Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. februar 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Galleri Vinjum



Galleri Vinjum er ei kunstsamling etter aurlendingen Johannes Vinjum (1930 - 1991), ei gåve frå familien til Aurland kommune. Utstillinga har fast plass i Heradshuset (Lokalhistorisk senter).

Frå Galleri Vinjum i Lokalhistorisk senter (Heradshuset) i Aurland.

Frå Galleri Vinjum i Lokalhistorisk senter (Heradshuset) i Aurland.

Eigar: Aurland kulturkontor, fotosamlinga.

Datering: 1993.

Fotograf: Herleiv Alvheim.

Kunstnaren Johannes Vinjum

Vinjum var fødd i Aurland 1930. Den flotte og majestetiske naturen i heimbygda var ein sterk inspirasjon for den unge kunstnaren, som alt svært ung bestemte seg for å bli kunstnar. Lærarar og medstudentar på Statens Kunstakademi (1953-56) blinka han ut som eit talent utanom det vanlege. Vinjum meistra både måling og teikning på ein svært overtydande måte.
Bernard Rostad seier i ein omtale at "kritikkene var entydige: En følsom menneske- og naturskildrer." Han var busett i Oslo, men er gravlagd i Aurland. Johannes Vinjun døydde i 1991.

Utdanning og utstillingar

Han utdanna seg ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, Statens Kunstakademi og var stipendiat ved Accademia di Bella Arti i Firenze.
Vinjum stilte ut kunsten sin i fleire kollektivutstillingar, blant desse Nordisk Grafikkunions, Stockholm 1960, Ungdomsbiennalen i Paris 1963, Nordisk Kunstnerfobunds vandreutstilling 1973 og ein i Tyskland. Vinteren 1978 hadde han to separatutstillingar i Kunstnerforbundet og i Galleri K.

Galleri Vinjum

Galleri Vinjum vart offisielt opna 13. november 1993 i dei ledige lokala i det gamle Heradshuset på Aurlandsvangen. Mange tusen menneske, både frå inn- og utland, har sidan besøkt galleriet. Barndomsheimen til Johannes Vinjum ligg berre knapt fem minutts gange frå utstillingslokala.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Flor, Harald, Rostad, Bernhard og Hougen: Johannes Vinjum. Oslo 1990.
Informasjon frå familien til Johannes Vinjum.

PERMANENT IDENTIFIKATOR