Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Om krigsforlis DS «Nordnorge» (2) ved Stad, 24. mars 1944



Under 2. verdskrigen krigsforliste tre hurtigruteskip ved Stad: DS «Ryfylke», DS «Sanct Svithun» og DS «Nordnorge». Alle blei søkkte av allierte stridskrefter. Ein stad mellom 62 og 66 menneske omkom. «Nordnorge» blei torpedert fredag, 24. mars 1944. Skipet var på veg nordover for å gå inn i rutefart Narvik - Trondheim. Det var ingen passasjerar om bord. Av mannskapet på 13, overlevde to. Ein av dei omkomne vart funnen.

DS «Nordnorge» (2) – krigsforlis 1944. «Nordnorge» her som finske DS «Mariehamn», i ukjend hamn, før Ofotens Dampskibsselskab (ODS) i 1942 kjøpte skipet for å setja det inn i hurtigrutefart Narvik – Trondheim. Skipet vart ombygd ved Sarpsborg mekaniske verksted. På veg nordover, for å gå inn i ordinær rutefart, vart DS «Nordnorge» torpedert og senka av ein britisk ubåt ved Stad, 24. mars 1944.

DS «Nordnorge» (2) – krigsforlis 1944. «Nordnorge» her som finske DS «Mariehamn», i ukjend hamn, før Ofotens Dampskibsselskab (ODS) i 1942 kjøpte skipet for å setja det inn i hurtigrutefart Narvik – Trondheim. Skipet vart ombygd ved Sarpsborg mekaniske verksted. På veg nordover, for å gå inn i ordinær rutefart, vart DS «Nordnorge» torpedert og senka av ein britisk ubåt ved Stad, 24. mars 1944.

Eigar: Minnehallen

Datering: Før 1942

Fotograf: Ukjent


Krigsgrav 2017
På kyrkjegarden i bygda Kjelde, Ballangen kommune, Nordland, finst ei grav som minner om då dampskipet «Nordnorge» (2) blei torpedert og søkkt på Stadhavet. På gravsteinen står namn, datoar og ord:

Sigurd Gabrielsen
Stenvold [namn på staden han budde]
[teikn for fødd] 29 - 3 - 1914
[teikn for død] 24 - 3 - 1944

Du gjorde din plikt for folk og land,
Men utenfor Stadt døden deg fandt.
Opofrende var du for far og mor,
Så døden for deg av dine blev stor
Gud er god

Bokverket Våre falne, bind 1, har ein kort biografi og portrettfoto. Det står:
GABRIELSEN, SIGURD LEIF, sjømann, Ballangen. Født 29. mars 1914 i Evenes. Sønn av Georg Gabrielsen, født 1879 i Evenes, og Nordianne Marie Pettersdatter, født 1877 i Ankenes. Gikk i en årrekke før krigen i utenriksfart, men seilte under krigen i kystfart. Omkom 24. mars 1944 med d/s Nordnorge (ex Mariehamn), som ble torpedert eller minesprengt ved Stad. Gravlagt i Ballangen.

 «Utenfor Stadt ..»
Kva var det som skjedde «utenfor Stadt», fredag, 24. mars 1944?  Denne artikkelen byggjer på nokre av kjeldene som «fortel noko» om då hurtigruteskipet «Nordnorge» (2) blei torpedert.

Avisa Fritt Folk og Norsk telegrambyrå
Fritt Folk var frå 1935 «riksorgan» for det politiske partiet Nasjonal Samling (NS). Kort tid etter den tyske okkupasjonen våren 1940 blei den norske pressa NS-kontrollert og for ein del NS-styrt/redigert. Riksavisa Fritt Folk hadde førstesideoppslag om krigsforliset ved Stad dagen etter hendinga, med NTB (Norsk Telegrambyrå) som kjelde.

Fakta stemmer stort sett med den verkelege hendinga. Overskrifta var: «Nytt bestialsk terrorangrep mot sivil norsk kystfart» og undertitlane: 1) «Nord-Norge» torpedert og senket av britisk u-båt», 2) 11 av mannskapet omkom. Bare 2 overlevde katastrofen. Skipet hadde ingen passasjerer om bord.»

