Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 31. mars 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Rå-data

Fiskebåten "Skifjord" - på minnestein i Irland



Sommaren 2014 kom det ein epost frå Irland. Avsendaren hadde lagt merke til ein minnestein i havkanten nord i landet. Eit skipsforlis - ein irsk trålar. Han undrast på namnet, «Skifjord». Har det tilknytning til Norge? Til Sogn og Fjordane? Eit foto av minnesteinen følgde som vedlegg. Artikkelen er ei kort oppsummering av eit lite leiteprosjekt.

«Skifjord»-forliset, Irland, 31. oktober 1981. Denne minnesteinen blei reist 31. oktober 2006, på 25 årsdagen etter forliset.

«Skifjord»-forliset, Irland, 31. oktober 1981. Denne minnesteinen blei reist 31. oktober 2006, på 25 årsdagen etter forliset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Steven Kleppa.

Minnesteinen fortel …

The SKIFJORD TRAGEDY – skjedde 31. oktober 1981. Fem menneske miste livet. Først står innhogge: Francis Byrne, deretter: sonen Jimmie, begge frå fylket (county) Donegal. Vidare: Des Mac Govern frå Mayo, Jimmy Laverty frå Antrim og Tony O Brien frå Dublin. Under namna står ord om smerte og sorg:

«fill not your heart
with pain and sorrow
but remember us
in every tomorrow»

Nede er rissa inn: bilete av båten, og opplysning om at minnesteinen vart reist 31. oktober 2006, på dagen 25 år etter den tragiske hendinga.

Meir om forliset

MFV (motor fishing vessel) «Skifjord» var ein av dei store trålarane i Irland. Båten var bygd i Sverige, og det var eigaren, Francis Byrne, som var skipper då ulukka hende. Han hadde kjøpt «Skifjord» berre tre månader før.

Med eit mannskap på ni gjekk «Skifjord» ut frå hamn tidleg om morgonen, fredag 30. oktober. Dei skulle gå til møtes med partnarbåten «Arkansas» lenger nord. Det auka på med vind. Om natta gjekk «Skifjord» seg opp på skjeret Bullignamirra Rock i farvatnet mellom Burtonport og Arranmore Island. «Arkansas» kom til, men Francis Byrne fann det altfor risikabelt å prøva med bergingsforsøk før det lysna av dag. Dessutan var oppfatninga at båten stod støtt og trygt på skjeret.

Men så skjedde det uventa. Kring klokka 03.30, vel to timar etter grunnstøytinga, braut ei monsterbylgje mot skjeret og sopte havaristen av. Båten fekk rive opp store hol i skroget, tok snøgt inn vatn, og gjekk ned nesten med ein gong. Berre fire av mannskapet berga livet; to greidde å symja til ei lita øy, to andre kom seg inn til fastlandet.

Skifjord-forliset vart dobbel tragisk for Byrne-familien. Ikkje berre vart far og ein son brått rivne bort. Enkja vart sitjande att med sju born i ein særs vanskeleg økonomisk stilling, og familien måtte i årevis streva og med sak om skade-erstatning.

«Skifjord» - namnet

E-postskrivaren undra seg på namnet - «Skifjord» - i Irland. Eit båtnamn er til vanleg fastsett av eigaren, og namnet har ei foklaring. Når ein båt skifter eigar, byter ofte den nye eigaren det gamle namnet med eit nytt namn. Men ikkje alltid. Den irske båten som forliste i 1981 hadde eit skandinavisk namn. Francis Byrne hadde overteke båten som «Skifjord» og han hadde halde på namnet.

To Skifjord i Norge

I Norge finst to fjordar med namnet Skifjorden. Den eine ligg i Nordland fylke, Vestvågøy kommune. Den andre ligg i Sogn og Fjordane, i Hyllestad kommune. Det er busetnad i begge fjordane.

«Skifjord» - tidlegare «Nordsjø» - til Irland

Den irske trålaren var bygd i hamnebyen Lødøse på den svenske vestkysten. Byen har fleire hundre år lang skipsbyggings-tradisjon. I 1967 leverte Lødøse Varf to båtar til svenske eigarar. Den eine var trålaren «Nordsjø». Etter seks år selde eigaren båten til Nils Hansen, busett i Åkrahamn på Karmøy. Den nye eigaren bytte namn; «Nordsjø» vart til «Skifjord». Nils Hansen hadde båten i sju år før han i 1980 selde til Patric Bonner i Burtonport, Donegal, Irland. Den irske eigaren bytte ikkje namn. Patric Bonner valde å la «nybåten» sin segla med det norske namnet, «Skifjord». Og då Bonner selde «Skifjord» til Francis Byrne sommaren 1981, endra heller ikkje Byrne namnet.

