Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 26. november 2018

Sist oppdatert 29. november 2018

Dampskipet «Hansteen» - i Sogn og Fjordane



Trondheim Sjøfartsmuseum tek vare på veteranskipet SDS «Hansteen», levert frå Nylands mek. Verksted våren 1867. Båten har ei lang historie, - som havforskningsfartøy, som «kongeskip», som rutebåt for to dampskipsselskap, som losjibåt og som veteranskip. «Hansteen» høyrer også heime i Sogn og Fjordane.

«Oploddingsdampskibet», SDS «Hansteen» oppankra på Tromsø hamn 1894. «Hansteen» vart avlevert frå Nyland mek. Verksted til Norges geografiske oppmåling (NGO) våren 1867, og var eit av dei fyrste jerndampskipa bygde i Norge. «Hansteen» var også rigga og utstyrt for seglføring.

«Oploddingsdampskibet», SDS «Hansteen» oppankra på Tromsø hamn 1894. «Hansteen» vart avlevert frå Nyland mek. Verksted til Norges geografiske oppmåling (NGO) våren 1867, og var eit av dei fyrste jerndampskipa bygde i Norge. «Hansteen» var også rigga og utstyrt for seglføring.

Datering: 1890-1897

Fotograf: Ukjent. I boka: Dahl, Chr. A: Norges sjøkartverks historie indtil 1914

«fuldt færdigt» 1867

To årstal går att på når «Hansteen» blei bygd; 1866 og 1867. I Wikipedia-stykke om skip bygde ved Nylands mekaniske verksted, står det at SDS (segldampskip) «Hansteen» blei «overlevert» 1866. Ei bok om «Hansteen» (2016) har begge årstala. Det rette er at skipet blei levert frå skipsverftet år 1867. Morgenbladet, Kristiania, har ei notis om nybygget 11. april 1867. Der står det m.a.: «Dampskibet bygges paa Nylands mekaniske Verksted, og skal i slutningen af denne Maaned være fuldt færdigt.» Diplomatisk kan det seiast at «Hansteen» blei bygd i åra 1866-1867.

Namnet

I same stykket står det noko om namnet. Etter «Forlydende» har Indredepartementet bestemt at skipet skal heita «Professor Hansteen». Det passar godt, meiner avisa, - førstkomande 20. mai har professor Hansteen vore direktør i «den geografiske Opmaaling» i 50 år.

Christopher Hansteen (1884-1873) var ein av Norges leiande vitskapsmenn på 1800-talet, fysikar og astronom, og professor ved Norges nye universitet frå 1816.

Av ein eller annan grunn blei «Professor Hansteen» etter kort tid avkorta til «Hansteen». Det opphavlege namnet førekjem i aviser dei tre-fire første åra. Til dømes går det fram av ei notis i Dagbladet, 8. desember 1870, at «Dampskib «Professor Hansteen» dette året skulle delta i oppsynet med det føreståande torskefisket. Det var fastsett i Kongeleg resolusjon 7.12.1870.

«Oploddingsskib» - havforskningsfartøy

Det nye dampskipet skulle brukast av Norges Geografiske Oppmåling (NGO, frå 1986 inn i Statens kartverk) til «Oplodning af Havbunden» og vart difor i fleire samanhengar nemnt som «Oploddingsdampskib/et». Oppgåva var å kartleggja den undersjøiske topografien langs norskekysten, for å kunna laga sjøkart – først og fremst til nytte for fiskerinæringa. Men folk på SDS «Hansteen» dreiv i rundt 30 år med meir enn berre mæling av havdjupner og anna hydrografisk arbeid. Det føregjekk havforskning i vid tyding. Det blei teke skrapeprøver frå havbotn, samla data om livet i havet og om vêr og vind. Universitetsstipendiat G.O. Sars, fødd i Florø, var til dømes sommaren 1872 med som zoolog for å driva «praktisk-videnskabelige Undersøgelser angaaende Saltvandsfiskeriene.» «Oploddingsskibet» SDS «Hansteen» var i røynda Norges første statseigde havforskningsfartøy.

«Kongeskip» 1872

18. juli 1872 var ein stor dag i Haugesund. Haraldstøtta blei avduka. Kongehuset var representert ved kronprins Oscar (frå 18.09.1872 kong Oscar II). Storhendinga i Haugesund var berre eitt av innslaga på «Arveprins» Oscar si Norgesreise dette året. På nokre strekningar reiste Kronprinsen og følgjet hans med SDS «Hansteen», «det til hans Dispotition stillede offentlige Dampskib.»

Innom Solund 1876

SDS «Hansteen» låg til vanleg i vinteropplag på Austlandet. På denne måten var NGO sitt tomastra «Oplodningsskib» mange gonger å sjå i leia på Sogn og Fjordane-kysten til og frå oppdrag nord i landet. Dessutan var opplodningsskipet på oppdrag i Sogn og Fjordane sommaren 1870 då det blei ordna med oppmålingar i Florø-distriktet, og sommaren 1875 då strekninga Hellisø-Stadt stod på programmet.