 Vidare følgjer to avsnitt med fleire konkrete opplysningar/fakta.

«(NTB) Kystruteskipet «Nord-Norge» ble torpedert og senket av en britisk ubåt utfor den norske vestkyst litt etter klokken 10 i går [24. mars 1944]. Skipet sank øyeblikkelig. «Nord-Norge» var ubevæpnet og seilte alene. Det ble truffet av en torpedo og sank på ett minutt.

 NTB’s korrespondent får opplyst at 11 mennesker skal være omkommet ved senkingen av «Nord-Norge». De fleste av disse var heimehørende i Ofoten. To av mannskapet er lettere skadet. Det er Alfred Eriksen, 36 år, og Peder Johnsen, 37 år, begge fra Ofoten. Skipet som var på veg nordover, var nytt [bygd 1883, ombygd 1942-1944] og skulde settes inn i trafikken nordpå. Det var på vel 200 tonn.»

Avisa har og nærare opplysningar om dei to overlevande. Det står:

«De to reddede er kommet til land på et lite sted ytterst ute til havs, hvor det bare er en 14-15 små gårdsbruk. De er tatt i forpleining av handelsmannen på stedet. Begge er lettere såret, Johnsen er såret i foten, men helt ufarlig.

Eksplosjonen etter torpedoen ble observert av en fiskekutter som straks styrte ned mot stedet, et par kvartmil fra land. Det tok en halv times tid, og da man kom fram, var det ingen andre å se enn de to som var temmelig forkomne. Skipet var sunket momentant.

Matrosene fikk straks noe varmt i seg og varme klær og har ikke lidt noe særlig mèn etter det kalde oppholdet i sjøen. De forteller at eksplosjonen skjedde akterut og så plutselig at de ikke visste ordet av før de lå i sjøen. Noe varsel ble ikke gitt. (…) Seinere meldes til NTB at man hittil bare har funnet ett lik (…).»

Logg – ubåten HMS «Satyr»
Det var den britiske ubåten HMS «Satyr», under kommando av løytnant T.S. Weston, som torpederte og søkkte DS «Nordnorge» ved Stad, 24. mars 1944. År 2017 har me digital tilgang til logg (journal) over ubåten sine operasjonar under krigen, også torpederinga av «the Norwegian merchant Nordnorge (…) off Stadlandet (…) in position 62°14'N, 05°08'E.»  Klokkesletta er lokal tid.

«0941 hours - Sighted the masts and funnel of a ship coming Northwards round Stadlandet. Started attack. The target was seen to be a Norwegian merchant vessel (the markings were very clear on her side) of about 2000 tons [ca 200].

0959 hours - In position 62°13'6"N, 05°08'2"E fired a salvo of 4 torpedoes from 2000 yards. 1 minute and 6 seconds after firing a very heavy and prolonged explosion was heard and the HE of the target ceased. The other torpedoes were heard to explode on hitting the shore. Satyr dipped below periscope depth on fining [sic. firing ?]  but upon returning to periscope depth the target was not seen any more.»

Mannskapet
Avisa Fritt Folk melde om eit mannskap på 13 og ingen passasjerar. To overlevde: Alfred Eriksen (36 år) og Peder Johnsen (37 år). Ein omkomen blei funnen. Minnehallen, Stavern, har ei liste over dei 11 som omkom. Frå denne lista er det råd å gå til bokverket Våre falne for å finna nærare opplysningar om kvar einskild. I Minnehallen si liste er det avvik i skrivemåten på to namn. Lista her samsvarar med Våre falne, og har med alder, adresse (kommune) og tittel i tillegg til namnet. Seks kom frå Ofoten.