Ein annan båt med same namn - «Skifjord» (1)

Spørsmålet nå var kvifor Nils Hansen i Åkrahamn valde Skifjord som namn på båten han kjøpte i 1973. Me kontakta lokalhistorikar Lyder Nes på Karmøy. Han kunne fortelja at Nils Hansen hadde ein båt med namnet «Skifjord» før han kjøpte «Nordsjø». Denne båten, «Skifjord» (1), sprang lekk og sokk hausten 1970 på fiske i Nordsjøen. Etter alt å døma valde Nils Hansen å kalla den nye båten sin opp etter den gamle.

«Skifjord» (1) – kjøpt frå Stavanger

Men kva så med namnet på båten som sokk i Nordsjøen, «Skifjord» (1)? Merkeregisteret for fiskefarkostar, Åkra kommune, viser at Nils Hansen kjøpte båten i Stavanger i 1961, og at båten då hadde namnet «Skifjord». Denne gongen bytte Nils Hansen ikkje namn. Einaste endringa var at «Skifjord» fekk nytt register-merke: R – 424 – A (Rogaland – rekkjenummer – Åkra) i staden for det tidlegare R – 36 – S (Rogaland – rekkjenummer – Stavanger).

«Skifjord» (1) – i Stavanger

Dermed måtte me til Stavanger med spørsmålet om opphavet til båtnamnet «Skifjord». I merkeregisteret for Stavanger går det fram at Kristoffer Nilsen Tangenes melde inn «Skifjord» 27. januar 1950. Båten var ny, bygd i Uskedal i Hardanger.

Første eigar av «Skifjord» (1) - Kristoffer Nilsen Tangenes

Tangenes er eit stadnamn i Solund, nabokommunen til Hyllestad og Skifjorden. År 1900 budde Nils Nilsen, fødd 1851, med huslyden sin i Tangenesvåg. Han var postopnar og dampskipsekspeditør. Ein son Kristoffer var fødd i 1892.

Ti år seinare hadde Nils Nilsen flytta til Tysvær i Rogaland. I følgje folketeljinga i 1910 var han gardbrukar og budde saman med huslyden på garden «Northun og Midtbø». Sonen Kristoffer, fødd 18.11.1892, i Solund, står notert som ugift fiskar. Korkje Nils Nilsen, eller sonen Kristoffer Nilsen, står oppførde med Tangenes som etternamn.

Kvifor «Skifjord» - i Stavanger?

Kristoffer Nilsen, fødd i Solund 1892, er identisk med Kristoffer Nilsen Tangenes, eigar av «Skifjord» (1). Ein son til Kristoffer Nilsen har opplyst at «Skifjord» (1) var den siste båten Kristoffer Nilsen Tangenes hadde, men han «har ikkje peiling» på kvifor båten fekk namnet «Skifjord».

Det var så langt me kom i det vesle leiteprosjektet: å finna forklaringa på båtnamnet «Skifjord» på minnesteinen på nord-vestkysten i Irland. Om ikkje den eine hadde «peiling», kan det finnast andre.

Me sende utskrift av denne artikkelen til mannen som sende spørsmålet, og konkluderte med at «Skifjord»-namnet har tilknytning til Norge. Det går først ei line til Karmøy, deretter til Stavanger, og namnet kan ha tilknytning til Skifjorden i Hyllestad, Sogn og Fjordane, - på ein eller annan måte.

kjelder:

Statsarkivet i Bergen. Fiskeridirektoratet. Merkelovens tilsynsmann for 1) Stavanger, 2) for Åkra, 3) for Karmøy.


Opplysningar i epost frå: Varvs och Sjöfartshistoriska föreningen i Götaälvdalen


Opplysningar pr. telefon frå Lyder Nes, Åkrahamn, Karmøy.


Opplysningar frå Karmøy bibliotek, Åkrahamn


Opplysningar frå Kristian Olav Bringedal, Kvinnherad kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR