det ypperste uttrykk for internasjonal solidaritet i vår tid.»

1989 – minnesmerke i hovudstaden

På Grunerløkka i Oslo står eit minnesmerke over dei norske Spania-kjemparane som fall i borgarkrigen. Det vart avduka søndag 8. oktober 1989, åtti år etter at borgarkrigen var slutt.

Ved avdukinga deltok to av dei då attlevande brigadistane, Karl Mortensen og Nils Ersnes. Den spanske ambassadøren i Norge takka begge. På den eine granittblokka står sluttorda i diktet «Den internasjonale brigades kirkegård» av Ingeborg Regfling Hagen (1946):

For verden ga brigaden, men den gav verden tro,
og fylte svikets avgrunn og la seg selv til bro.
Når verdensharpene engang kan varsle bedre kår,
senk flagget, kamerater, for brigadens kirkegård.

2011 – minnesmerke på Utøya

Eit anna Spania-minnesmerke står på AUF sitt senter Utøya. Det er ei plate av metall med namna på AUF-arane som fall i borgarkrigen. Minnesmerket vart av avduka 20. juli 2011, to dagar før det grufulle terrorangrepet. Tilsynsmann på Utøya, Jørgen Watne Frydnes, skriv i eit brev, datert 12. januar 2016: «Nederst på minneplaten har AUF gjengitt to vers fra Nordahl Griegs dikt "Til Ungdommen", diktet han skrev i september 1936 som en reaksjon på den spanske borgerkrigen. Ikke lenge etter at han hadde skrevet diktet, reise Grieg selv til Spania for å kjempe i krigen med pennen som våpen. Diktet ble (…) en svært viktig del av prosessen etter 22. juli 2011.» På minneplata står skrive:

Til minne om AUFerne som gav sitt liv i kampen mot fascismen som frivillige i De internasjonale brigader i den spanske borgerkrigen 1936-39

AUF

Thorbjørn Engebretsen, Lørenskog. Falt i oktober 1937

Odd Olsen, Trondheim. Falt ved Gandesa, september 1938

Martin Schei, Førde. Falt ved Mediana, september 1937

Gunnar Skjeseth, Kabelvåg, Oslo. Falt ved Jarama, februar 1937

Stilt går granaternes
glidende bånd.
Stans deres drift mot død,
stans dem med Ånd!

Krig er forakt for liv.
Fred er å skape
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!
Nordahl Grieg (1936)
 

AUF-leiar Eskil Pedersen heldt avdukingstale, omtrent på dagen 75 år etter at borgarkrigen braut ut. Mellom anna sa AUF-leiaren dette til fleire hundre ungdommar:

AUF har i snart 110 år vært opptatt av internasjonal rettferdighet og solidaritet. Det er mye å være stolt av i vår historie. En av tingene vi kan være mest stolt av, er kampen mot fascismen. Det er noe som heter at man må kjenne historien for å forstå samtida og forme framtida.»

2016 – vandreutstilling

I 2016 markerer fleire land at det er 80 år sidan den spanske borgarkrigen tok til. Ei vandreutstilling med tittelen «Train to Spain» skal først visast i skandinaviske land, og til hausten i Spania. Martin Schei er med i denne utstillinga.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Moen, Jo Stein, og Sæther, Rolf: Tusen dager. Norge og den spanske borgerkrigen 1936-1939. 2009.


Høyanger Avis, 1936, fleire nummer


For Spania. Hefte, utgjeve av Den norske Spania-komiteen, 1950.


Informasjon frå: Jørgen Wathne Frydnes, AUF-Utøya


Det siste brevet

PERMANENT IDENTIFIKATOR