Elles kan som kuriositet nemnast eit datofesta besøk i fylket sommaren 1876. Søndag 11. juni låg tredampskipet «Vøringen» til ankers ved Husøy i Solund og gjorde klart for starten på Den norske Nordhavs-ekspedisjonen 1876-1878. I ekspedisjonsrapporten 1883 står notert: «Om ettermiddagen kom Oplodningsdampskibet «Hansteen» inn paa Havnen. Det afgik om Aftenen igjen for at fuldføre sin Oplodning her sydpaa.»

Skipa var ute i same ærend; havforskning. Møtet må ha vore ekstra spesielt for ein av mennene på «Vøringen», Georg Ossian Sars. Sommaren 1872 var han universistetsstipendiat om bord på «Hansteen», no professor om bord på «Vøringen».

Til Florø 

Etter perioden som oppmålingsskip (1867-1896) heldt «Hansteen» fram som rutebåt i lokalfart, først to år i Trondheimsfjorden, deretter rundt femti år på Helgelandskysten som DS «Haarek»; etter 1915 mykje påbygd og ombygd. Hausten 1950 låg «Haarek i opplag, og etter 8. november til salgs. Det passa godt for Florø pakkargruppe. Firmaet dreiv stort i mottak og omsetning av sild og hadde mange sesongarbeidarar. Dei var på utkikk etter ein farkost som kunne nyttast til å innlosjera folk. Pakkargruppa kjøpte den gamle rutebåten, og mannskap blei sendt nordover for å føra båten til Florø. Firda Folkeblad hadde oppslag om tiltaket 20.12:

«Florø Pakkargruppe har kjøpt d/s «Hårek» [rett skrivemåte: Haarek] av Sandnessjøen og skal nytta den til losjibåt i vinter. «Hårek» som tidlegare har gått i lokalrute på Helgelandskysten er ein passasjerbåt på om lag 100 fot. Den er nyleg teken ut av ruta og går ved eiga hjelp her til. Tre mann frå Florø, med Erling Hovden som førar var av stad og henta skipet. På førespurnad får vi opplyst at det er berre isemannskapa som skal ha losji ombord. Utan ny innreidingar er der plass til 52 mann. og det er ikkje tanken å laga plass til fleire i vinter (…). Dersom Pakkargruppa får løyve av Hamnestellet, er det meininga at «Hårek» skal liggja i moloen, der husbåten låg siste vinter.»

Losjiskip og husbåt

Erling Hovden og mannskapet hans førde DS «Haarek» for eiga maskin frå Sandnessjøen til Florø. Båten fekk plass på den indre hamna, og vart nokså snart omdøypt til «Ivar Elias», visstnok namn etter ein som var med og starta Florø Pakkargruppe. Etter sju år vart losjibåten bygd om til rein husbåt, ved at maskina vart teken ut og alt på dekk erstatta av eit «hus» frå baug til hekk. «Alt nytt og moderne», stod det i ei annonse i Firda Folkeblad, 25. november 1957. Tidlegare stod det å lesa i same avisa at båten skulle innreiast med matsal og kjøken, dusjar og tørkerom, m.m.

Til Oslo – og Trondheim

Det store sildeeventyret på Vestlandet midt på 1900-talet fekk ein brå slutt. Etter rekord-sesongen 1956 gjekk oppfiska kvantum kraftig ned dei neste åra. Dermed var tida også ute for den opprusta og moderniserte husbåten, - i Florø. Hausten 1961 selde Pakkargruppa båten til Oslo kommune, der «Ivar Elias», i regi av Oslo indremisjon, gav husly til heimlause menn i 17 år. Etterpå var det nære på at den no ikkje lenger tenlege husbåten «Ivar Elias» enda sine dagar som målskive i skyteøvingar hjå Marinen. «Også en måte å bli kvitt en 110 år gammel veteran på», skreiv Olaf. T. Engvik i eit stykke om «Hansteen». Men Engvik gjorde noko med det. Han kjøpte farkosten, som var det første steget på ein årelang prosess fram mot ferdig restaurert veteranskip, pr. 2018: SDS «Hansteen», i varetekt hjå Trondheim Sjøfartsmuseum.

kjelder:

Morgenbladet 11.04.1867


Strøm, Lene Serine og Sørgård, Inge: «Hansteen», Museumsforlaget, Museene i Sør_Trøndelag. 2016


Fjellheim, Bjørn: Samling utskrifter frå Firda Folkeblad, Fylkestidende og Firdaposten, Florø.


Rana Blad 06.08.1982


Dahl, Chr. A: Norges sjøkartverks historie indtil 1914. 1914


Engvik, Olaf T.: Game Dampen. Rutebåter på Trondheimsfjorden 1850-1875. 1977


Trondheim Sjøfartsmuseum


Kulturhistorisk leksikon: Den norske Nordhavs-ekspedisjonen i Sognefjorden 1876 – DS «Vøringen»