Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. august 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Katlenova - eit rasfarleg fjell



På nordsida av Katleneset - mot Sørefjorden - ligg fjellet Katlenova. Den 19. mars 1998 gjekk det eit stort ras som øydela naust og anlegg på nordsida av fjorden.

Katlenova sett vestetter frå RV 607 i botnen av Sørefjorden. På biletet kan det sjå ut som nova hallar litt utover. Raset gjekk eit stykke vestafor den brattaste hammaren.

Katlenova sett vestetter frå RV 607 i botnen av Sørefjorden. På biletet kan det sjå ut som nova hallar litt utover. Raset gjekk eit stykke vestafor den brattaste hammaren.

Eigar: Per Bygnes.

Datering: 1990.

Fotograf: Per Bygnes.

Katleneset og Katlenova

Katleneset ligg i austre enden av Åfjorden, mellom fjordbotnane Hyllestadfjorden og Søre-fjorden. På nordsida av Katleneset finn ein Katlenova, eit bratt berg, på det brattaste nær på loddbeint ned i fjorden. Det har vore spekulert på kva namnet Katle- kjem av. Grunneigar har opplyst at ute på neset er det ei stor jettegryte 2-3 m over sjømålet. Ho kan vera nær på 1 m i diameter. Høgre oppe i terrenget er det 2 mindre jettegryter. Den eine av desse må vera svært djup. Grunneigar har freista nå botnen med ein staur, men nådde ikkje ned. Truleg må gryta ha ei djupn på minst 2 m. I gamalnorsk heitte kjel "ketill". Genetivsforma var "katla". I den lokale dialekten vart a-en svekka til e. Det er ikkje utenkjeleg at stadnamna Katleneset og Katlenova skriv seg frå desse jettegrytene.

Norsk motortorpedobåt kamuflert under Katleneset

Ein liten bit av norsk historie frå siste verdskrig er knytta til neset og nova. Den 1. mai 1940 var jagaren "Troll" og motortorpedobåten "Snøgg" på veg frå Vadheim til Florø. På vegen stogga dei i enden av Åfjorden. "Troll" låg ved kaien på Hyllestad om dagen. "Snøgg" låg kamuflert under Katleneset ein del av dagen. Ein Hyllestad-mann snakka med mannskapet om bord medan dei låg der. Diverre er loggbøkene for desse to skipa frå denne tida gått tapt, elles hadde ein fått dette opphaldet skriftleg dokumentert. Nå må ein lita på den munnlege overleveringa etter den som hadde kontakt med "Snøgg"-mannskapet.

Gode fiskeplassar

Åfjorden har vore rekna for å vera ein fiskerik fjord. Oppunder Katleneset og Katlenova er det gode fiskeplassar. For gardane på båe sider av fjorden har fiske gitt god ekstrainntekt. Det ligg fleire naust og sjøhus langsetter strendene.

Raset frå Katlenova i 1998

Den 19. mars 1998 gjekk det eit stort ras frå Katlenova. Raset losna 150 m oppe i Katlenova, mellom Alteret og Illebotnen. Norges Geotekniske Institutt (NGI) har berekna omfanget til 20-30.000 m3. Flodbølga sopte inn over land på nordsida av fjorden. I Leirpollen og på Hatlem, gjorde flodbølga stor skade. Fleire naust og sjøhus vart skada eller skola på fjorden. Garn og notbruk for same vegen. Småbåtar, ein molo og mindre anlegg elles fekk store skader. I slutten av 1998 vart det registrert nokre mindre ras, utan at skader vart registrerte.

På oppdrag frå Hyllestad kommune har NGI arbeidt fram "Vurdering av skredfare og bølgehøgder i Åfjorden" for Lifjellet og Katlenova. Vurderinga frå oktober 1999 byggjer på eit verst tenkeleg skred på 57.000 m3 for Katlenova. Vestafor rasstaden er det sett opp målepunkt for registrering av eventuell sprekkutviding.

Katlenova er eit markert landemerke i Sørefjorden. Raset våren 1998 var ei påminning om at ei spanande landskapsform også kan vera fårleg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda, 21.3.98. Førde.
NGI: Vurdering av skredfare og bølgehøyder i Åfjorden. 22.10.1999. Oslo.
Opplysningar frå:
Knut Lien, Hyllestad, 1999-2001.
Håkon Giil, Hyllestad, 2001.
Kjell-Ragnar Berge, Førde, 2001.
Marius Thomassen, 2001.
Erling Varlid, teknsik sjef i Hyllestad, 2001.
Brev frå Forsvarsmuseet, Marinemuseet, datert 02.03.2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR