Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. mai 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Prestegard frå Leikanger på Norsk Folkemuseum



I 1911 reiv dei den vel 150 år gamle prestegarden (prestebustaden) på Leikanger. Materialane blei sendt austover til Kristiania, første delen av vegen med båt til Bergen og vidare med tog. Huset blei så bygt opp att på Norsk Folkemuseum og utstyrt med inventar frå familien Thaulow.

<p>Prestegard fr&aring; Leikanger p&aring; Norsk Folkemuseum 2009. Byggjematerialen vart flytta til folkemuseet hausten 1911. Biletet viser baksida av huset.</p>

Prestegard frå Leikanger på Norsk Folkemuseum 2009. Byggjematerialen vart flytta til folkemuseet hausten 1911. Biletet viser baksida av huset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Frå prestegard til museumsbygning

Endringa frå prestegard med dagleg pulserande liv, til museumsbygning med historisk interesserte personar på besøk, skjedde nærast over natta. Ei hending siste søndagen i juli 1910 kan stå som ein god illustrasjon på livet i prestegarden kort tid før. Søndag 31. juli var det eit "høgtidssamt gilde" hjå prestefolket. Sokneprest Bull-Hansen (sokneprest 1897-1923) og kona Ninni, fødd Steenbuch, feira sølvbryllaupsdag. Av ei notis i Sogns Tidende får me vita at etter preika denne søndagen, gjekk det eit langt fylgje av bygdefolk ned til prestegarden for å ynskja prestefolket til lukke med dagen.

Om kvelden var det fest for innbedne. "Hr. soknepresten og frua var i framifrå godlag", skreiv avisa, "og tok seg paa alle maatar sers godt av gjestebodsfolki." Me får høyra at frua og presteborna spela og song til stor hugnad for alle. Det blei lese opp mange telegram og halde fleire talar.

Same hausten vart det vedteke å kondemnera prestegarden og byggja ny, og året etter sølvbryllaupsfesten, vart prestegarden riven og frakta til Norsk Folkemuseum på Bygdøy der vart han bygd opp att og fylt med historisk husbunad frå familien Thaulow.

Ein av mange bygningar

Friluftsmuseet på Norsk Folkemuseum på Bygdøy dekkjer eit stort område der det er sett opp typiske hus frå fleire stader i landet. Dei fleste husa kjem frå gardar og er døme på bustadhus og andre bygningar knytte til allmugen, "folk flest". Prestegarden frå Leikanger er døme på eit hus knytt til embetsstanden på landsbygda, i dette tilfellet sokneprestembetet. Presten høyrde til ein annan klasse enn allmugen; han høyrde til dei som ofte vart nemnde som dei kondisjonerte.

Korleis det bar til at huset frå Leikanger hamna på Bygdøy?

Norsk Folkemuseum var i åra før 1910 på jakt etter ein prestegard. Men museumsstyrar Hans Aall hadde eit stort problem: Museet ikkje pengar til eit slikt prosjekt. Det var då at tre systre Thaulow kom inn som den reddande engel. Dei hadde tidlegare kontakta museet med ønskje om å få avlevert ei familiehistorisk samling inventar og anna tilfang med tilknytning til Thaulow-familien.

Hausten 1910 tok dei på ny kontakt med museet. Det skjedde om lag på same tida som prestegarden på Leikanger skulle rivast. Museumsstyraren må ha visst om dette, og slo no to fluger i ein smekk. Han fekk overtalt Thaulow-systrene til å ta kostnaden med å sikra prestegarden for museet, mot at bygningen skulle brukast til å husa Thaulow-samlinga. Slik bar det til at den kondemnerte prestebustaden enda opp som stashus på Bygdøy.

Bygderøveri?

Det er interessant å leggja merke til eit kulturvernspørsmål som kom opp i samband med flyttesaka. Sogns Tidende melde i februar 1911 om at prestegarden på Leikanger kunne enda opp på museet på Bygdøy. Samstundes spurde avisa om det var noka god løysing. Det var avisa Gula Tidend i Bergen som hadde reist spørsmålet. Kvifor skulle ein bygning som hadde kulturhistorisk verdi flyttast frå Sogn til Oslo? Burde ikkje det nyskipa "sogelaget for Sogn" ha førsteretten? Og om det no var slik at sogelaget ynskte å ta hand om bygningen, men fekk avslag, ville det ikkje då vera bygderøveri?