Hilmar Marcelius Pareli Rasmussen (51), Bergen, damp- og motormaskinist
Anton Ferdin Alfred Nyborg (30), Ankenes, styrmann
Bertheus Emil Nyborg (54), Laksevåg, kystlos
Ole Martin Menssen (34), Ankenes, matros
Andreas Alfred Liland (54), kaptein, Narvik
Lars Jørgen Larsen (62), maskinist, Harstad
Otto Gerhard Kvitvik (37), restaurantbestyrer, Ankenes
Per Jacobsen (22), Bergen, fyrbøter
Gunnar Jarle Jakobsen (20), Narvik, sjømann
Arne Pauli Hermansen (36), Hadsel, kokk
Sigurd Leif Gabrielsen (30), Ballangen, sjømann, gravlagt i Ballangen

Bergingsmannen
Fritt Folk melde at eksplosjonen blei «observert av en fiskekutter» som straks styrde mot havaristaden og berga to overlevande, og vidare, at dei vart tekne inn til «et lite sted ytterst ute til havs.» I ei anna kjelde går det fram at bergingsmannen var Jakob Strand. Merkeregisteret for fiskefartøy har i registeret for Selje, år 1944, «J. O. Strand m.fl.» som eigar av fiskebåten «Viking» med registreringsnummer SF-93-S. Båten var heimehøyrande i Stadvågen, som ligg ytst på Stadlandet, betre kjend som Honningsvåg. Jakob Strand var fødd 24. februar 1897 og døydde 14. mars 1951. Han var busett i Stadvågen og hadde eit lite gardsbruk.

Om rederiet og skipet
DS «Nordnorge» tilhøyrde rederiet Ofotens Dampskibsselskab, Narvik, grunnlagt 1912 for å driva lokaltrafikk. I 1936 kom ODS med i hurtigruta på strekninga Narvik - Trondheim. ODS-skipet DS «Nordnorge» (1) krigsforliste ved Hemnesberget våren 1940. I staden sette ODS inn DS «Barøy», som også krigsforliste. «Barøy» blei torpedert av eit britisk fly 13. september 1941 på kurs nordover ved Tranøy, Hamarøy.

Ofoten Dampskibsselskab sitt skip DS «Barøy» på frimerke. «Barøy» blei torpedert av eit engelsk fly 13. september 1941 i rute frå Bodø, ved Tranøy, Hamarøy

For å erstatta tapt tonnasje kjøpte ODS i 1942 det finske dampskipet «Mariehamn», bygd 1883, og fekk det ombygd ved Sarpsborg mekaniske verksted. Skipet blei ikkje ferdig før 17. mars 1944. På veg nordover for å gå inn i ordinær rute Narvik – Trondheim, blei «nye» DS «Nordnorge» torpedert og senka på Stadhavet, 24. mars 1944. Skipet var lasta med bygningsplater og margarinolje.

Om hendinga i boka «Coastal express».
Engelskmannen Mike Bent har skrive bok om historia til hurtigruta Bergen – Kirkenes. Boka kom ut i 1987, og har tittelen «Coastal express. The ferry to the top of the world.» I kapitlet «The war years» har forfattaren eit avsnitt om «Ofotens’ Second Nordnorge». Følgjande bolk passar som avslutning:

«Nordnorge approached Stadhavet. The date was 24 March, the time 10.30 on a fine, calm, sunny morning. Deckhands Peder Johnsen and Sigurd Gabrielsen were off duty, resting in their cabin. A violent jolt threw them on the floor and shattered the glass in the porthole. When they reached  the deck, Nordnorge’s stern was already under water. While they were struggling to release a bouyant raft on the foredeck, her bows reared up, and slid under. It was all over in less than 60 seconds. Nordnorge could have hit a mine, but it was more probable that a submarine torpedoed her. Of the 13 crew, 11 included Sigurd Gabrielsen, were drowned.»

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fiskeridirektoratet, historisk merkeregister


Gravminner i Norge


Skipsmagasinet


Minnehallen


Lt. Tobin Subremont Weston , DSO, DSC of the Royal Navy (RN) - Allied Warship Commanders of WWII - uboat.net


Fritt Folk. 25.03.1944


Bent, Mike: Coastal Express. The ferry to the top of the world. 1987


Bakka, Dag, jr: Livslinje og eventyrreise. Historien om Hurtigruten. 2011

PERMANENT IDENTIFIKATOR