Meir om saka høyrer me ikkje før i slutten av november. Då melde Sogns Tidende i ei kort notis at bustaden var riven og på veg til Austlandet. Det kan sjå ut som Folkemuseet reiste med meir enn den store bygningen: "Dei som var kjende paa Leikanger, vil vita at det ikkje var smaa bygningar [utheva her], og for Folkemuseet vil dei [fleirtal, utheva her] ha stort verd." Avisa likar ikkje at landsbygdene blir tappa for slike "minne" og at "etterkomarane vaare" må reisa til byane for å sjå dei.

Likevel, utan at det vert sagt med reine ord, ligg det under at avisa er klår over at alternativet i mange høve er at "desse minne" slett ikkje blir tekne vare på. Avisa sluttar notisen sin med desse orda: "Ja, ja. Det kann vera godt dei er aa finna der."

Historia til prestegarden

Historia til prestegarden på Norsk Folkemuseum går tilbake til 1700-talet. Det var sokneprest Gert Geelmeyden (sokneprest 1750-1764) som bygde huset. Det stod ferdig i 1752. Huset kom i staden for eit tidlegare "hovedhus", og det vart bygt - paa samme tomter og Grundvolle - som gamlehuset.

Den nye prestegarden stod etter alt å døma uendra til midt på 1800-talet. Thorne var prest i åra 1840-1849. Då han tok over, var - i følgje kallsboka for Leikanger - "prestegårdens hovedbygning" i dårleg stand, og "så dårlig indrettet at det store hus ei engang avgav de tarveligste bekvemmeligheder". Thorne ordna opp, til dels på eigen kostnad. I kallsboka for Leikanger står det:

Ligeledes [som landgangsbryggja] undergik prestegårdens hovedbygning en fuldstendig hovedreparasjon og avgir nu en tilstrekkelig smukt og særdeles vel indrettet bolig, idet den forrige storstue, der optog den halve del av huset, ved hjelp av en tilstøtende gang, er blit indretet til Dagligværelser. (..) Samtlige både nye og eldre værelser er blitt smukt oppusset

Og med denne romløysinga vart prestegarden ståande til han vart riven og flytt i 1911. Tretten prestefamiliar hadde budd i huset.

Om stil og stilhistorie

Meir om Leikanger-huset på Norsk Folkemuseum står å lesa i Janike Sverdrup Ugelstad sin artikkel Leikanger prestegård fra prestebolig til museum i Årbok for Sogn 2005. Her tek me med eit avsnitt som seier noko om bygningsstil og stilhistorie.

Dette ble en for sin tid [midt på 1700-talet] en vakker og moderne bolig. Snekkerarbeidet er preget av rokokkoen, slik den stilretningen blomstret i perioden 175 til 75. Svaitakene er karakteristiske for Bergens rokokko. Innvendig er dette stilpreget særlig synlig i forstuen, i kjøkkenet og i de fire mindre rommene til venstre for inngangen. I storstuen derimot har empiren slått i gjennom. de store stjerneblomstene oppe i dørlistenes hjørner er typiske empireornamenter.

Huset bærer preg av utsøkte håndverksmessige detaljer, i sær i dørenes fyllinger og alt profilert listeverk. Ikke minst i inngangsdøren må ha virket imponerende på alle som hadde ærend inn til prestens bolig og kontor. Det er nærliggende å tro at håndverkerne fra Bergen har bidratt til dette arbeide. Selve hustypen er utviklet i Bergen, som på 1700-tallet var ein rik by, og som i høy grad tok del i det som historikerne har kalt "Norges gullalder". Embetsmannskulturen var utviklet i byene, men fikk rask spredning utover i landet noe de mange prestegårdene, boligen og dens bohave, er typiske eksempler på.
 

Spøkjelse

Følgde det med meir enn bygningsmaterialane på lasset då prestegarden vart riven og flytta i 1911? Det kan sjå slik ut. Janike Sverdrup Ugelstad skriv i artikkelen om prestegarden i Årbok for Sogn 2005:

"Man mener at det finnes et spøkelse i prestegården. Et spøkelse som fulgte med fra Sogn. Nattevakten på museet har observert en skikkelse gående nedover trappen og nattevaktens hund har flere ganger nektet å gå inn i bygningen. Andre personer har også observert underlige gestalter i det gamle huset. Noen går igjen og vokter prestegårdens ve og vel."
 

kjelder:

Sogns Tidende. 05.08.1910, 14.02, 24.11.1911.
Ugelstad, Jannike Sverdrup: Leikanger prestegård fra prestebolig til museum.
I Årbok for Sogn 2005. Historielaget for Sogn/De Heibergske samlinger - Sogn folkemuseum, 2005.
Eggum, Terje: Leikanger kyrkje frå mellomalderen til i dag. Skald, Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR